Leiar: Til slutt vart forskinga kjend
LUKK

Leiar: Til slutt vart forskinga kjend

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 30. januar 2024 kl. 13:22

Ingen bryr seg om oss. Forskerforum, Forskerforbundet og forskarane sjølve finn saman i klagesongen. Men no er vi vel nøgde.

Forskerforum har ei viss trykketid, så eg skreiv leiaren til dette bladet i midten av januar. Då eg var ferdig ein fredag ettermiddag, var eg ganske nøgd. Eg hadde uredd kritisert Senterpartiet for store blindsoner i møtet med kunnskapssektoren. Det gjaldt at regjeringa i vår kjem med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane: Korleis skal vi sikre at vi har nok ingeniørar, lærarar og sjukepleiarar i åra som kjem?

Utgangspunktet var ein tale Sandra Borch heldt på kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet 16. januar. På dette årvisse møtet med toppane i forsking og høgare utdanning la ho fram ei uro for at vi ikkje utdannar nok folk i profesjonsfaga. Ved å formane universitet og høgskular om å ta «ansvar» under ein vag «tillit» frå regjeringa, kunne vi få til dette. Eg etterlyste større tiltak enn små flyttingar av pengar på statsbudsjettet og oppretting av studiestader i distrikta.

Eg tykte eg nådde visse humoristiske høgder då eg raljerte med kommunikasjonsfolka i Kunnskapsdepartementet og korleis dei ifølgje Borch hadde oppmoda henne om å bruke ein sportsmetafor i talen. Ho valde den kjende meisterligafinalen i 2005 då Liverpool låg under 3-0 mot Milan og likevel vann. Dette skulle tene som inspirasjon for universitet og høgskular som under press frå Borchs tillit, og med små ressursar, har stadig større oppgåver å løyse.

Om lag dette skreiv eg. Eg vonar eg no ikkje har plagiert meg sjølv.

Seinare same fredag som leiaren vart til, kom det varsel om at Sandra Borch kalla inn til pressekonferanse. Då eg skriv dette, er det to dagar sidan ho trekte seg. Det er éin dag sidan det vart kjent at helseminister Ingvild Kjerkol òg har skrive ei masteroppgåve med tekstbolkar som hermar etter andre oppgåver.

Å skrive masteroppgåve er mest av alt å øve seg på å forske. Dermed var det metodar og etikk i forsking som fekk brei merksemd. Jussprofessorane rista på hovudet over plagieringa og formidla om forskingsetikk til avislesarar og tv-sjåarar over heile landet. Folk fekk vaksenopplæring og vidareutdanning og kompetanseheving akkurat som Kunnskapsdepartementet og dei vekslande ministrane ynskjer seg. Folk lærte at i akademiske tekstar kan ein sitere, men ikkje kopiere. Tekstane skal ha fotnotar og ikkje unotar.

Har forståinga for kva verdiar forskinga står for no kome betre fram? Aukar respekten for denne profesjonen? Dersom eg skal leite etter ljospunkt, er vona at forskinga i det lange løpet kan tene på denne runden om å vere etterretteleg.

Desse dagane vart rollene snudd på hovudet. Studentane og yngre folk vart dei vaksne i romet. Dei framstod rolege, prinsipielle og ikkje retthaveriske. TV2 intervjua opphavspersonen til ei av oppgåvene Borch hadde henta formuleringar frå. Stavanger-advokat Ida Riisdal Sjøthun (som på TV2 fekk tittelen «plagiert») tykte Borchs feil vart ekstra alvorleg sidan oppgåva var i nettopp rettsvitskap. Ho meinte at evna til kritisk tenking, å vere nysgjerrig, å tenkje nytt er viktige eigenskapar. Dersom ein – som Borch – til ei viss grad repeterer dei gamle tankane til andre, er dette det motsette, ytra Riisdal Sjøthun.

Reglane er små og formalistiske, men rekkjevidda er stor. Eg sluttar meg til å bruke ordet ‘rettferd’

Kristoffer Rytterager er BI-studenten som fyrst oppdaga plagiat i masteroppgåva til Borch. Han sa til NRK: «Jeg opplever selv hvor viktig det er med korrekt kildehenvisning og hvor nøyaktig det kreves at man er.» Ifølgje NRK meinte han det var essensielt med gode reglar for plagiat og fusk for å oppretthalde akademisk integritet og rettferd. For eigen del legg eg til: Reglane er små og formalistiske, men rekkjevidda er stor. Eg sluttar meg til å bruke ordet rettferd.

Når de les dette, har vi alle truleg fått ein ny statsråd. Kven kunne det verte? Ifølgje Nettavisen sa Jonas Gahr Støre dette om krava til den nye ministeren: «Det er kunnskap om feltet, forståelse for politikken på området forskning og høyere utdanning, og evnen til å ta tak i de store oppgavene vi jobber med der.» Greitt, gode Jonas. «Kunnskap om feltet»? Etter forsøka med Ola Borten Moe og Sandra Borch nøyer eg meg med å seie at kriteria ser ut til å vere i stadig utvikling.

Og leiaren eg måtte kaste? I studietida lærte eg om verdien av bootlegs – uutgitte versjonar av musikk, til dømes eit forkasta studioopptak, som kunne versere i grå jurdiske soner rundt om i verda. Eg trur vi får vere hakket meir tilgjengelege og leggje han ut på Forskerforum.no. Lat oss kalle det forum leaks.

  • Les også: