Kritiserer strategien til Forskingsrådet: <br>– Vektlegg nyttevitskap som Noreg kan tene pengar på
LUKK

Kritiserer strategien til Forskingsrådet:
– Vektlegg nyttevitskap som Noreg kan tene pengar på

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 20. mai 2020 kl. 11:29

Noreg tek etter EU og set sterkare trykk på innovasjon i forskingspolitikken. Det er radikalt at forskarar først og fremst skal støtte næringsutvikling, meiner UiB-forskar.

Innovasjon og verdiskaping er meir vektlagde i forskingspolitikken enn nokon gong. I førre utgåve av Forskerforum hevda direktørane i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg at utforminga av EUs neste rammeprogram Horisont Europa, som mellom anna omfattar eit eige innovasjonsråd, synleggjer ambisjonen om å skape teknologi og bedrifter i Europa. Mange tok det som eit teikn at den nye kommissæren for innovasjon og forsking, Mariya Gabriel, i første omgang ikkje hadde ordet «forsking» i tittelen sin. Det kom først inn etter protestar.

Utviklinga forsterkar trenden frå Horisont 2020 då innovasjon og konkurransekraft for første gong vart inkludert i rammeprogrammet for forsking. Dei same signala gjer seg gjeldande i norske forskingspolitiske dokument.

– Det er nytten som tel

– Eg tykkjer dette er radikalt, og noko vi snakkar mykje om i fagmiljøa eg vankar i, som antropologi, historie og arkeologi, seier professor i antropologi ved Universitetet i Bergen (UiB), Knut Rio.

Knut Rio. Foto: UiB

Saman med kollegaene Nils Anfinset og Knut Andreas Bergsvik skreiv han for litt sidan ein kronikk i Khrono der dei uttrykte uro for utviklinga, basert på ein gjennomgang av den nye strategien til Forskingsrådet.

– Det er vanskeleg for forskarane i miljøa våre å sjå korleis dei kan få gehør for forskinga si i dette systemet. I den nye strategien blir det veldig tydeleg at det som er vektlagt, er nyttevitskap som Noreg kan tene pengar på, saman med vitskap for offentleg styring. Då får mange forskarar ein ny kvardag. Til no har signala vore at dersom du publiserer i renommerte tidsskrift, driv du med god forsking. Men no ser det ut til å vere nytten som tel.

Der det brukte å vere institusjonane og forskingsmiljøa sjølve som sette premissane for kva som er god forsking, ser det no ut til at Forskingsrådet og Kunnskapsdepartementet har teke over definisjonsmakta, meiner Rio.

– Og den dreiinga har skjedd heilt utan prinsipiell debatt. Eg vil meine at Forskingsrådet med denne strategien har fjerna seg heilt frå grunnforsking. Det er veldig rart å ha eit forskingsråd som ikkje støttar grunnforsking, men berre det som brukte å bli kalla randsoneverksemd.

Les også: – Horisont Europa er skreddersydd for Norge

Vil sikre grunnforsking

Prorektor ved UiB, Margareth Hagen, seier det ikkje er tvil om at utviklinga er driven av EU.

– Sterkare fokus på innovasjon og kapitalisering på forskingsinvesteringar har vore ein trend i EU lenge og er nok kome for å bli. Innovasjon er sjølvsagt bra, men forsking og innovasjon er ulike greiner og treng ulike insentivmodellar. For universiteta er den frie, forskardrivne forskinga vårt viktigaste samfunnsoppdrag, saman med undervising. Satsing på innovasjon må ikkje vere til kostnad for den frie grunnforskinga, seier Hagen.

Difor er det viktig å følgje med på både Forskingsrådet og EU framover, meiner ho. Det er noko av bakgrunnen for at UiB tok initiativ til kampanjen «Friends of the ERC», eit internasjonalt opprop for å skjerme det europeiske forskingsrådet ERC mot budsjettkutt. Brexit og koronapandemien er to faktorar som medverkar til uvisse kring EUs neste langtidsbudsjett, med konsekvensane det får for Horisont Europa og ERC.

– Samstundes har også vi på UiB forsterka innovasjonssatsinga vår, i tråd med at oppdraget vårt er utvida til å omfatte innovasjon. I den samanhengen er det veldig viktig at innovasjonsomgrepet etter kvart er blitt utvida frå å handle om produsere dingsar, til også å gjelde slikt som tenesteinnovasjon. Å utvide tolkinga av innovasjonsomgrepet er noko vi ved universiteta har arbeidd med i mange år, slik at vi kan bli i stand til å jobbe med innovasjon innanfor alle fagområde, og slik at forskarane ikkje skal kjenne seg heilt framandgjorde i møte med innovasjonsretorikken, seier Hagen.

Les også: Nybø om Horisont Europa: – Dette blir dyrt

Nytt syn på innovasjon

At innovasjon har fått ei breiare tyding stadfestar Dagfinn D. Dybvig ved NTNU. Han er innovasjonsleiar ved Det humanistiske fakultet og har til oppgåve å utløyse meir av innovasjonspotensialet frå forskinga ved fakultetet.

– Mottoet til NTNU er jo «Kunnskap for ei betre verd», og NTNU har også slutta seg til FNs berekraftsmål. Mi forståing er at innovasjonssatsinga er eit ledd i denne overordna strategien, seier han.

Der tenkinga om innovasjon tidlegare handla om å kople forskarar til teknologioverføringskontora ved universiteta for å generere patent og lisensar, så handlar det no også om å arbeide saman med andre aktørar om å løyse overordna samfunnsproblem, meiner Dybvig.

– Innovasjonssatsinga ved NTNU ser eg som eit uttrykk for norsk forskingspolitikk, som igjen er ei avspegling av at EU fokuserer stadig meir på innovasjon. Humaniora og samfunnsvitskap har ikkje kjent seg spesielt heime i det gamle innovasjonsomgrepet. Det er grunnen til at vi no prøver å lage eit nytt innovasjonsøkosystem som inkluderer tenesteinnovasjon og innovasjon i offentleg sektor. Eg vil seie at merksemda på samfunnsproblem, kultur og miljø no er gjennomgripande i innovasjonsdebatten.

Les også: Konsulenter tar 20 prosent for hjelp til å søke forskningsstøtte

Ikkje bra for karrieren

Innovasjonsleiar-programmet er nytt, og mykje av tida til Dybvig har gått til å gjere funksjonen kjend i fagmiljøa, særleg i dei miljøa med aktivitetar som tilseier at dei allereie er opptekne av innovasjon.

– Det stemmer ikkje at humanioraforskarar ikkje er interesserte i innovasjon, men dei som er det, har ikkje hatt noko system som støttar dei. Når forståinga av innovasjon no har endra seg sterkt dei siste få åra, så tenkjer eg at NTNU har vore ute i rett tid med å lage system som kan fange opp dette stemningsskiftet.

Det har til dømes gjort det mogleg for språk-, kultur- og pedagogikkmiljøa å samarbeide om eit dataspel til bruk i integrering av unge flyktningar og asylsøkarar. I samarbeid med Dybvig har fagmiljøa fått pengar til å gjere spelet klart for marknaden, med von om at det på sikt kan bli til hjelp mot integrasjonsutfordringar i Europa.

Derimot har forskarar altfor lite å tene på å drive med innovasjonsarbeid, meiner han.

– Det er ikkje meritterande, det har vi innovasjonsleiarar ofte peikt på. Samstundes vil forskarar gjerne ut i samfunnet med forskinga si, så eg ser overraskande mykje motivasjon trass i manglande merittering. Det at det finst finansieringsordningar, blir teke godt imot. Eg ser også at dei som er interesserte i innovasjon, ofte er folk som er lågt meritterte i forskingssystemet.

Berekraft som skalkeskjul

Forskingsrådets direktør John-Arne Røttingen har i fleire intervju sagt at det må vere rom i systemet for folk med ulike motivasjoƒnar, frå grunnleggjande ny kunnskap til samfunnsnytte. 

– Enkeltforskarar står fritt til å orientere seg mot grunnforsking eller innovasjon som dei vil, men som institusjon kan ikkje vi oversjå det at både EU og Forskingsrådet blir vridd i retning av innovasjon. Innovasjon gjev oss opne dører mot samfunnet, og det er bra. Men ein må passe på at det ikkje riv bort grunnlaget for den frie grunnforskinga og utdanninga, som er hovudoppdraget vårt, seier Margareth Hagen.

Knut Rio er samd i at samfunnsutfordringar og berekraft har fått ein stor plass i ordskiftet kring innovasjon, også i Forskingsrådets nye strategi. Samstundes fryktar han at dette meir er eit uttrykk for dobbeltkommunikasjon i forskings- og innovasjonspolitikken.

– Berekraftsmåla er strålande, men eg meiner at dei blir brukt som eit skalkeskjul for ein strategi som først og fremst skal støtte norsk næringsutvikling, seier han.

Les også: