– Økonomane er ikkje fienden
LUKK

Holbergprisen 2023:

– Økonomane er ikkje fienden

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 29. juni 2023 kl. 09:52

Mykje av kritikken holbergprisvinnar Joan Martinez-Alier rettar mot økonomifaget, kunne like gjerne ha kome frå andre økonomar, meiner Kalle Moene.

Tidleg i juni vart Holbergprisen utdelt for 20. gong, i år til den katalanske økologiske økonomen Joan Martinez-Alier. Då Forskerforum intervjua Martinez-Alier i høve prisutdelinga, kritiserte han den nyklassiske økonomien som dominerer samfunnsøkonomiutdanningane. Han gav uttrykk for at økonomifaget ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til spørsmål om miljø og rettferd, og at sjølv når det skjer, så er det i form av prissettingsmekanismar og marknader. Då kan ein kome i skade for å ekskludere viktige miljøomsyn, meinte Martinez-Alier.

– Noreg ligg etter

Tor A Benjaminsen
Professor, Noragric
– Økologisk økonomi og politisk økologi er blitt populære mellom studentar og akademikarar som ser at dei passar med ny tenking rundt klima- og miljøspørsmål, seier Tor A. Benjaminsen. Foto: NMBU

Tor A. Benjaminsen, professor i miljø- og utviklingsstudiar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), trur pristildelinga kan springe ut av ein ny måte å tenke om miljø, økonomi og politikk som førebels ikkje har fått mykje gjennomslag i Noreg.

– Omstilling til eit lågkarbonsamfunn – det som i Noreg blir kalla det grøne skiftet – høyrest gjerne enkelt ut, som om vi berre kan byte ut litt teknologi og så er det løyst. Men i andre land diskuterer ein om ein må endre heile samfunnet, seier han.

– Martinez-Alier har representert slik tenking sidan 80-åra, der han kombinerer miljøvern med fokus på rettferd og kritiserer ein del tradisjonelt miljøvernarbeid som har gløymt rettferdsaspektet. Noreg har ikkje heilt følgt med i timen på dette.

Martinez-Alier skreiv den første læreboka i økologisk økonomi i 1987, same år som Brundtland-kommisjonen etablerte omgrepet «berekraftig utvikling». Økologisk økonomi er ein av to viktige alternative akademiske retningar innan miljøstudie, som har vakse fram dei siste tiåra, ifølgje Benjaminsen.

– Den andre retninga er den eg sjølv har arbeidd innanfor, som blir kalla politisk økologi. Det er miljøspørsmål studert gjennom maktforhold: Kven set dagsorden, kva slags interesser styrer politikken, seier han.

Benjaminsen les pristildelinga dels som ei stor oppmuntring til han sjølv og kollegaer som arbeider innanfor desse felta, men også som eit spark til tradisjonelle miljøstudie som ikkje tek spørsmål om makt og rettferd med i reknestykket.

– Både økologisk økonomi og politisk økologi er blitt populære mellom studentar og akademikarar som ser at dei passar med ny tenking rundt klima- og miljøspørsmål. Med det passar jo ikke politikarar og makthavarar, nettopp fordi ein stiller spørsmål ved bruk av makt og ved tradisjonell økonomisk politikk.

Unødvendig fiendskap

Holbergprisvinnaren avslutta noregsbesøket i juni med eit seminar i Oslo, i lag med forskarar frå NMBU og Cicero senter for klimaforsking. Der var professor Kalle Moene frå Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo invitert til å kommentere prisvinnarens innlegg.

– Eg trur du kan finne langt fleire vener mellom nyklassiske økonomar enn du trur, sa Moene til Martinez-Alier.

Moene drog fram at fleire av økonomifagets opphavsmenn var opptekne av rettferdsspørsmål, og var kritiske til slikt som privat eigedomsrett til landjord og til «uproduktive» inntekter.

Til Forskerforum utdjupar han:

– Eg har vanskeleg for å forstå kvifor Martinez-Alier vil gjere fiendar av folk som eigentleg vil det same som han sjølv, berre fordi dei snakkar på ein annan måte eller kjem frå ein annan fagtradisjon. Det er jo ikke økonomar som er dei store destruktive kreftene i verda, det er heller slikt som store multinasjonale selskap, ulikskap og klimaendringar.

Faggrensene forsvinn

Den fleirfaglege tilnærminga til økonomi som Martinez-Alier etterlyser, har allereie lenge funne stad, hevdar Moene.

– Dei faglege grensene mellom til dømes statsvitskap og økonomi er i ferd med å forsvinne, vi kan fint publisere i kvarandre sine tidsskrift. Vi lærer av kvarandre å forstå korleis økonomi og politikk blir til, og korleis fenomen kan forklarast. Eg trur ikkje nødvendigvis ein person utanfrå ville greie å sjå skilnaden på ein analyse laga av ein økonom eller ein statsvitar, seier han.

– Men dette skjer nedanfrå og ikkje ved vedtak om tverrfaglegheit ovanfrå. Derimot tykkjer eg ikkje Martinez-Aliers innlegg på seminaret i Oslo var noko godt døme på at ein kan lære av kvarandre. Dei tinga han kritiserer ved nyklassisk økonomi, er ting som mange økonomar også er kritiske til. Eg trur kanskje kritikken hans blir for generell. Når du kritiserer alle, kritiserer du eigentleg ingen. Kritikk er berre nyttig i den grad det kan opne for nye innsikter.

Økonomi er politikk

Gunnar Eskeland. Foto: NHH

Gunnar S. Eskeland, professor i miljø- og ressursøkonomi ved Noregs handelshøgskole, meiner det finst interessante diskusjonar om i kva grad økonomifaget ignorerer eller ikkje forstår slikt som miljøgrenser og økologi.

– For meg er det nokså opplagt at naturvitarar må opplyse oss økonomar om til dømes klimaproblemet. Bygger vi på det, så har vi økonomar det som skal til for å studere forholdet mellom menneske og klima, både normativt og deskriptivt. Flinke økonomar har befolka dette terrenget ei stund, problemet er at vi er betre på delar av det enn på heilskapen, seier han.

Det er likevel ikkje det same som å hevde at økonomien berre forstår seg på miljøspørsmål dersom dei kan uttrykkast i form av prisar og marknader, hevdar han.

– Eg startar gjerne mine økonomiførelesingar med Robinson på ei aude øy. Der oppstår slikt som sesongbasert oppbygging av Robinsons feittlager, sparing i form av dyrking, grisehald og frukttre. Robinson kan gjerne oppdage olje som ein knapp ressurs, og så kan han oppdage klimaendringar og forstå at han ikkje kan bruke all oljen likevel. Kanskje oppdagar han ei anna øy som han kan handle med, rane eller gifte seg til. Vi som likar slikt, kan godt meine at det ligg noko som liknar på prisar og ein marknadsøkonomi ein stad bak skydekket, eit slags spegelbilete som reflekterer knappheit, naud, eller verdi. Men Robinson treng ikkje tenkje i dei termane, illustrerer han.

Økonomifaget handlar om menneskesamfunnet og om korleis det opererer innanfor, flyttar eller ignorerer grenser, peikar Eskeland på. Politikk er dermed ein naturleg del av faget.

– Eg ser at Martinez-Alier har jobba mykje med miljørettferd og motvekst, men for oss økonomar er det sjeldan at det kjem veldig interessante bidrag om dette. Få av oss trur at fattigdom har mykje med rettferd å gjere. Utvikling i fattige land handlar mykje om politikk, og den samanhengen jobbar vi økonomar mykje med. Det landar sjeldan på imperialismekritikk og oftare på at knuten ligg i politikk og institusjonar, seier han.

Å setje pris på naturen

– Verdsetjing av natur gjev politikarar eit betre grunnlag for avgjerder, seier Erlend Dancke Sandorf. Foto: NMBU

Men når økonomar først set seg ned for å rekne på miljøomsyn, korleis gjer dei det? Ein av dei som studerer nettopp dei miljøøkonomiske metodane Martinez-Alier kritiserer, er førsteamanuensis Erlend Dancke Sandorf ved NMBU. Han vart nyleg tildelt institusjonens eigen forskingspris for arbeidet sitt med å forbetre metodane økonomar brukar til å verdsetje økosystemtenester.

– Vi menneske gjer avvegingar heile tida, til dømes når vi handlar på butikken eller veljer om vi skal ta bilen eller reise kollektivt til jobb, seier Sandorf.

– Men natur kan ikkje kjøpast på butikken, og der ligg utfordringa ved å verdsetje det.

Han fortel at økonomar hovudsakeleg nyttar to framgangsmåtar for å finne ut korleis menneske verdset natur. Den eine går ut på å observere kva for val folk gjer.

– Tenk deg at familien dreg på tur til stranda. Kva kjenneteiknar stranda de vel? Er det sand eller svaberg, er det avskjerma eller folksamt, er det kiosk der? Og kva kjenneteiknar dei andre stadene de ikkje reiste til? Det fortel oss noko om preferansar.

Denne metoden er vanskeleg å bruke når det er snakk om verdsetjing av økosystemtenester som naturens rolle i å lagre karbon eller gje oss reint vatn eller vern mot flaum.

– Dersom vi ser for oss at styresmaktene kan velje mellom ulike tiltak for naturvern, så må ein gjere avvegingar. Vernar ein eit område, kan ein ikkje bruke området til andre ting. Verdien av den tapte økonomiske aktiviten gjev oss ein implisitt verdi på området. Samstundes kan det har stor verdi for deg og meg at dette naturområdet eksisterer og er verna, sjølv om vi aldri reiser dit. Slike verdiar er også reelle, sjølv om vi ikkje kan omsetje dei i ein marknad.

For å kome nærare desse «eksistensverdiane», ber økonomar folk om å velje mellom ulike alternativ for vern, mellom ulike område med kvar sine kjenneteikn, som storleik, naturmangfald og moglegheit for rekreasjon eller for økonomisk aktivitet.

– Samstundes vil det vere kostander knytt til å forvalte verneområdet. Dermed får vi ei avveging mellom nytte og kostnad, seier Sandorf.

Betre grunnlag for avgjerder

Slike metodar blir kritiserte av økologiske økonomar som Martinez-Alier for å sjå vekk frå at menneske ikkje berre tek avgjerder ut frå nyttemaksimering, men at det kan vere mange andre faktorar i spel når vi bestemmer oss for noko. Metodane tek dessutan ikkje omsyn til at natur har verdi i seg sjølv, og ikkje berre for menneske, hevdar kritikarane. Og det er ein relevant kritikk, meiner Sandorf.

– Men det viktige slik eg ser det, er at slike avvegingar mellom til dømes bevaring eller utbygging av natur, vil bli gjort anten vi verdset naturen eller ikkje. Politikarane kjem til å ta slike avgjerder, og vala dei tek, vil setje ein implisitt verdi på den naturen som går tapt. Det vi kan gjere med desse metodane, er å sette ein pris den positive verdien av bevarte økosystem. Vi seier ikkje dermed at det erstattar naturens ibuande verdi, men vi prøver å synleggjere den. Så dersom vi greier å forbetre desse metodane, vil vi gje politikarane eit betre grunnlag å ta avgjerder på, framfor å la naturverdien i analysane vere null, seier han.

  • Les meir: