Korleis må utdanningssystemet riggast for å gje framtida det ho treng?
LUKK

Kompetansepolitikk:

Korleis må utdanningssystemet riggast for å gje framtida det ho treng?

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 31. juli 2023 kl. 09:51

Kunnskapssektoren møter mange og høge forventingar til kva type arbeidskraft ein skal levere til arbeidslivet i åra som kjem.

Dokumenta om framtidas kompetansebehov kjem med stadig kortare mellomrom.

Då utsynsmeldinga vart lagt fram i mars, presenterte regjeringa sine målsettingar med utdannings- og kompetansepolitikken (sjå faktaboks), og uttrykte klare forventingar om at universitet og høgskular skal omfordele studieplassar til dei utdanningane samfunnet har mest bruk for, innanfor trongare budsjettrammer enn før.

Treng meir av alt

Fakta
Utdanning og kompetanse:
I utsynsmeldinga (mars 2023) oppgjev regjeringa desse prioriteringane for utdannings- og kompetansepolitikken:

- kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv
- kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet
- kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å handtere den demografiske uviklinga, balansert opp mot behovet for arbeidskraft i andre sektorar i samfunnet
- å kvalifisere og mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet

I styringsmeldinga (mars 2021) står det at målet for dimensjonering av utdanningane er «å dekke studentenes etterspørsel og arbeidslivets behov og samtidig tydeliggjøre på egnet måte institusjonenes ansvar for dimensjonering i tråd med begge målene».
Før det, i juni 2022, lanserte regjeringa eit grønt industriløft der målet er at Noreg skal etablere nye grøne industrinæringar og styrke eksisterande industri, og på den måten «skape verdier og lønnsomme jobber i hele landet, øke de grønne investeringene, øke eksporten fra fastlandet og kutte klimagassutslipp hurtig på veien mot lavutslippssamfunnet».

I februar i år kom så rapporten frå Helsepersonellkommisjonen under leiing av Gunnar Bovim. Det viktigaste punktet var at samla helse- og omsorgspersonell ikkje bør auke vesentleg utover dagens nivå. I etterkant har kommisjonen møtt mykje kritikk for konklusjonane i rapporten.

Førebels siste tilskot til litteraturen er ein temarapport om kompetansebehov for grøn omstilling, lagt fram av kompetansebehovsutvalet i starten av juni. Der slår utvalet fast at mangel på kompetanse, særleg innanfor naturvitskap, ingeniørfag og IKT, er ein alvorleg flaskehals på vegen mot lågutsleppssamfunnet.

Alle desse dokumenta og forventingane dei gjev uttrykk for, kjem i ein situasjon med generell mangel på arbeidskraft, mindre studentkull, og der søkinga til lærarutdanningane, ein av dei viktigaste profesjonane i velferdsstaten, er i fritt fall.

– Yrkeskvalitet vel så viktig

Klaus Mohn (Foto: UiS/Asbjørn Jensen)
– Dersom ungdom tenkjer annleis om si eiga yrkeskarriere enn styresmaktene gjer, så blir ingenting løyst med fleire studieplassar, seier UiS-rektor Klaus Mohn. Foto: UiS/Asbjørn Jensen

Dermed kan ein ikkje berre basere seg på å auke talet på studieplassar der ein meiner det trengst, meiner rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn.

– Dersom ungdom tenkjer annleis om si eiga yrkeskarriere enn styresmaktene gjer, så blir ingenting løyst med fleire studieplassar. Då må ein gjere andre ting, og det er ikkje nødvendigvis utdanningane det er noko i vegen med.

Mohn har markert seg som ein tydeleg samfunnsdebattant, mellom anna i spørsmål som gjeld framtida for helsesektoren, grøn omstilling og utdanningsinstitusjonane si rolle. Han meiner yrkeskvalitet er vel så viktig som studiekvalitet når det gjeld å overtale ungdom til å velje til dømes læraryrket.

– Då ungdommane vende ryggen til våre oljeutdanningar for nokre år sidan, var det ikkje fordi studieprogramma var dårlege, det var fordi dei ikkje ville inn i yrket. Slik kan ein tenkje rundt lærarutdanningane no. Så skal sjølvsagt vi leggje til rette for best mogleg utdanning av dei som vil bli lærarar, men 90 prosent av tida i denne karrieren skal tilbringast hos ein arbeidsgjevar og ikkje ein utdanningsinstitusjon. Eg får av og til inntrykk av at vel mykje av ansvaret blir lagt på institusjonane, seier han.

Meir helsetenesteforsking

Mohn dreg fram sjukepleie som eit døme på ei utdanning der studiekapasiteten har auka mykje dei siste åra, men søkarmassen har ikkje auka tilsvarande.

– Det som då skjer, er at ein tek opp fleire kandidatar frå ein gitt søkarmasse, og det blir ikkje lenger vanskeleg å kome inn på studiet. Det påverkar fråfall, karakterar, strykprosent og gjennomføringstid. Medan studie som har knapt med plassar i høve til søkarar, ser den motsette tendensen: God gjennomstrøyming, gode karakterar og lite fråfall, seier Mohn.

– Samstundes har du sagt at samfunnet vil trenge fleire personar i helsesektoren, sjølv om helsepersonellkommisjonen har sagt at ein bør unngå det?

– Ja, og sjølvsagt skal vi som universitet ta vårt ansvar med å tilpasse utdanningane så dei blir attraktive, og drive kvalitetsarbeid på brei front. Men når ein ser korleis det å vere lærar og sjukepleiar blir framstilt i nyhendebiletet, og frustrasjonen som melder seg i desse yrka, så er den frustrasjonen retta mot kvardagen som lærar og sjukepleiar, ikkje mot utdanninga.

Likevel trur han det er inspirasjon å hente frå andre delar av helsepersonellkommisjonens rapport.

– Kommisjonen peikar på at helsesektoren har utfordringar knytt til organisering, arbeidstid, oppgåvedeling og digitalisering. Det handlar om kompetansar som er annleis enn dei tradisjonelt helsefaglege kompetansane, og vi innrettar no våre studieprogram i tråd med det.

Mohn tek også til orde for at meir forskingsmidlar må styrast mot helsetenesteforsking, ikkje forsking på diagnostisering og behandling.

– Vi treng meir forsking på korleis få meir ut av ressursane, på helseteknologi og gjerne også leiing. Kommisjonen føreslår ekstra midlar til dette forskingsfeltet – eg tenkjer at vi også må våge å prioritere eksisterande midlar over i denne retninga, seier han.

– Det kan redusere behovet for ekstra personell, men med dei demografiske utviklingsdraga vi ser, trur eg det blir vanskeleg å sleppe unna ein auke i sysselsettinga i helsesektoren. Men auken vil bli mindre di høgare produktiviteten er, og produktivitet handlar om kunnskap og kompetanse. Og så må vi leggje til rette for eit yrkestilvere som ikkje skremmer folk bort, seier Mohn.

Konkurrerer om kompetansen

Ein av grunnane til at helsepersonellkommisjonen konkluderte med at ein ikkje forvente meir vekst i talet på tilsette i helsesektoren, var at andre næringar og sektorar, som også manglar arbeidskraft, ikkje vil akseptere det. Slike «andre» vil til dømes vere bransjane som skal ta oss gjennom den grøne omstillinga. Då kompetansebehovsutvalet presenterte temarapporten sin om kompetanse for grøn omstilling i byrjinga av juni, peika utvalsleiar Sveinung Skule på at konkurranse om arbeidskraft og kompetanse er ei av fleire utfordringar ved den grøne omstillinga.

Skule viste til at klimatiltaka som kan gje størst reduksjon i klimagassutslepp, slik som fornybar energiproduksjon, elektrifisering, bruk av hydrogen i industriprosessar og karbonfangst og -lagring, er teknologikrevjande og må gjennomførast av ingeniørar, fagarbeidarar og IKT-spesialistar.

– Utdanningsinstitusjonane er svært viktige i å framskaffe kompetansen som skal gjennomføre den grøne omstillinga, seier Sveinung Skule. Foto: HK-dir

– Der meiner vi det er godt grunnlag for å seie at det vil bli for få folk framover, seier Skule til Forskerforum.

– Samstundes er det også store behov for yrkes- og næringsspesifikk berekraftskompetanse i alle yrke. Tilsette i varehandelen må kunne noko om sirulærøkonomi, tilsette i bygg-og anleggsbransjen må ha kompetanse på materialgjenvinning, økonomar må lære seg klimarapportering, og så bortetter.

Kartlegginga av behovet for grøn kompetanse i arbeidslivet vart utført av NIFU og Sintef Digital på oppdrag frå kompetansebehovsutvalet. Dei fann mellom anna at mykje av den tekniske kompetansen som trengst, allereie finst i petroleumsnæringa. Ein skulle difor kunne tenkje seg at etter kvart som denne næringa blir redusert, kan ein frigjere kompetanse til det grøne skiftet. Men regjeringa sin politikk legg opp til å utvikle, ikkje avvikle, oljebransjen. Dermed blir knappheita på grøn kompetanse i andre næringar enno større.

Treng 50 000 fleire sysselsatte til fornybar energi

Utvalet har ikkje kvantifisert behovet for arbeidskraft. Men det arbeider pensjonsselskapet KLP med, i eit samarbeidsprosjekt med Norsk klimastiftelse, som skal resultere i ein rapport til hausten. Fagansvarleg for klima hos KLP, Gjermund Grimsby, fortel at ein no tek til å sjå dei konkrete utfordringane ved omstillinga.

– Fram til no har omkvedet vore at det grøne skiftet kan skape tusenvis av jobbar og gje moglegheiter for distrikta. Men no har vi ein pressa arbeidsmarknad, ei byrjande eldrebølgje og lite folk. Vi styrer mot ein flaskehals, og den utfordringa må vi handtere, seier Grimsby.

KLP og Klimastiftelsen har teke utgangspunkt energikommisjonens NOU «Mer av alt – raskere», som vart levert i februar i år.

– Dersom vi skal byggje ut så mykje fornybar energi og tiltak for energieffektivisering som ein legg opp til, kva vil det seie i form av arbeidskraft? Tala er sjølvsagt usikre, men vi meiner eit konservativt estimat er at det trengst over 50 000 fleire sysselsette i 2030 berre for å kome i mål med dette, seier Grimsby.

Dei har ikkje analysert kompetansebehov på same måte som kompetansebehovsutvalet, men ser likevel same mønster: Det vil vere behov for folk som kan bygge og vedlikehalde energi-infrastruktur.

– Det vil trengst spesialiserte fagarbeidarar. Eit større trykk på utbygging av havvind gjer at ein vil trenge ingeniørkompetansen som i dag finst i offshore olje og gass – og aktiviteten i olje og gass går heller ikkje ned.

Dermed kjem ein ikkje utanom å prioritere. Då Grimsby presenterte hovudtrekka ved analysen på klimafestivalen Varmere, våtere villere i Bergen i mars, stilte han spørsmål ved det fornuftige i å satse på både store samferdselsprosjekt og store nye industriar i ein situasjon med mangel på arbeidskraft.

– Den norske modellen har tent landet godt og sikra ein relativt flat lønsstruktur og god konkurranseevne. Men ulempen er at vi i mindre grad kan bruke løn til å trekke arbeidskrafta i ulike retningar. Då må ein i staden skalere utdanningane etter behovet, seier han.

– Institusjonane må prioritere

Sveinung Skule i kompetansebehovsutvalet fortel at deira oppgåve er å seie noko om behova, ikkje korleis ein skal prioritere mellom dei.

– Dei som må gjere prioriteringane, er til dels utdanningsinstitusjonane, som er pålagd å prioritere i tråd med både arbeidslivet og søkarane sine behov, og også politikarane, som tildeler nye studieplassar. I tillegg skjer det ei allokering av kompetanse i arbeidsmarknaden, der dei som kan tilby best vilkår, stiller sterkast. Då vil kanskje oljeindustrien vinne konkurransen om den tekniske kompetansen.

Ein annan flaskehals utvalet dreg fram, er utfordringa med å rekruttere lærekrefter til fagskulane i konkurranse med næringslivet som kan tilby betre lønsvilkår. Det er eit fenomen som også er kjent frå universitet og høgskular.

Tilpassing tek tid

Det ligg fleire viktige signal til kunnskapssektoren i rapporten om kompetanse for grøn omstilling, meiner Skule.

– Først og fremst at institusjonane spelar ei svært viktig rolle i grøn omstilling, ikkje berre når det gjeld forskingsaktivitetar, men også i å framskaffe kompetansen som skal gjennomføre omstillinga.

Difor er det viktig at institusjonane tilpassar innhaldet i utdanningane, peikar han på.

– Og det er vanskeleg å vite sikkert om dei gjer det i stort nok omfang eller ikkje. Utvalet har prøvd å måle kor mange studentar som tek «grøne» emne, men det heftar ein del metodeproblem ved det. Men vi ser at det er stor skilnad mellom fagområde. Og til sist vil det vere eit stort behov for etter- og vidareutdanning av dei som allereie er ute i arbeidslivet, og då blir det eit spørsmål om kor stor del av det behovet som bør dekkast av universitet og høgskular. Eg meiner det bør vere ein god del, med tanke på kor mykje god kompetanse som finst i sektoren.

Problemet med å leggje om utdanningane, er at det tek tid, seier Klaus Mohn.

– Å leggje ned studieprogram og introdusere nye spesialiseringar, er ein møysommeleg prosess. Vi har ein stab av vitskapleg tilsette som utviklar seg i tråd med eksisterande studieportefølgje, og dei let seg ikkje omskolere over natta.

Han etterlyser ei viss varsemd oppe i styringsiveren:

– Det er ikkje sikkert at politikarane heller har perfekt framsyn når det gjeld kva arbeidsmarknaden vil trenge om ti eller tjue år. Og kanskje ser studentane framtida vel så tydeleg som politikarane.

  • Les også: