Kva skjer når historikarane går av?
LUKK

Kva skjer når historikarane går av?

Av Johanne Landsverk

Publisert 14. juni 2021 kl. 15:18

– Arkivverket har ingen strategi for å sikre kunnskapsoverføring, meiner historikar Hilde Sandvik. – Ein urimeleg påstand, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Svært mange av historikarane og arkivarane i publikumsavdelinga i Arkivverket har gått av med pensjon dei siste åra, og dei blir ikkje erstatta. I tidsrommet 2017–2020 vart talet på tilsette i avdelinga redusert frå 156 til 118, ein reduksjon på 38 i løpet av tre år, ifølgje årsrapportane til Arkivverket. Berre i løpet av dette året og fjoråret er det 25 tilsette som har gått av eller kjem til å gå av med pensjon.

Fakta
Arkivverket består av:
- Riksarkivet
- statsarkiva i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Oslo, Hamar, Trondheim og Tromsø
- Norsk helsearkiv på Tynset
- Samisk arkiv i Kautokeino

Historikar Hilde Sandvik er bekymra:

– Mange av dei som har slutta, er folk med stor historiekunnskap. Men Arkivverket har ingen strategi for å sikre kunnskapsoverføring og ingen plan for å forvalte kunnskapen dei tilsette sit på. Dette vil føre til eit stort tap for alle historieinteresserte og for heile Noreg, seier Sandvik, som er professor ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho er også leiar i Kjeldeskriftkommisjonen, som er eit rådgjevande organ for Arkivverket. Kommisjonen skal blant anna gje råd ved utgjeving av vitskaplege kjeldeproduksjonar.

– Må sikre språkkunnskapen

Sandvik seier den aller viktigaste oppgåva for Arkivverket er å ta vare på kjeldene, men også å sikre at det finst folk med kjennskap til materialet.

– Vi som jobbar ved universitet og høgskular, skal kunne sende bachelor- og masterstudentane våre i arkivet for å få gode råd og hjelp til å finne fram.

Ho er også bekymra for at språkmektige arbeidarar ikkje blir erstatta.

– Arkivverket må sikre at dei har nok folk som kan lese mellomalderlatin og norrønt. Blant anna gjev Arkivverket ut ein serie av nokre av dei eldste dokumenta i Noreg, Diplomatarium Norvegicum, som har kome ut sidan tidleg på 1800-talet. Denne prosessen må få fortsette, men også dette manglar Arkivverket ein strategi for, seier Sandvik.

– Ein urimeleg påstand

Riksarkivar Inga Bolstad reagerer på utsegna om at Arkivverket manglar ein strategi for kunnskapsoverføring:

– Eg meiner dette er ein urimeleg påstand. Vi er veldig bevisste på kor sårbart det er når personale med spesielt viktig kompetanse sluttar. Vi har blant anna eit prosjekt der dei som skal gå av med pensjon, prøver å overføre kunnskapen dei har om arkivet, til andre, seier Bolstad.

Inga Bolstad. Foto: Arkivverket

Ho seier Arkivverket også jobbar med å setje saman IT-folk og arkivarar i tverrfaglege team.

– På denne måten prøver vi å sikre kompetanseoverføring til fleire.

– Kva gjer Arkivverket for å sikre språkkompetanse, som mellomalderlatin og norrønt?

– Arkivverket har eit særskilt ansvar for å gje ut kjelder innanfor norsk språk og historie. Vi har eit eige team som er svært kompetent i blant anna latin og norrønt, og desse fagpersonane nærmar seg slett ikkje pensjonsalderen, seier ho.

Bolstad seier Arkivverket er bevisst på å ha folk som kan forstå og formidle dei eldste kjeldene i arkiva.

– Vi prøver også å få til eit samarbeid med universiteta. Miljøet for mellomalderlatin og norrønt er veldig lite i Noreg.

– Nedgradering av kompetanse

Ifølgje hovudtillitsvald i Arkivverket Jo Rune Ugulen Kristiansen er nedbemanninga av publikumsavdelinga ei styrt utvikling.

– Dei aller fleste av historikarane og arkivfoka som sit på stor fagkunnskap om arkiva, jobbar i publikumsavdelinga. Difor vil ei styrt nedbemanning på nærare 40 stillingar i avdelinga også vere ei styrt nedgradering av fagkompetansen. Mykje av denne kompetansen er erfaringsbasert, og ikkje noko ein berre kan lese seg til, seier han.

– Men Bolstad viser til eit prosjekt der dei som skal gå av med pensjon, prøver å overføre kunnskapen til andre?

– Det er bra at Arkivverket prøver å få dokumentert kompetansen. Det er snakk om at tilsette skal skrive ned opplysningar om bestanden i ein katalog, som andre skal kunne slå opp i. Men mykje av fagkompetansen let seg ikkje så lett overføre ved å skrive ned nokre stikkord, meiner han.

Sårbart i Tromsø

Ikkje minst merkar statsarkivet i Tromsø at talet på tilsette har gått ned. I 2016 hadde dei ni tilsette, og i 2020 var talet redusert til fem. Harald Lindbach, som er fungerande statsarkivar i Tromsø, er bekymra.

– Vi skal betene store område som er styrte av særlovgjeving. Blant anna har eigedomslova vore annleis enn i resten av landet. Dessutan manglar svært mykje arkivmateriale, fordi store delar av Troms og Finnmark vart brente ned av tyskarane under krigen, seier Lindbach. I tillegg til Troms og Finnmark skal Tromsø også betene Svalbard.

Lindbach meiner arkivarane i Tromsø har særskild krevjande oppgåver.

– I omstillinga i Arkivverket har det vore mykje bra, men ein må gjere noko med bemanning og fagleg oppdatering. Situasjonen er svært sårbar. Og det at så mange har slutta, har ført til eit stort kunnskapstap, seier Lindbach.

På grunn av bemanningssituasjonen er lesesalen i Tromsø open berre 1,5 dag i veka.

– Vi har stort arbeidspress. Då blir det ikkje tid til å jobbe mot publikum som vi gjorde før. Vi håpar og trur at vi får fleire stillingar til Tromsø. For det er heilt nødvendig, seier han.

– Må automatisere mest mogleg

Men Bolstad kan ikkje love fleire folk til Tromsø.

– Det kan eg ikkje seie noko om. Bemanninga i Tromsø har gått gradvis ned over tid. Dette heng også saman med den nye organisasjonsstrukturen i Arkivverket, der oppgåvene er knytte til avdelingar og ikkje geografi. Medarbeidarane kan sitje ein annan stad i landet og svare på spørsmål om arkivet i Tromsø, seier ho.

Bolstad seier informasjonsmengda i samfunnet blir tidobla kvart sjuande år.

– Dette må vi ta inn over oss, og då kan vi ikkje lenger nytte oss av manuelle metodar for å betene publikum. Vi må automatisere mest mogleg. I heile publikumsavdelinga er det i alt berre 40 personar som driv med tradisjonell brukarrettleiing. Digitalisering av arkiva er ei kjempestor oppgåve som gjer at vi må endre kva vi bruker ressursar på, seier ho.

Les også: