Publisert 12. juni 2023 kl. 11:51
Då Høgskulen på Vestlandet (HVL) vedtok ny handlingsplan for berekraftig utvikling denne våren, var eitt av tiltaka at HVL skal nytte innkjøpsmakta si til å fremje berekraft.
– Klimarekneskapen vår viste at den største utsleppskjelda vår er indirekte utslepp ved innkjøp av varer og tenester, seier klima- og berekraftkoordinator ved HVL, Siri Smith.
Ho fortel at dei ikkje har kome så langt i dette arbeidet, men at potensialet er stort. Til dømes gjekk HVL og Universitetet i Bergen saman om å be leverandøren av kontormateriell som dei begge har rammeavtale med, om å leggje dei mest berekraftige produkta øvst på lista i dei digitale produktkatalogane sine.
– Då blir dei produkta det første ein ser når ein skal gå inn og bestille. Vi har også ein plan om å utarbeide sentrale retningsliner for innkjøp, slik at alle tilsette veit kva dei skal gjere, seier ho.
I 2030 skal Noreg ha redusert klimagassutsleppa med minst 55 prosent samanlikna med 1990-nivået. Stortinget har gjort det klart at det offentlege skal føre an og bruke marknadsmakt til å bidra til meir klimavenlege løysingar. Men då Riksrevisjonen for eit par år sidan undersøkte om dette faktisk skjer, fann dei at det offentlege ikkje nyttar potensialet godt nok.
Truleg er situasjonen litt betre i dag, mellom anna fordi nye krav om nullutslepp frå offentlege innkjøp av visse typar køyretøy i mellomtida har tredd i kraft.
– Men vi peika på at mange oppdragsgjevarar manglar oversikt over innkjøpa sine og kvar det er relevant å stille krav om berekraft, seier ekspedisjonssjef Aleksander Åsheim i Riksrevisjonen.
Ei av dei viktigaste hindringane Riksrevisjonen peika på, var kunnskapsnivået i forvaltinga.
– Vi gav skryt til Direktoratet for forvalting og økonomistyring for rettleiinga dei gjev om innkjøp. Det er utarbeidd eit omfattande materiale, men det må bli meir brukarvenleg og gjerast meir kjent, seier Åsheim.
Universitetet i Oslo (UiO) har i strategien sin slått fast at dei skal føre an i miljøarbeidet og vere ein rollemodell for andre institusjonar. Med det som utgangspunkt har UiO utarbeidd ein eigen strategi for innkjøp, som mellom anna seier at UiO skal auke sin eigen kompetanse innan samfunnsansvar.
Seniorrådgjevar ved innkjøpsseksjonen, Asle A. Orseth, fortel at UiO no arbeider med ein ny rammeavtale for berekraftig catering. Møte- og overtidsmat er ein stor post for UiO, og eit område der ein kan påverke.
– Vi har gjort eit førebuande arbeid med UiO-forskarar om forskingsbaserte krav til berekraft. I tillegg til planetens tolegrenser og alt som har med miljø å gjere, tek vi inn sosial berekraft og helse, seier han.
– Vi prøver å ha ei heilskapleg tilnærming, til forskjell frå berre å bestemme at ein skal servere vegetarmat, til dømes. Vi legg ingen føringar for kva som skal stå på menyen.
Leverandørane må forplikte seg til å unngå eller redusere negativ påverknad på naturmangfald, klimagassutslepp og ei rekkje andre miljøparametrar. Arbeidsgruppa har også hatt marknadsdialogar med mange aktørar i bransjen.
– Det er vanskeleg å ta ansvar for absolutt alle produsentar av alle produkt, men vi ønskjer oss leverandørar som har kontroll på produktet heile vegen frå jord til bord, og dei blir målte på kor gjennomsiktig verdikjeda er, seier Orseth.
– Det som har overraska meg, er at eg aldri har vore med på å få så mange gode tilbakemeldingar frå leverandørar, og vi har heller aldri fått så mange gode tilbod.
I berekraftsstrategiane skil institusjonane gjerne mellom kjerneverksemd og drift. Den nye, grøne handlingsplanen til HVL seier til dømes at HVL skal vere ein samfunnsaktør som medverkar til berekraftig regional utvikling, men dette skal skje gjennom fagformidling og utdanning av kandidatar.
– Kunne ikkje HVL bidra vel så mykje til berekraftig regional utvikling gjennom innkjøpspolitikken sin, ved å stimulere til berekraftig næringsliv i regionen?
– Det er noko vi kan vurdere. I nokre tilfelle finst det gode lokale leverandørar vi kunne ha brukt, men så er vi fanga av rammeavtalane vi har skrive under. Då må vi be om unnatak. Vi har ikkje utfordra unnataksreglane enno, men det kunne vi ha gjort, seier Smith.