Oxford-engelsk på vikande front
LUKK

Oxford-engelsk på vikande front

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. desember 2013 kl. 09:21

Det er ikkje lenger noko fortrinn for akademikarar å ha engelsk som morsmål, hevdar forskarar.

oxford-engelsk-p--vikande-front


– Internasjonale studentar har ikkje tid til å lære seg morsmålsengelsk, og forstår heller ikkje kvifor dei skal gjere det, seier Jennifer Jenkins.

oxford-engelsk-p--vikande-front


Forskerforum tek i ein serie artiklar opp språksituasjonen i forsking og høgare utdanning. (Faksimile av nr. 8/2013)

Fakta
<

Engelsk blir stadig viktigare som arbeids- og undervisingsspråk i høgare utdanning og forsking. Men det er ikkje lenger eit mål for brukarane å snakke engelsk som ein innfødd, hevdar språkforskarar Forskerforum har vore i kontakt med.

– Eg høyrer av og til akademikarar be om orsaking for engelsken sin når dei held presentasjonar, men elles er dei ikkje spesielt opptekne av «korrekt» engelsk språkbruk, og dei korrigerer ikkje kvarandre, seier professor Anna Mauranen ved Universitetet i Helsinki.

Ho leier prosjektet «English as a Lingua Franca in Academic Settings» (ELFA). Ei innsamling av munnleg engelsk i akademiske samanhengar er avslutta, og no er forskarane i gang med å samle skriftleg materiale, både vitskaplege artiklar, eksamensvurderingar og forskarbloggar. Mauranen meiner vi vil sjå store endringar i den vitskaplege retorikken som følgje av at det store fleirtalet av dei som kommuniserer på engelsk, ikkje har det som førstespråk.

Vitskapsspråk i endring

– Kina er no på andreplass i å publisere vitskaplege tekstar på engelsk. USA er på topp, men fleirtalet av forskarane der har ikkje engelsk som morsmål. Denne utviklinga vil endre på forventingane til akademiske tekstar, trur ho.

Det kjem til uttrykk både i eit ønske om å skrive enkelt og eksplisitt, og i korleis ein strukturerer teksten. Ho har ikkje inntrykk av at akademikarar lenger legg nokon særskilt prestisje i å snakke og skrive idiomatisk engelsk.

– Materialet vårt viser noko eg tykkjer er interessant, nemleg at fagleg prestisje har større autoritet enn språkleg perfeksjon. Etablerte akademikarar korrigerer gjerne språket til studentane sine, men dei korrigerer utifrå kva som er den internasjonalt aksepterte måten å uttrykkje noko på. Dei spør ikkje studentane som har engelsk som morsmål, til råds om språk. Når studentar arbeider i grupper, spør dei internasjonale studentane morsmålsbrukarane om råd. Men på førelesingar er det førelesaren som tek ansvar for språket, same kvar vedkomande kjem frå.

Frå «feil» til normalt

Dei siste ti åra har studiet av engelsk som lingua franca (ofte kalla ELF) skote fart. Forskinga møtte motstand i byrjinga, fordi ELF vart oppfatta som «feil» engelsk, og det måtte vel vere betre å bruker ressursane på å studere korrekt morsmålsengelsk?

– I starten handla fagfeltet mest om korleis menneske frå ulike bakgrunnar lærer engelsk, og kva feil dei oftast gjorde. Dette har endra seg. No kan ein ikkje lenger bruke morsmålsengelsk som norm, seier Mauranen.

– Faktum er at morsmålsbrukarane av engelsk ikkje lenger eig språket sitt, og det trur eg ikkje har gått opp for dei enno, seier professor og leiar for Centre for Global Englishes ved University of Southampton, Jennifer Jenkins.

Eit vanleg estimat er at 80 prosent av dei som kommuniserer på engelsk, ikkje har det som morsmål, og dermed er det det internasjonale samfunnet som driv språkutviklinga.

Akademia driv språkutvikling

– Høgare utdanning og forsking er den arenaen der ELF er mest brukt, med næringslivet tett bak. Bruken av ELF aukar spesielt sterkt i Asia, der ein no arbeider med å tiltrekkje seg internasjonale studentar ved å tilby undervising på engelsk, seier Jenkins.

Ho trur det er dei engelsktalande landa som kjem til å kome tapande ut av utviklinga.

– I tillegg til visumreglane og dei høge avgiftene på utdanning her i Storbritannia, har eg inntrykk av at dei internasjonale studentane har byrja å kjenne seg meir heime med å snakke engelsk utanfor Storbritannia. Der vil dei ikkje heile tida måtte samanlikne seg med morsmålsbrukarar. Eg trur det kan føre til at Storbritannia vil tape i konkurransen om studentane, seier ho.

Ho meiner utviklinga lyt få konsekvensar for språkopplæringa ved universiteta. Istadenfor at internasjonale studentar skal få kurs i morsmålsengelsk, slik dei no gjer, bør kursa ta utgangspunkt i den engelsken som faktisk blir praktisert, og lære folk å tilpasse seg og forstå ulike aksentar.

Funksjon over form

Engelsk er det første verkeleg globale språket, og endringane i språkbruken går raskt.

– No må vi definere engelsk gjennom funksjonaliteten det har, ikkje gjennom forma, hevdar lingvistikkprofessor Barbara Seidlhofer ved Universität Wien.

For ti års tid sidan tok ho initiativ til å bygge opp det første korpuset av ELF slik det blir snakka. Den gongen var folk usikre på om framlegget var radikalt eller berre bortkasta. Kvifor forske på internasjonalt engelsk når det uansett var mormålsengelsk eller amerikansk som var gullstandarden?

– Eg tykte det var påfallande at medan engelsk var i ferd med å bli eit globalt språk, så forska lingvistikarane framleis på frasar og ord frå morsmålsbrukarar. For alle andre språk er det framleis slik at når ein lærer det, er målet å liggje så nært morsmålsbrukarane som råd, men det er ikkje lenger nødvendigvis slik når det gjeld engelsk, seier Seidlhofer.

Tilpassar seg lyttaren

Gjennom korpusprosjektet i Wien, og liknande prosjekt, har forskarane byrja kartleggje ulike kjenneteikn ved ELF. Det viktigaste er at brukarane er opptekne av å gjere seg forstått. Dei kuttar ut vanskelege ord og idiomatiske uttrykk, dei tek opp att, og dei reformulerer det dei vil ha fram. Nokre trekk skil seg ut på tvers av kulturell og språkleg bakgrunn hjå brukarane. Det er vanleg å forenkle verbbøyingar (I like, she like), å bruke which og who om einannan, og det er vanleg å kutte ut artiklane a og the, eller å leggje dei til der dei ikkje høyrer heime. Ofte lagar folk fleirtalsformer av ord som eigentleg ikkje har det (advices, informations), og nokre slike former har funne vegen tilbake til morsmålsbrukarane. Det er også vanleg å ordleggje seg ekstra eksplisitt (ved å leggje inn ekstra peikeord, som i these countries, they are…, eller ekstra presiseringar, som i blue colour istadenfor berre blue), slik at det ikkje skal vere rom for misforståingar.

– Det er absolutt ikkje slik at alt er lov. Det handlar om å finne dei orda alle har felles, og som gjer at du blir forstått, seier Jennifer Jenkins. Ho meiner undervising i engelsk bør gå bort frå det uoppnåelege idealet om perfekt morsmålsuttale, sidan det uansett ikkje er målet for dei alle fleste som nyttar engelsk som kommunikasjonsmiddel.

Isolert med morsmål

– Internasjonale brukarar verkar å vere svært flinke til å tilpasse seg situasjonen. Morsmålsbrukarar er svært lite flinke til det. Istadenfor å lære internasjonale studentar standard engelsk, burde vi lære dei britiske studentane å unngå idiomatiske uttrykk. Dei internasjonale studentane eg har snakka med her i England, fortel meg at mytane om at internasjonale studentar klumpar seg saman med landsmenn, ikkje stemmer. Det er dei britiske studentane som blir isolerte. Dei internasjonale kommuniserer med kvarandre på tvers av nasjonalitet og fagfelt.

Jenkins ser heller ikkje nokon grunn til at morsmålsengelsk skal vere norma i skriftlege arbeid.

– Kvifor skulle det vere det? Det er ingenting ved morsmålsengelsk som gjer det betre enn andre former. Målet bør vere at skriftlege arbeid skal vere forståelege for internasjonale lesarar, seier ho.