Sprenger akkorden
LUKK

Sprenger akkorden

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 30. oktober 2019 kl. 10:12

LEIAR: Skal vi snakke om internasjonalisering? Då kan vi òg snakke om eit globalisert publiseringspress som slår ut i Noreg.

Denne saka i Forskerforum handlar om at utanlandske forskarar, nokre av dei jobbar svært mykje, kan utfordre norsk arbeidskultur. Eg startar med atterhalda: Statistikken over kva forskarar i Noreg som står bak flest publiseringspoeng i perioden 2015 til 2018, har eit svært stort innslag av utlendingar, men seier sjølvsagt ikkje heile sanninga om kven som arbeider mest. Vidare er det opplagt store variasjonar i kor mykje arbeidstid både norske og utanlandske forskarar legg ned.

Forskerforum har snakka med fleire av dei hyppig publiserande utanlandske forskarane, som i nokså sterk grad knyter eigne forskningsprestasjonar til skilnader i arbeidskultur mellom land. Den italienske NTNU-professoren Filippo Berto toppar lista over forskarar som publiserer mykje. Han har tidlegare sagt til Forskerforum: «Generelt tror jeg arbeidsmiljøet er ganske avslappet i Norge. I land som Tyskland og Italia jobber folk ti-tolv timer om dagen, og kanskje mer. Her er det ingen som krever at du jobber mer enn syv timer om dagen. Det er ikke nok hvis du vil bygge deg opp en CV.» Sigrid Blömeke, tysk professor ved Universitetet i Oslo var inne på det same: «I Tyskland er det vanlig å jobbe mye overtid. Hvis du jobber 20 timer ekstra hver uke, har du 20 timer mer å bruke på å publisere. Noen ganger er det så enkelt. I Norge har jeg blitt vant til å jobbe litt mindre. Og det er bra, faktisk. Det er sunt.» Blömeke fortalde at ho i periodar har jobba i 60-70 timer i veka for å få til å publisere.

I saka Utfordrer norsk arbeidskultur gjev fleire utanlandske forskarar uttrykk for liknande røynsler og observasjonar. Ricardo Colomo-Palacios frå Spania er professor ved Høgskolen i Østfold. Han karakteriserer det norske samfunnet som mykje mindre konkurranseprega enn det spanske, som han omtalar slik: «Om du skal komme noen vei og få en posisjon, må du jobbe mye. I universitets- høyskolesektoren er det svært strenge krav til publisering, ikke bare når det gjelder kvantitet, men også når det gjelder kvalitet.» NMBU-professoren Vincent Eijsink frå Nederland, som har halde til på Ås i nærare 30 år, er òg intervjua. Ifølge Eijsink er det latterleg å seie at det norske arbeidslivet er tøft. «I den siste perioden har jeg for første gang måttet si til folk i gruppa at de faktisk må jobbe hardere», fortel han.

Akademia i Noreg får eit stadig større innslag av utlendingar. Fleirtalet av dei kvalifiserte søkjarane til professorstillingari Noreg søkjer frå andre land. Doktorgradsstatistikken frå NIFU viser at 42 prosent av dei som tok doktorgrad i Noreg i fjor var utanlandske statsborgarar, og heile 67 prosent innanfor fagområdet teknologi. Internasjonaliseringa er ein rikdom, og vi skal vere glade for all kunnskapen vi får til landet. Men dersom vi legg desse tala til grunn, og dersom vi – berre delvis er meir enn nok – les skildringane over som uttrykk for situasjonen i forskinga i Noreg, reiser det òg ein del problemstillingar.

Det reiser spørsmål om arbeidstid: Kristin Dæhli, tillitsvald for Forskerforbundet ved NTNU, sier at andre oppgåver enn forsking i ei ordinær stilling, som å delta i komitear og utføre administrative oppgåver, gjerne vert utførde av norske arbeidstakarar. «Samtidig forventes det at norske arbeidstakere skal adoptere arbeidsvanene til de utenlandske medarbeiderne. Det er klart at dette gjør noe med arbeidslivskulturen», seier ho. På linene skal ikkje folk jobbe for mykje. Mellom linene er det annleis. Det er knapt mogeleg å oppdrive ein toppforskar som toler at Arbeidstilsynet kjem på besøk for å telje timar. Det vert slått fast i alle tidsbrukundersøkingar frå akadmeia at forskarar jobbar meir enn dei har betalt for. Ifølgje ei NIFU-undersøking som vart offentleggjord i fjor, låg professorane høgast med eit snitt på 48,8 timar i veka.

Det reiser spørsmål om publiseringspress: Publiseringspoeng til sides – kor mykje har forskinga og samfunnet att for eit stadig høgare publiseringstempo?

Det reiser spørsmål om løn. Ei norsk stipendiatløn er lite attraktiv for mange nordmenn, men til å drøyme om for mange utlendingar.

Det reiser spørsmål om eit ordna arbeidsliv, eit felt der fagforeiningane spelar ei stor rolle. Organisasjongraden i Noreg har tradisjonelt vore høg, men i 2016 vippa prosenten under 50. I akademikaryrke er prosenten framleis godt over 80, men det er ingen grunn til å tru at fleire forskarar frå utlandet driv prosenten oppover.

Sjå der. No har eg skrive ein del om eit tema mange vil meine det er farleg å ta opp. Derfor tykkjer eg at Forskerforum skal gjere det. Køyr debatt og ha framleis god haust.