Likestilling og diskriminering i akademia: Dei nyanserte motbakkane
LUKK

LEIAR:

Likestilling og diskriminering i akademia: Dei nyanserte motbakkane

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 8. mars 2020 kl. 07:00

Nokre motbakkar er felles. Andre er brattare for kvinner.

Forskerforum har dei siste månadene skrive ei rekke saker om kjønnsubalansen i akademia. Vi og mange av dei faste meinarane og aktørane snur på sett og vis bunken, men heldigvis veks nye poeng og perspektiv fram. Nupi-forskaren Minda Holm starta ein debatt med eit langt og detaljert essay om å vere kvinne i akademia. Holm tok for seg både individ- og systemnivået, og hadde mellom anna samla opp eigne døme på mikrodiskriminering. Milde oversjåingar eller forbigåingar av kvinner kan i sum vekse seg store. – Hvis alle kvinnelige stipendiater hadde skrevet hver sin kronikk, så hadde man sett at dette ikke bare er anekdoter, men en del av en struktur, sa sosiologen Sanna Sarromaa i ein artikkel der vi oppsummerte debatten. Og der, blant strukturane, har vi og fleire debattantar leita i ettertid. Eg kjem til det seinare.

Så godt som halvparten av alle tilsette i vitskaplege stillingar er kvinner.

Men eit nytt faktagrunnlag veks òg fram, og fyrst vil eg klusse til debatten med kjølege tal. Eg lenar meg på ein gjennomgang Forskerforbundet har gjort av statistikk frå Database for høgre utdanning, og startar med oppsummeringa: «Vi kan derfor konkludere med at samlet sett og på et overordnet nivå viser tallene full likestilling innen undervisnings- og forskerstillinger.» Kvifor kan ein hevde dette? Blant anna fordi så godt som halvparten av alle tilsette i vitskaplege stillingar er kvinner. Kvinner er i fleirtal i rekrutterings- og fyrstestillingar. Leiarsjiktet har fått kvinneovervekt. Dette er klårast blant mellomleiarane, men kategorien av toppleiarar – rektorar, direktørar og dekanar – har òg eit lite kvinnefleirtal.

Så er det sjølve urproblemstillinga når det gjeld kjønnsubalanse i akademia: Korleis få fleire kvinner til å verte professorar? No kjem det seg, med ein kvinneandel som aukar med om lag 1,5 prosentpoeng i året. 32 prosent av professorane i UH-sektoren er kvinner (professor 2 ikkje medrekna). Oslomet har som det fyrste universitetet kvinneovervekt, snaue 52 prosent. Eg vert nesten freista til å markere det med eit utropsteikn.

Mindre omtalt og kjempa mot er ubalansen i andre stillingsgrupper i akademia. I førre nummer skreiv vi om den høge og aukande kvinneandelen blant lektorane. No tek vi for oss dei administrative stillingane, som har ein høg og stabil kvinnedominans. Dette er to store kategoriar der kvinner som ein gong var på veg mot den akademiske toppen kan hamne. Eit lite steg ned eller til sida i staden for opp, vips så er du lektor eller konsulent.

I tråd med klassisk medieoppbygging av ei sak, har vi då funne case, ein kvinneleg universitetslektor (sist) og ein kvinneleg seniorrådgjevar. Dersom dei hadde oppført og ytra seg like klassisk som utgangspunktet vårt, hadde dei vore meir misnøgde og tilsidesette. Å kom igjen, ver noko bitter, då. Men nei, temmeleg nøgde båe to. «Jeg synes interaksjon med studentene er morsomst», sa lektor Solveig Steien. «Det å gå over til en fast stilling på den andre siden av pulten i UH ga meg en helt annen trygghet», seier seniorrådgjevar Unn Målfrid H. Rolandsen. Då fekk det heller våge seg at ho «gikk inn i statistikken over trygghetssøkende kvinner».

Det er så nyansert at det er til å grine av.

Eg lova at eg skulle vende tilbake til strukturane, så no har de vel venta. Eg vil framheve ein akademisk diskusjon på sitt beste, nemleg med ein ettertenksam og justeringsvillig debattstil. To par av innleggsforfattarar med meir innsikt enn meg sjølv har fordjupa seg i noko som eg enkelt formulerer slik: Ligg kjernen i den akademiske kjønnsubalansen – og dermed treffsikre tiltak mot ubalansen – i akademia generelt eller i spesielle fag? At universiteta som skil seg ut med ein klår realfagsprofil, NMBU og NTNU, har ein mykje lågare kvinneprosent på professornivå enn snittet, gjev eit lite hint om at fag har noko å seie. Men kor mykje? Øystein Gullvåg Holter og Knut Liestøl påpeikar at det ikkje berre er i mannsdominerte realfag kvinner rykker seinare oppover. Ifølgje Vivian Anette Lagesen og Knut H. Sørensen tyder mykje på at kvinner ved mange akademiske institusjonar møter brattere motbakker enn menn: «Vi finner imidlertid i vår forskning at det også er en god del kvinner som ikke forteller om slike opplevelser.»

Det er så nyansert at det er til å grine av. Kampen for likestilling i akademia må gå vidare, og eit forbetra kunnskaps- og innsiktsgrunnlag er det beste verktøyet. Ha god 8. mars!

Les også: