Publisert 29. oktober 2024 kl. 12:10
Demokratiet er visstnok i krise: Store grupper kjenner seg ekskluderte i dei vestlege representative demokratia, og det blir forska iherdig på «demokratisk innovasjon» som kan styrke legitimiteten til politiske avgjerder. Eitt slikt verktøy er borgarpanel, der tilfeldig utvalde personar kjem saman for å diskutere eit politisk spørsmål og gje innspel til politikarane. Det har vore prøvd ut i mange land, og no også i Noreg: Denne hausten organiserer regjeringa Noregs første nasjonale borgarpanel. Panelet skal bestå av 66 personar og gje råd om korleis nordmenn kan redusere sitt materielle overforbruk.
– Borgarpanel er i vinden, seier Sveinung Arnesen. Han er forskar ved Norce, der han arbeider med demokrati og innovasjon, mellom anna borgarpanel.
Sjølv kjøper han ikkje påstanden om at det er krise i det norske demokratiet. Han minner om at tilliten til institusjonar og til andre menneske framleis er høg i Noreg.
– Men vi ser at enkelte grupper i samfunnet er mindre kopla på dei vanlege demokratiske kanalane. Då kan borgarpanel vere eit verktøy.
Arnesen har hovudsakleg brukt borgarpanel i ein litt annan funksjon, nemleg til meiningsmålingar. Som statsvitar er han van med å bruke spørjeundersøkingar for å kartleggje folks politiske haldningar og åtferd.
– Det er nyttig, men av og til har ikkje folk så sterke haldningar. Eg vart nysgjerrig på metodar der folk kjem saman og snakkar, og så måler ein haldningane deira etterpå, seier han.
Når borgarpanel blir brukte i politikkutforming, er det ofte eit mål at deltakarane skal bli samde om konkrete forslag som politikarane kan ta med seg vidare i prosessen.
I ei såkalla deliberativ meiningsmåling er målet snarare å gje folk sjansen til å diskutere og tenkje seg om før dei gjer seg opp ei meining om ei sak. Tanken er at slike meiningsmålingar har høgare verdi enn vanlege opinionsundersøkingar, der folk gjerne svarar nokså overflatisk utan å ha tenkt grundig igjennom spørsmåla dei svarar på. I tillegg kan ein undersøke om diskusjon gjer at folk endrar meining. Resultata kan vere interessante for politikarar, akkurat som andre meiningsmålingar, men dei treng ikkje vere formelt kopla til ein politisk prosess.
Metoden er utvikla av professor James Fishkin ved Stanford-universitetet og går ut på at ein set saman ei gruppe tilfeldig utvalde personar på ein slik måte at dei til saman representerer populasjonen som heilskap.
– Deltakarane får utdelt informasjonsmateriale om saka dei skal diskutere, slik at dei får eit felles referansegrunnlag. Så diskuterer dei i mindre grupper. Undervegs kan dei stille spørsmål til ulike ekspertar. Så måler vi haldningane deira før og etter diskusjonen, fortel Arnesen.
Dei siste åra har han prøvd ut deliberative meiningsmålingar i fleire prosjekt. Den første vart utført i heimbyen Bergen, i samarbeid med kommunen og Universitetet i Bergen. Meiningsmålinga hadde ein dobbel funksjon: Kommunen ønskte å prøve ut borgarpanel i eit forsøk på å styrke lokaldemokratiet og få gjennomtenkte innspel til konkrete spørsmål om byutvikling. Forskarane ønskte å studere sjølve metoden og korleis han kan gjennomførast.
– Vi kom i kontakt med professor Fishkin ved Stanford, og forskarane der vart partnarar i prosjektet, seier Arnesen.
Han antydar at læringskurva vart bratt: Meiningsmålinga skulle eigentleg skje fysisk, men pandemien sette ein stoppar for det. I staden vart diskusjonane gjennomførte digitalt. Forskarane måtte tenkje igjennom alt frå korleis dei skulle ta omsyn til personvernet ved bruk av digitale plattformer, til kva type politiske spørsmål som var best eigna for diskusjon.
– Det bør ikkje vere altfor betente saker. Det ville vore ein dårleg idé å diskutere Bybanen, der folk har sterke meiningar og lett går i skyttargravene. Samstundes må det vere tema der kommunen faktisk er open for innspel og ikkje har gjort seg opp ei meining på førehand, seier han.
Forskarane bygde vidare på erfaringane frå Bergen då dei seinare brukte metoden til å kartleggje folks haldningar i to ulike forskingsprosjekt, denne gongen på nasjonalt nivå.
I det eine prosjektet diskuterte borgarpanelet teknologiar for å fjerne karbondioksid frå lufta, såkalla negative utsleppsteknologiar. I det andre, som Arnesen leia, diskuterte dei bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor.
– Dette var før ChatGPT kom og fekk alle til å snakke om kunstig intelligens, så folks kunnskap og interesse på det tidspunktet var låg, fortel han.
– Men vi ønskte å vite korleis folk stilte seg til at automatiserte system tek forvaltingsavgjerder som har konsekvensar for enkeltmenneske, utan at ein veit korleis algoritmane kjem fram til avgjerdene.
Forskarane ville også vite om diskusjonane fekk folk til å endre oppfatning. Og det gjorde dei.
– Deltakarane rapporterte etterpå at dei tykte dei hadde fått meir kunnskap, noko vi hadde forventa, og at dei var blitt meir positive til bruken av kunstig intelligens i forvaltinga. Der hadde vi ingen spesielle forventingar, men vi veit frå andre observasjonsstudiar at kunnskap gjerne korrelerer med støtte, seier Arnesen.
Forskarane brukte ei digital plattform utvikla av Fishkin og kollegaene hans ved Stanford til å gjennomføre meiningsmålinga. Gruppediskusjonane var tekne opp, slik at forskarane kunne studere dynamikken etterpå.
– Vi transkriberte alle diskusjonane og trekte ut argumenta. Det verka mellom anna som det var veldig viktig for deltakarane at det var eit menneske som tok den endelege avgjerda, altså at systemet ikkje handla heilt på eiga hand. Så støtta til bruk av kunstig intelligens handla mykje om korleis teknologien konkret vart implementert, seier han.
Som politisk verktøy er borgarpanel etter kvart prøvd ut mange stader. På Island var eit borgarpanel viktig i arbeidet med å fornye styresettet og lage ei ny grunnlov i kjølvatnet av finanskrisa i 2008. I Frankrike fekk eit nasjonalt borgarpanel i oppdrag å foreslå sosialt rettferdige tiltak for å kutte klimagassutslepp, som eit svar på protestaksjonane frå Dei gule vestane. Mest kjent er kanskje borgarpanelet i Irland, som diskuterte endringar i grunnlova. Det resulterte i at det strenge irske abortforbodet vart oppheva. Dette året har derimot framtida til det irske borgarpanelet blitt meir usikker, etter at innstillingar frå panelet to gonger har gått på sviande nederlag i folkeavrøystingar. I etterkant er det blitt stilt spørsmål ved om panelet verkeleg er så representativt som det var meint å vere.
Rekruttering og representativitet er eit kjernespørsmål ved bruk av borgarpanel, anten det gjeld politikk eller meiningsmålingar, stadfestar Arnesen. Han og kollegaene erfarte at rekruttering var vanskeleg, både til meiningsmålinga i Bergen og til den nasjonale om kunstig intelligens.
– Sjølv om deltakarane fekk kompensasjon, var det vanskeleg. Dei skulle jo sette av ein heil dag og dessutan lese informasjon på førehand, seier han.
Til gjengjeld var panela nokså representative når det gjaldt kjønn, alder og innvandrarstatus.
– Samstundes var det ein overrepresentasjon av folk med høg utdanning, og som røysta ved siste val. Det er vanleg. Så den overordna konklusjonen er litt blanda, seier han.
Forskarane har oppsummert erfaringane sine i ei kort handbok, Hvordan gjennomføre borgerpanel, som ligg ope tilgjengeleg på nett. Der diskuterer dei både rekruttering og andre spørsmål, som skilnaden på fysiske og digitale borgarpanel og korleis informasjonen til deltakarane bør utformast.
– Ein vanleg kritikk av borgarpanel er at deltakarane blir indoktrinerte med skeiv informasjon, seier Arnesen.
Det har nemleg fleire gonger vist seg at borgarpanel som skal gje råd til politikarar, foreslår tiltak som er langt meir radikale og progressive enn politikarane er innstilte på. Arnesen peikar på at dersom borgarpanel skal ha legitimitet som politisk verktøy, må folk kunne tenkje seg at dei sjølve kunne ha kome fram til dei same konklusjonane som paneldeltakarane om dei hadde vore med på den same prosessen.
– Så det er kjempeviktig at prosessen er etterretteleg. I vårt tilfelle er informasjonsmateriellet som vart sendt ut, offentleg tilgjengeleg, og sjølv om transkripsjonane ikkje kan offentleggjerast på grunn av faren for identifikasjon, så er dei tilgjengelege for dei som har god grunn til å be om det.
Sjølv har han ingen nye forskingsprosjekt med borgarpanel på trappene. Men det er framleis mykje å studere ved deliberative meiningsmålingar, særleg ved hjelp av den digitale plattforma frå Stanford. Der skjer moderering av diskusjonane automatisk og ikkje gjennom menneskelege moderatorar.
– Det gjer at ein kunne ha testa effekten av å ha ein menneskeleg moderator eller ikkje. Eller ein kunne ha forska på korleis haldningar blir påverka av gruppedynamikk. Så dersom nokon andre vil bruke borgarpanel til å forske på politiske saker, hadde det vore interessant å kome inn for å studere slike overordna spørsmål, seier Arnesen.
Les også: