Leiar: Kontroll på kompetansen
LUKK

Leiar: Kontroll på kompetansen

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 14. november 2023 kl. 14:55

Danmark vil utdanne det landet treng og slutte med filologisk visvas. Kva med Noreg?

Er du reformtrøytt? Vel, danske universitetstilsette har vore gjennom 30 reformer dei siste 20 åra. Dette ifølgje ei uformell oppteljing gjort av fagforeiningsmannen Brian Arly Jacobsen, som er intervjua i hovudsaka i novemberutgåva av Forskerforum. Saka handlar om «kandidatreforma», som regjeringa i Danmark la fram før sommaren. Skal ein velje ut eitt stikkord for reforma, er det «yrkesretting». Sjukepleiar- og lærarutdanningar skal få meir ressursar. Nokre masterutdanningar skal verte kortare, nokre av dei skal verte meir yrkesretta og det vert færre studieplassar på bachelor.

Ein brei allianse med sosialdemokratane i spissen står bak reforma, men ho er svært omstridd blant dei som har skoa på. Nemnde Brian Arly Jacobsen i Dansk Magisterforening omtalar reforma som eit eksperiment som verken studentar, universitetstilsette eller næringslivet har etterspurt. Han er uroa for korleis reforma vil slå ut for forskinga og spesielt dei mindre faga. Kristian Cedervall Lauta, prorektor for utdanning ved Københavns Universitet, er redd for at masterutdanningar som fungerer godt i dag, kan verte dårlegare. Han ser òg med uro på korleis det slår ut at den politiske interessa for universiteta er stigande. Han omtalar reforma som «another brick in the wall» – nok eit krav som flyttar fokus vekk frå det vitskapleg tilsette skal halde på med.

Skulle vi helst sitje musestille slik at Sandra Borch og co ikkje merka noko? Vel, eg er redd det er nyttelaust. At norske styresmakter vert inspirerte av utdanningspolitikken i nabolanda er ein gjengangar. Bølga av sentralinitierte eller -styrde fusjonar mellom universitet og høgskular er berre eitt av døma. Uansett – kor mykje vi skal ha av ulike utdanningar er ein debatt som har forsterka seg over tid i Noreg òg. I 2017 laga kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen eit uttrykk som vart ståande: «en mester er like bra som en master». Ifølgje Adresseavisen sa han den gongen at «norsk næringsliv og det offentlege ikkje skrik etter akademikarar med mellomfag i idéhistorie. Framskrivingane til SSB mot 2035 syner at det fyrst og fremst er behov for faglærte.»

I eit bankande køyr kjem det utval og grupper som skal vurdere kva arbeidskraft Noreg vil trenge i framtida.

I eit bankande køyr kjem det utval og grupper som skal vurdere kva arbeidskraft Noreg vil trenge i framtida. Perspektivmeldinga frå 2021 slo fast at det i tiåra framover vil utgiftene til staten auke utan at inntektene aukar like mykje. I den stutte visitten Ola Borten Moe hadde i sektoren vår, rakk han å innprente at det vert trongare tider og at det vert hardare kamp om ressursane, noko denne sektoren òg må finne seg i. Regjeringas framlegg til statsbudsjett for sektoren er òg eit uttrykk for dette med omdisponering av midlar, ikkje vekst.

I mars la Borten Moe fram utsynsmeldinga, som mellom anna er ei kartlegging av kva samfunnet treng av kompetanse og arbeidskraft i framtida. Kompetansebehovsutvalet, oppnemnd av Kunnskapsdepartementet arbeider med fagleg vurdering av kva arbeidskraft framtida treng. Til våren kjem det ei profesjonsmelding om kvalitet og kapasitet i fleire utdanningar som er viktige for velferdsstaten, som lærarar og sjukepleiarar. Var det fleire utval då, tru? Ja, helsepersonellkommisjonen!

Storsamfunnet har mange legitime krav til kva høgare utdanning Noreg skal tilby, og i kva omfang. Utfordringa er å finne den rette balansen mellom desse krava og sjølvstendet til universiteta og høgskulane. Borten Moe viste ein bastant vilje til politisk styring av sektoren. Statsbudsjettet på felta forsking og høgare utdanning har eit tydeleg Senterparti-stempel: på godt ved at utdanningar i distrikta er honorerte. På vondt med at høgare utdanning er vekta høgare enn forsking. Dette skjer symbolsk og reelt ved at teljekantar for forsking er på veg ut medan teljekantar for utdanning får meir å seie, og alt no kan vi sjå ei vriding i retning profesjonsretta utdanningar.

Vil så Noreg auke denne takta i dansk retning? Sandra Borch, etterfølgjaren til Borten Moe, kjem med eit balansert svar i hovudsaka: «Vi treng både fleire fagarbeidarar og fleire med med mastergrad for å sikre verdiskaping og velferd i framtida.»

Vi får om nødvendig minne Borch på dei orda.

  • Les også: