Motivert for norsk?
LUKK
Annonse
Annonse

Leiar:

Motivert for norsk?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 27. februar 2023 kl. 12:35

Dei tyngste strukturelle kreftene dreg oss mot engelsk fagspråk. Må omlegging til norsk gjere vondt?

Kjetil A. Brottveit er redaktør i Forskerforum.

Å skrive på norsk er lite karrierefremmande. Det er for lite tid til å skrive på norsk. Skriving på engelsk vert oppmuntra. Det er mangel på norsk terminologi.

Dette er hovudfunna i ein rapport om bruken av norsk fagspråk og terminologi ved universitet og statlege høgskular. Språksamlingane ved Universitetet i Bergen og Språkrådet står bak undersøkinga.

De finn meir om saka på Forskerforum.no, men her er nokre av funna: Engelsken står sterkast i harde fag, vitskaplege publiseringar og doktoravhandlingar, medan norsken heldt best stand i mjukare fag, i tekstar som ikkje har ein så stram vitskapleg slipsknute – og i undervising. 90 prosent har skrive minst ein vitskapleg artikkel på engelsk dei siste to åra, medan 35 prosent har gjort det same på norsk. Heile 71 prosent oppfattar det som karrierefremmande på eigen arbeidsplass å skrive engelske fagtekstar.

Viljen til å skrive fleire vitskaplege tekstar på norsk er temmeleg stor, men hindringane er mange. Mange viser til mangelen på relevante publiseringskanalar på norsk. Vidare meiner ein stor del at kunnskapen ikkje når like breitt ut på norsk. Folk etterlyser meir tid samt oppmuntringar frå leiarar og eigen institusjon. Ein del treng betre kjennskap til norsk fagterminologi. Då må dei presise og vedtekne orda ein treng òg finnast på norsk, noko som ikkje alltid er tilfelle.

Den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet er ikkje preglaus. Eitt av prega er at dei er av opptekne språk. Regjeringspartia skreiv i Hurdalsplattforma at dei vil løfte fram norsk språk i høgare utdanning og forsking. Det er lett å tenkje at statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel no er hovudpersonen i språksaka, tidlegare leiar i Noregs Mållag som han er. Då undersøkinga vart presentert, sa Hoel at «eit av dei mest alvorlege domenetapa vi ser for norsk språk er innanfor sektoren vår». Domenetap tyder at eit språk mistar taket på eit heilt samfunnsfelt. Hoel varslar no ein «konkret, handlingsretta plan» for å styrke norsk fagspråk. Tunge instansar skal delta: Språkrådet, Forskingsrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Nasjonalbiblioteket og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.

Språkdirektør Åse Wetås kommenterte undersøkinga med at det over tid er etablert mange drivarar for engelsk. For korleis driv vi politikk for forsking og høgare utdanning her i landet? Jo, ved insentiv. Skal folk publisere meir forsking, må det gje poeng. Og kjem undervisinga i bakleksa i høve til forskinga, må ho ha fleire lokkemiddel. Dette våpenkapplaupet av indikatorarar og premiar har mange dysfunksjonar. Ein av dei er at arbeidskvardagen til vitskapleg tilsette ikkje strekker til. To regjeringsoppnemnde utval den siste tida har møtt denne realiteten med ulike og kvar for seg godt grunngjevne logikkar: Hatlen-utvalet, som har vurdert finansieringa av forsking og høgare utdanning, ville ha færre indikatorar som skal teljast. Kierulf-utvalet som tok for seg akademisk ytringsfridom, kom òg på inn på temaet formidling. Korleis kan ein få fagfolk til å formidle meir til breiare lag? Jo, innanfor dagens regime: med indikatorar. Ein må få utteljing for å skrive kronikkar.

Kva verkemiddel for styrking av norsk fagspråk som vil passe, kjem derfor an på kva grep styresmaktene tek om resten av indikatorjungelen. Ei ytring frå språkdirektør Wetås under presentasjonen rommar – kanskje ufriviljug – mykje spenning: «No må sektoren skape drivarar for norsk og finne den indre motivasjonen.» Dersom ein skapar «drivarar», kan det påverke åtferda til folk, som å få dei til å skrive ein artikkel på norsk i staden for på engelsk. Men har forskarane dermed funne ein «indre motivasjon»? De har kanskje lagt merke til at eg ikkje har stilt spørsmål ved om det er eit gode å dyrke norsk fagspråk. Det er verdt å hugse at mange fagfolk ikkje ser seg eller faget sitt tente med å ta opp konkurransen med engelsk. Det er legitimt det òg.

No får det vere nok avbalansert prat. Ein som har kommentert saka vår om språkundersøkinga på Facebook, går rett inn i dei harde realitetane som styresmaktene må ta stilling til: «Virkemidlene må inn i de tunge prosessene: 1) Ansettelser 2) Opprykk 3) Finansiering.» Sagt på ein annan måte: Er norsk fagspråk viktig nok til at manglande bruk av det diskvalifiserer deg frå å verte professor?

Køyr debatt!