No skjerpar vi oss, går aldri aleine og utdannar fleire lærarar og sjukepleiarar
LUKK

Leiar:

No skjerpar vi oss, går aldri aleine og utdannar fleire lærarar og sjukepleiarar

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 26. januar 2024 kl. 15:08

«Gjer som Liverpool», var det ein gong ein forskingsminister som sa.

Fredag 19. januar skreiv eg denne leiaren til neste papirutgåve av Forskerforum. Då kvelden kom og Sandra Borch trekte seg, måtte eg skrive ein ny.
Denne teksten fortel om korleis det så såg ut for meg, i uskuldstida om ettermiddagen 19. januar.
Kjetil A. Brottveit

Senterpartiet er Senterpartiet, og Sandra Borch held fram der Ola Borten Moe slapp. Den årlege kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet fann i år stad på Lillestrøm 16. januar. Då Sandra Borch, minister for forsking og høgare utdanning, opna talen sin, tok det ikkje lang tid før lokalsjukehus var nemnde. Ei rask parafrasering: Det opprører folk når du ikkje har ein stad å reise når ungen ikkje får puste. Når du ikkje har ein stad å føde, vert du forbanna og går i fakkeltog. Fakkeltoga gjeld denne sektoren òg. Tilnærminga hennar var ikkje direkte smidig, men bankar inn korleis Senterpartiet ser på forsking og høgare utdanning: Ein reiskap for å byggje landet.

Borch tok føre seg mange emne, som beredskap og internasjonalt forskingssamarbeid. Her skal eg ta føre meg jakta på studentar til profesjonsfaga, ikkje minst sjukepleiarar og lærarar. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om profesjonsfaga, som skal kome i vår. Borch var uroa for at vi ikkje får fylt opp studieplassane i desse faga og at vi har eit demografisk reknestykke som ikkje går opp (fleire gamle, færre unge).

Kva har så Borch og regjeringa i verktøykassa for å få fleire til å verte lærarar og sjukepleiarar? Nesna har vorte sjølve symbolet på utdanningspolitikken til Senterpartiet: Lærarutdanning her gjer det mogeleg for folk i distrikta rundt, som øyriket på Nordlandskysten, å utdanne seg, gjerne ved sida av jobb. Denne gongen viste Borch til ei desentralisert lærarutdanning på Finnsnes i Senja. Der har Studiesenteret Midt-Troms – i samarbeid med UiT – oppretta ei grunnskulelærarutdanning. Fleksible og meir desentraliserte utdanningar er tiltak som kan hjelpe, og det har i seg det beste frå «å ta heile landet i bruk»-ideologien. Spørsmålet er kor mykje det monnar, eller om det monnar nok.

«Sektoren skal under full tillit frå regjeringa ta ansvar for å presse dei unge som eigentleg vil verte lærarar og sjukepleiarar fram frå løynestadene sine.»

For kva anna hadde ho å kome med? Ho viste til at regjeringa har «ein aktiv politikk for at de skal få tillit og handlingsrom. Med denne fridomen kjem eit ansvar.» Det vesle ho hadde å reklamere med var ei lita flytting av pengar frå HK-dir. til universiteta og høgskulane, som dermed skal vere betre rusta til å utdanne folka landet treng. Med andre ord: Sektoren skal under full tillit frå regjeringa ta ansvar for å presse dei unge som eigentleg vil verte lærarar og sjukepleiarar fram frå løynestadene sine.

Eg må nemne eit par kjedelege økonomiske realitetar. Forskerforum har tidlegare skrive om at dei som utdannar utdannarane – som universitetslektorar på ei lærarutdanning – kjem svært dårleg ut i løn. Kvifor skal det då verte attraktivt å velje akkurat denne karrierevegen som kan gje betre utdanningar? Plar ikkje regjeringa å seie at humankapitalen er den største vi har?

Det må òg vere lov til å spørje: Har det slått regjeringa og staten at det kan vere noko å hente på betre løn til profesjonsyrka sjølve, som lærarar og sjukepleiarar? Løn er i hovudsak ei forhandlingssak mellom arbeidsgjevarane (til dømes KS for lærarane) og arbeidstakarsida, men staten kan bidra på ulike vis om dei vil.

Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, set etter min forstand skåpet på plass i eit innlegg i Khrono der han gjer den opplagde koplinga: Attraktive yrke gir populære utdanningar. Han understrekar at tilbodet av utdanning ikkje berre skal møte behova i arbeidsmarknaden: «Utdanningane skal òg møte interesser, utsikter og draumar i eit mangfald av studentar.»

Til slutt må eg ta eit lite oppgjer med «kommunikasjonsfolka» i Kunnskapsdepartementet. Sandra Borch sa at dei hadde utfordra henne til å ta ein sportsmetafor med i talen. Med toppane i ein stakkars sektor som publikum, med både verdsproblem og sjukepleiarmangel å løyse, valde ho den legendariske meisterligafinalen der Liverpool låg under for Milan med 3-0 etter fyrste omgang. Kven skulle tru at det var mogeleg å vinne då? Jo: You’ll never walk alone.

No som regjeringa passar på at vi aldri vandrar aleine, klarer eg nesten ikkje å vente på at profesjonsmeldinga kjem og viser veg.

  • Les meir: