No er Plan S her. Dette må du sette deg inn i.
LUKK

No er Plan S her. Dette må du sette deg inn i.

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 8. februar 2021 kl. 15:23

Sjekk kontrakten med Forskingsrådet, kva tidsskrift du kan publisere i og kven som skal betale

– Slik eg har forstått det, er det no berre opne tidsskrift som er aktuelle å publisere i, og kva tidsskrift som er opne, er enkelt å finne ut. Men eg må visst sjekke nøyare kvar pengane til publiseringsavgiftene skal kome frå, seier Elin Darelius, førsteamanuensis i oseanografi ved Universitetet i Bergen.

Ho og kollegaene har ikkje fått noka rettleiing om kva konsekvensar Plan S eventuelt får for det daglege arbeidet deira. Men éin viktig lærdom har ho allereie tileigna seg: Ein bør ikkje publisere i desember.

– Vi publiserte ein artikkel seint i 2020, og då fekk vi beskjed frå universitetet om at kvoten for open publisering, som låg i avtalen med forlaget, var brukt opp, og at vi måtte betale for publiseringa sjølve. Det hadde vi jo ikkje sett av midlar til. Eg trudde at publiseringsavgiftene skal liggje på institusjonen, gjennom publiseringsavtalane, men det kan eg visst ikkje lite på.

– Må vite kva ein held på med

Alle artiklar frå prosjekt finansierte av dei organisasjonane som er med i koalisjonen bak Plan S – som til dømes EU og det norske Forskingsrådet – skal no gjerast ope tilgjengelege frå publiseringstidspunktet. Hovudkrava i Plan S har vore kjente lenge og gjeld komande utlysingar.

– Som forskar må ein rett og slett vite kva ein held på med, seier Jan Erik Frantsvåg, rådgjevar for open tilgang ved UiT Noregs arktiske universitet.

Han underslår ikkje at det for mange kan vere ein stor jobb å sette seg inn i kontraktar med dei som finansierer forskinga. Slike kontraktar kan vere svært omfattande og språkleg utilgjengelege.

– Prinsipielt er det forskaren som søker om pengane og må kjenne vilkåra. Men i praksis må ein ha eit kompetansesenter ein plass. Ofte vil det vere biblioteket. Men bibliotekarane har ikkje tilgang til dei spesifikke avtalane forskarane har inngått. Og sjølv om dei ofte kan rå frå tidsskrift som ikkje er Plan S-kompatible, kan dei ikkje nødvendigvis tilrå tidsskrift. Til det trengst fagleg spisskompetanse, seier han.

Finansiell risiko

– Elles er mykje uvisst om følgjene av Plan S. Det vil bli mykje læring framover, både for forfattarar og kanskje også finansiørane. No må vi finne ut kva alle desse krava vi har bestemt oss for, eigentleg medfører, seier Frantsvåg. Han meiner dei fulle konsekvensane fyrst kjem til å bli synlege over tid, men trekkjer fram at dei som finansierer forskinga, no kan straffe forskarar som ikkje oppfyller kontrakten, ved å dra inn delar av prosjektbudsjettet.

– Så den finansielle risikoen ved å ignorere krava til open publisering, blir større, seier han.

Mykje av uvissa kring Plan S er knytt til korleis tidsskriftforlaga vil tilpasse seg planen.

Lars Wenaas er seniorrådgjevar ved Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking).

– Noreg har inngått fleire såkalla transformative avtalar med dei store forlaga. Avtalane dekkjer svært mange tidsskrift og gjeld i alle fall forskarar ved dei største institusjonane våre. Publiserer ein innanfor ein slik avtale, er ein per i dag Plan S-kompatibel, seier Wenaas.

Må passe på

Men det er usikkert kva som skjer når desse avtalane går ut. Poenget med dei er nettopp at dei skal vere transformative, altså leie til eit nytt publiseringsregime der opne tidsskrift er norma, og ifølgje Plan S vil dagens transformative avtalar ikkje lenger vere tilstrekkelege etter 2024.

– Difor trur eg at noko av det viktigaste å følgje med på, er om desse avtalane vil fungere etter planen eller ikkje. Det veit vi førebels lite om. Det som er sikkert, er at ein må passe på. Det blir ikkje business as usual framover, seier Wenaas.

Publiseringsavgifter har vore ei kjelde til uro kring Plan S. Dei gjeldande avtalane inneheld kvotar for kor mange artiklar forskarane ved institusjonane som er omfatta, kan publisere ope i løpet av eit år. I fjor vart altså fleire av desse kvotane overskridne lenge før årsskiftet, slik Darelius ved UiB opplevde. Mange institusjonar har publiseringsfond der forskarar kan søkje om å få dekt publiseringsavgifta dersom ho ikkje allereie er dekt på andre måtar, men fonda var meinte å vere ei mellombels stimuleringsordning. Nyleg kom det fram at publiseringsfondet ved NTNU har fått så mange søknader at det ikkje finst midlar å dele ut i 2021. Det er høgst usikkert korleis institusjonane sine utgifter til litteratur vil utvikle seg i det nye publiseringslandskapet.

Les også: