Kva alternativ har vi til det tradisjonelle publiseringssystemet?

Kva alternativ har vi til det tradisjonelle publiseringssystemet?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 2. mars 2021

Leiar: Kor mykje har vi oppnådd når det offentlege må betale store summar i publiseringsavgifter til forlaga?

«Tidsskriftene er en slags igle som sitter på publiseringsstrukturen i et merkelig symbioseforhold. De koster penger å lese, det koster arbeid som fagfellevurderer, men samtidig er man avhengig av fagfellevurderings-stempelet.» Det seier professor i fysikk Are Raklev. Han er ein av hovudpersonane i ein stor artikkel om kva alternativ som finst til publisering i vitskaplege tidsskrift. Eitt av dei er den opne databasen Arxiv. Meir om dette seinare.

I det ideelle forskingssystemet er finansieringa på plass. Forskaren er omgjeven av innsiktsfulle fagfellar med overskot til raus kommentering av arbeidet. Forskinga er kvalitetssikra, forskingsmetodane gjennomsiktige og resultata fritt tilgjengelege. Korleis oppfylle alt dette på ein gong?

Annonse
Are Raklev. Foto: Fartein Rudjord

Plan S er eit iherdig forsøk på å sikre at resultata av offentleg finansiert forsking vert fritt tilgjengelege. Frå i år må forskingsprosjekt som har fått støtte frå Forskingsrådet eller EU publisere ope. Tidsskriftforlag som Springer går gradvis over til ny forretningsmodell. I staden for å selje abonnement, tek dei seg betalt for publisering. Norske forskingsinstitusjonar inngår avtalar og betalar kollektivt for at forskarar skal få publisere. Men ordningane er ikkje berre vasstette eller velsmurde.

Problem 1: Flytting av bomstasjonen.

Kor mykje har vi oppnådd når det offentlege må betale store summar i publiseringsavgifter til forlaga? For eit par år sidan intervjua Forskerforum Heather Joseph frå USA. Ho er dagleg leiar i SPARC, som arbeider for open tilgang til forskingsresultat. Joseph oppsummerte eitt av open tilgang-problema slik: «Ideen om at ein no må betale for å få vere med og leike, gjer meg sterkt uroa for at alt vi eigentleg oppnår, er å flytte bomstasjonen frå sluttpunktet til startpunktet.»

Problem 2: For små kvotar.

I fjor haust kom det fram at til dømes Universitetet i Bergen hadde brukt opp kvotane for open publisering hjå tidsskriftforlag som Springer. Dersom ein forskar då skulle sikre at artikkelen som kom mot slutten av året vart fritt tilgjengeleg, måtte vedkommande skaffe midlar til å betale forlaget ekstra for dette.

Problem 3: Kor skal ein velje å publisere?

Plan S-regimet dreg i retning av nye publiseringskanalar, som tidsskrift med open tilgang og opne institusjonsarkiv. Korleis skal ein finne fram i jungelen av alternativ som ikkje møysommeleg har bygd seg opp ein seriøs aura? No kan forskarane trenge hjelp for å finne fram i jungelen. I førre nummer av Forskerforum uttalte Jan Erik Frantsvåg ved universitetsbiblioteket i Tromsø seg slik om bibliotekas rolle som rådgjevarar: «Sjølv om dei ofte kan rå frå tidsskrift som ikkje er Plan S-kompatible, kan dei ikkje nødvendigvis tilrå tidsskrift. Til det trengst fagleg spisskompetanse.»

Problem 4: Merittering.

Kva du har publisert og ikkje minst kor du har gjort det, har vore sjølve valutaen for klatrande forskarar. Norske forskingsinstitusjonar har signert Dora-erklæringa, som uttrykkjer at det er kvaliteten på forskinga, ikkje kanalen, som skal telje. Tradisjonen og teljekantsystemet dreg i motsett retning: Ærverdige tidsskrift på nivå 2 er best!

Problem 5: Fagfellevurdering er gratisarbeid.

Å vurdere arbeida til andre er eit kjerneprinsipp i det internasjonale forskarsamfunnet. Det er ein dugnad, men at det finst dugnadsgrense for overarbeidde forskarar, må under pandemien ha vorte meir openbert enn nokon gong.

Kva alternativ har vi til det tradisjonelle publiseringssystemet, som no altså er i ei viss drift grunna Plan S? No skal vi endeleg tilbake til fysikarane. Dei har ein sterk tradisjon for å dele førebelse artikkelversjonar med kvarandre og drive uformell fagfellevurdering. Dei har bygd opp den store, opne basen Arxiv, eller Arkivet som professor Are Raklev kallar det. Han seier at Arkivet er alt han treng: «Det er ingenting seriøst fra mitt fagfelt som ikke dukker opp der. Vi har hele infrastrukturen, vi trenger ikke tidsskriftene i fysikk.» Før eller seinare hamnar dei fleste manuskripta frå Arxiv i tidsskrift òg.

Vi skal ikkje gløyme at alle publiseringssystem treng finansiering. Fagfellevurdering – både dei formelle i tidsskrifta, og uformelle innspel, som i dømet Arxiv – skapar verdiar, og eg talar ikkje for at meir av den skal vere dugnadsbasert. Den sterke deltakinga frå brukarane som Raklev fortel om er det like fullt lett å sympatisere med. Eg trur eg vil kalle det ein ånd av ueigennyttig entusiasme. Finst det eit framtidig forskingssystem som òg tek vare på slike kvalitetar?

Les også: