Leiar: Kampen mot dumskapen
LUKK

Leiar: Kampen mot dumskapen

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 14. desember 2023 kl. 15:11

Å forske er viktig, men veljarane vil ikkje ha noko av det.

Tittel og ingress får vere mitt vesle bidrag til elitisme. Orda der er dei som kjem fyrst til meg når eg etter forskingspolitisk seminar skal oppsummere innhaldet. Metoden min er uvitskapleg og impresjonistisk. Eg skal ikkje fyrst sjekke på nettet eller lese notatar, men kjenne etter: Kva sit eg att med?

Det skal iallfall godt gjerast å ikkje hugse orda frå seminartittelen: «ekstrem oppussing». Denne programerklæringa til Ola Borten Moe som statsråd for feltet vårt viste seg eigna som eit vidtfemnande gjennomgangstema, analytisk instrument (skal vi endre eller bevare?) og som kjerne i ei større metaforklynge: Skal vi rive, renovere, restaurere? Kaste målingklattar vilt rundt oss? Frå museumssfæren lærte vi òg kor bokstavleg vi kan bruke orda: Dei gamle husa råtnar frå oss.

Men uttrykket er eldre enn Borten Moes statsrådstid. Det er namnet på eit tv-program der folk dreg på ferie, og medan dei er borte vert husværet pussa opp i ein fei, dermed med tvilsam kvalitet. «Og når dei kjem tilbake, skal dei vere veldig nøgde, veldig overraska og veldig takknemlege. Vi er ingen av delane.» Orda kom frå Vidar Leif Haanes, rektor ved MF vitenskapelig høyskole, og dei hugsar eg.

Eg hugsar Magnus Gulbrandsen, som meir eller mindre er professor i forskingspolitikk og heldt eit stilisert, men svært instruktivt innlegg om plassen denne politikken har i ein større samanheng. Han peika på eit underliggande problem: Forskingspolitikken er lite evidensbasert. Vi har mykje statistikk, men folk som forskar på forskingspolitikk? Du kan telje oss på éi hand, sa Gulbrandsen. Han tok føre seg kva som djupast sett er grunnane til at eit samfunn held seg med forsking. Jo, forskinga har desse funksjonane, meinte han (og orsak, her har eg sjekka notatane). Stikkorda er:

  • reservoar. Vi treng ein kunnskapsbase for å drive forskingsbasert utdanning. Eit konkret døme er òg då koronaen kom. Det hadde ikkje gått så fort å utvikle gode vaksiner om det ikkje fanst eit grunnlag.
  • kumulativitet. Ny forsking lagar ikkje masse nytteverdi aleine, men vi legg stein på stein.
  • problemløysing. Forskinga er støtte for mange andre samfunnsfelt.
  • tilfeldigheiter. Vi finn svar på noko vi ikkje har spurt om.
  • avkasting. Puttar du 1 krone inn i forsking, får du 1,2 kroner ut. Men dette er vanskeleg å måle sidan effekten kan vise seg etter lang tid.
Forskning funker
Les også:
Forskning funker

Mykje av verdi, altså. Men vil folk ha det? Sjeldan er vel folk så slagferdige og innsiktsfulle som når dei har vore lenge i politikken og no har fått ei armlengdes avstand. Eg hugsar Trine Skei Grande, som sa det slik eg trur det er: Ingen parti har vorte store på grunn av forskingspolitikken dei står for. Seier du at forsking er viktig, er forskarane samde. Så går dei og røystar på nokon andre.

Ho ville kjempe mot dumskapen. Noreg knivar i verdstoppen om å vere den mest klimaskeptiske nasjonen, og kva kan det kome av? Den breie forklåringa hennar var at nordmenn trur at det er oljen som har gjort oss rike, og dermed må vi etterrasjonalisere utsleppa så godt vi kan. Men det er ikkje oljen, det er at kvinner her i landet jobbar som har gjort oss rike, meinte ho.

Eg hugsar Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, som slutta seg til på denne måten: Vi får dei politikarane vi fortener. Eit stort fleirtal av veljarane vil framleis ha utvinning av olje og gass. Dei store partia treng ikkje prioritere klimasaka.

Eg kjenner òg eit ansvar for å hugse statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel. Då statsråd Sandra Borch melde forfall, var det han som måtte kome med politiske visjonar. I sentrum stod «systemmeldinga», ei utgreiing om korleis forskings-Noreg bør vere organisert. Blant spørsmåla er: Fungerer Forskingsrådet som det skal? Korleis skal balansen mellom grunnløyvingar og konkurranseutsette pengebingar vere? Er forskinga for oppdelt i siloar, og er departementa for silofiserte dei òg? Han gjekk eit stykke på veg i å seie at forskingsinnsatsen er for oppdelt mellom fagdepartement. Han ville mobilisere heile regjeringa til sterkare og meir samordna forskingsinnsats.

Det kan vi trenge, for det eg til slutt vil hugse er dette: Kampen mot dumskapen er seig, og vi gjev oss aldri.

  • Les også: