Leiar: Ingen kjem seg unna politikken
LUKK

Leiar: Ingen kjem seg unna politikken

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 10. januar 2024 kl. 09:35

Men Ap kjem seg unna forskingspolitikken.

Det var nyttårstalen 2010, og statsminister Jens Stoltenberg hamra inn poenga: Det er vanskeleg å føresjå kva vi skal leve av i framtida. Tenk på historia – med fossekraft, olje eller fiskeoppdrett. Kven kunne vite kor store desse næringane ville verte? Fellesnemnaren er kunnskap. Vi vil trenge kunnskap. Kunnskapen vi har til saman er mykje meir verd enn oljeformuen. Og så kom fyndorda: «Kunnskap trumfar alt.»

Etterpå hadde eg nesten gløymt at Arbeidarpartiet finst i forskingspolitikk. Trumfinga var for lengst borte for meg. Så dukka orda opp på ny, i ei sak på Forskerforum.no før jol, som det enno ikkje er for seint å lese. Der drøymer den kjende biologen Nils Christian Stenseth seg tilbake til ei tid då Ap var synlege i forskingspolitikken. For kor er dei no? Han er skuffa over at dei har overlate feltet til Senterpartiet. Han har røysta til venstre, i den grad ein kan plassere Ap på den sida, vil eg leggje til. Men no, seier Stenseth, at han med tungt hjarta vurderer Høgre, som «har ei langt meir ansvarleg haldning til forsking og kunnskap.». Eg vil påstå at Høgre og Venstre, og i periodar SV, er partia som dei siste åra har synt mest interesse for forskingspolitikk.

Å, den trumfande kunnskapen, og den glorien til Stoltenberg. Eg hugsar det sjølv, vi skal atter lande, ikkje på månen, men i 2010, på Grand Hotel i Oslo. Det var «kontaktkonferanse», der dressmenn og andre leiarar ved universitet og høgskular kvar vinter møter politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, spesielt statsråden for forsking og høgare utdanning når det finst ein slik. Mannen vandra sjølvtrygt og breibeint, ikkje brautande, opp til talarstolen, og vi stakkarane i krinsen rundt forsking og høgare utdanning kunne for ein gongs skuld kjenne at vi var der det skjedde. Mannen helsa til høgre og venstre og då han var framme ved talarstolen, sa han kven han var: «Jens.»

Mannen som heitte Jens undra spøkefullt over om folk hadde teke notatar frå nyttårstalen, det der med kunnskap? Han la fram korleis løyvingane til forsking hadde auka dei siste åra utan at resultat i form av vitskaplege artiklar og siteringar stod heilt i stil. Visst var det ein mann med aura som stod der, men det var ein New public management-mann.

Jens Stoltenberg på talarstolen på kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet i januar 2010. Foto: NTB

Kritikken mot regjeringa var om lag den same då som no. Også då fekk Ap gjennomgå for at tilnærminga til forsking og høgare utdanning var for instrumentell og økonomisk. Regjeringa sette til dømes ned eit ekspertutval, som skulle finne ut av korleis ein betre kunne måle og dermed styre forskinga. Året før, i 2009, kom dei med ei forskingsmelding, som akkurat som i dagens langtidsplan ikkje sa noko forpliktande om auka forskingsinnsats. I staden for å leggje seg på ein viss prosent av BNP, skulle ni, forskingspolitiske – og luftige – mål vere styrande. To av punkta var «næringsrelevant forsking» og «kunnskapsbasert næringsliv.»

«Send in the prime minister», altså. I ettertid vil eg kalle det eit blaff.

Eg tykkjer vi må ta endå ein jafs tilbake i tid, heilt til om lag årtusenskiftet. Då var han, som no steiker vaflar i Trondheim mot høge straumprisar, statsråd for feltet. Trond Giske gjekk ikkje medhårs inn i det. Han var ein av hovudpersonane bak den omstridde kvalitetsreforma. Den andre hovudpersonen bak var Kristin Clemet. Giske og Clemet, Ap og Høgre: saumlaus vidareføring av same politikk i ulike regjeringar. Dei fann kvarandre i måling og styring av effektivitet.

Dersom vi vil ha Ap som ei viktig drivkraft for forsking og høgare utdanning, har vi ein lang veg og gå, og det som finst å byggje på er tynt. Det tykkaste er nok Hurdalsplattforma. Eg trur ikkje Ap og Sp kan finne kvarandre på ein finare måte enn i denne overskrifta, som sameinar vanlege folk med dei endå vanlegare folka i distrikta: «Forsking og utdanning for heile landet».

Det har schwong, nesten som frå ei uskuldstid som er over. Det står ikkje noko klamt på HR-språk om humankapital, men ei sterk og ærleg tru på at opplysing er vegen. Eg tykkjer Ap skal finne denne vegen.

  • Les mer om «HR-språk» i akademia::