Kva kompetanse vil Noreg trenge? Fredag kjem nokre svar.
LUKK

Utsynsmelding:

Kva kompetanse vil Noreg trenge? Fredag kjem nokre svar.

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 22. mars 2023 kl. 16:00

Denne veka kjem utsynsmeldinga, der regjeringa kartlegg framtidas kompetansebehov. Sunniva Whittaker vonar at Kunnskapsdepartementet vil ha tillit til at institusjonane sjølve kan ta gode avgjerder når det gjeld dimensjonering og studietilbod.

– Vi er veldig opptekne av at ein ikkje skal ha eit for snevert syn på kompetansebehova framover, seier Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder og styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR).

Regjeringa har varsla «ekstrem oppussing» av kunnskapssektoren, stortingsmelding for stortingsmelding.

Den første av dei, utsynsmeldinga, blir lagt fram fredag 24. mars. Same dag varslar Kunnskapsdepartementet endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskular.

Utsynsmeldinga tek for seg framtidas kompetansebehov og korleis dette kan dekkjast, mellom anna gjennom utdanningssystemet. Samtidig har sektoren fått sterke signal om trongare økonomiske tider framover.

Whittaker vonar at Kunnskapsdepartementet vil ha tillit til at institusjonane sjølve kan ta gode avgjerder når det gjeld dimensjonering og studietilbod, i staden for å leggje for sterke føringar.

– For det er frykteleg vanskeleg å spå om framtida. Med trongare rammer er faren at ein kan byggje ned fagområde som så vil vise seg å vere heilt avgjerande framover.

Mange vegar til framtida

Den viktigaste premissleverandøren for debatten er Kompetansebehovsutvalet (KBU), som er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet. Utvalet har medlemmar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane, fylkeskommunane og forskingssektoren. Utgreiingane frå KBU skal danne grunnlag for planlegging både hos styresmakter og arbeidsliv.

– Mykje tyder på at knappheit på kompetanse kan bli eit hinder for den grøne omstillinga, seier Sveinung Skule. Foto: HK-dir

Utvalet kan sjølv velje kva tema og problemstillingar dei vil undersøkje, og leverte i fjor ein rapport om høgare yrkesfagleg utdanning. Ein ny rapport om kompetansebehov knytte til grøn omstilling, skal leggjast fram før sommaren.

– Det viktigaste vi gjer, er å samanfatte eksisterande kunnskap og skape eit felles bilete av verkelegheita: ulike typar analysar, prognosar og scenario, nasjonalt og internasjonalt, seier Sveinung Skule, direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Han leier utvalet.

– Ein viktig del er å sjå på svakheiter i kunnskapsgrunnlaget og drøfte soliditeten. På nokre område peikar dei fleste analysane i same retning, på andre område er grunnlaget dårlegare.

Arbeidslivet viktigast

Fleire av innspela til utsynsmeldinga, mellom anna UHR sitt, peika på farane ved å bruke framskrivingar av dagens situasjon som grunnlag for rigginga av utdanningssystemet, fordi utviklinga er så uviss. Statistisk sentralbyrå gjer mange framskrivingar av til dømes demografi og utdanning, og dette er ein del av kunnskapsgrunnlaget til KBU.

– Då tek ein utgangspunkt i historiske data, og det vil seie at ein ikkje kan få med slikt som store teknologiendringar eller nye næringar. Ein kan ikkje framskrive behov i næringar som ikkje finst. KBU handterer dette ved å bruke ulike typar analysar som grunnlag, seier Skule.

Eit alternativ er å rekne seg bakover frå eit framtidig mål. Han nemner det grøne skiftet som døme: Noreg har konkrete mål for til dømes klimagassutslepp. Med utgangspunkt i dei kan ein vurdere kor mykje fornybar energi vi vil få bruk for, og vidare kva slags kompetanse som trengst for å få dette til.

– Scenario er endå ein type analyse, då tenkjer ein meir fritt om kva føresetnader ein kan leggje til grunn. Det finst også undersøkingar som spør bedriftene om kva dei sjølve trur om behova. Då må vi ta høgde for at dei veit meir om den kortsiktige enn den langsiktige utviklinga, seier Skule.

Men arbeidslivet sine behov samsvarar vel ikkje nødvendigvis med samfunnet sine behov?

– Mandatet vårt er å dekkje begge, men utvalet er sett saman for å leggje størst vekt på arbeidslivet. Når vi no ser på kompetansebehov for det grøne skiftet, legg vi meir vekt på arbeidslivet enn på til dømes kompetanse hos forbrukarane, sjølv om det også er viktig, seier han.

Skal sektoren bli meir fleksibel, er tankesett og arbeidsmetodar viktigare enn innhaldet i studieprogramma, meiner Rune T. By.
Foto: Elisabeth Tønnessen

Treng tankemangfald

Rune Todnem By har eit UNESCO-professorat i framtidskompetanse ved Universitetet i Stavanger, som mellom anna har som mål å sjå på korleis framtida blir brukt i politikkutvikling.

– Eg trur korkje politikarar eller akademikarar veit kva som vil vere morgondagens problem. Det vi veit, er at det vil vere behov for å jobbe på tvers av siloar, og det er noko vi kan ta kontroll over og lære studentane våre, seier han.

Det finst metodar for å tenkje systematisk omkring ulike framtidsscenario og måtar å identifisere problema som treng å løysast, på, men det dei har felles, er at dei krev eit mangfald av tankesett, peikar han på.

– I politiske utval finn ein ofte representantar for dei same gamle tankesetta. Men utdanning, slik eg ser det, er samskaping og å lære å arbeide med folk som er ulik ein sjølv. Oppgåva til vår sektor er ikkje først og fremst å levere på arbeidslivet sine behov slik dei er i dag, men å utvikle måtar å løyse problem på framover.

Tilpasse eller forme

Sunniva Whittaker har sete i ei arbeidsgruppe med representantar frå universitets- og høgskulesektoren som har levert ein rapport til utsynsmeldinga om dimensjonering for framtidas kompetansebehov. Også her vart «generiske ferdigheiter» framheva, altså ferdigheiter som trengst i mange roller, slik som etisk refleksjon, kritisk tenking, samarbeidsevner og evne til å handtere kompleks informasjon.

– Vi veit at det blir behov for sjukepleiarar og folk med IKT-kompetanse framover, men elles er det vanskeleg å vite kva som blir mest relevant for arbeidslivet. Våre grunnutdanningar må ha som mål å lære folk å lære, slik at dei kan vidareutdanne seg, seier ho.

Framtidas kompetansebehov er heller ikkje berre eit spørsmål om å tilpasse seg endringar i arbeidslivet, men også om å skape det samfunnet ein ønskjer seg. Rune Todnem By minner om at framtida er resultatet av våre samla val.

– Korleis kan morgondagen sjå ut? Det må alle ta ansvar for. Å bidra til å setje retning, til å seie kva som er rett og gale, og minne oss sjølve på at vi har eit samfunnsoppdrag, det kan alle gjere, seier han.

Les meir om studentar på jakt etter relevant arbeidserfaring: