Tilsett rektor blir normalen
LUKK

Tilsett rektor blir normalen

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 30. mars 2016 kl. 10:29

Tilsett rektor og ekstern styreleiar skal vere den normale leiingsmodellen ved norske universitet og høgskular.

Fakta
<

Det vart, ikkje overraskande, resultatet då forslaget til endringar av leiingsmodell i universitets- og høgskulelova vart førstegangshandsama i Stortinget tysdag, skriv Khrono.

Samstundes skal institusjonane kunne endre modell med simpelt fleirtal, ikkje to tredels fleirtal som i dag.

Sikre god leiing

Saka har tidlegare ført til protestar i universitets- og høgskulesektoren. Saksordførar for handsaminga av lovforslaget i utdanningskomitéen, Marianne Aasen, sa i ordskiftet på Stortinget at forslaget om tilsett rektor og ekstern styreleiar ikkje kan kallast ei dramatisk omlegging av leiingsstrukturen, all den tid det berre trengst simpelt fleirtal for å skifte modell.

– Vi legg også opp til at det er departementet som skal oppnemne ekstern styreleiar og medlemmar, men Arbeidarpartiet understrekar at departementet gjer klokt i å konsultere institusjonen i forkant, sa Aasen ifølgje Khrono.

Aasen la vekt på at ho meiner ein modell med tilsett rektor gjev det beste rekrutteringsgrunnlaget og slik er den beste måten å sikre god leiing på.

Udokumentert kvalitetsheving

SV og SP var dei einaste som markerte motstand mot lova. SV-leiar Audun Lysbakken gjorde i sitt innlegg eit poeng ut av kor viktig det er at leiinga ved institusjonane har stor legitimitet, og at val av rektor understrekar den spesielle samfunnsrolla universiteta og høgskulane har.

– Det finst ikkje fnugg av fagleg grunnlag for å hevde at den eine modellen gjev betre kvalitet enn den andre, sa Lysbakken.

Han fann grunn til å stille spørsmål ved at regjeringa likevel set fram dette forslaget som eit kvalitetsfremjande tiltak, utan at det er dokumentert at det vil gje høgare kvalitet.

SV ønskjer også å halde på kravet om to tredels fleirtal for å endre leiingsmodell.

Kunnskapminister Torbjørn Røe Isaksen understreka i sitt innlegg at regjeringa framleis anerkjenner at dei som vil, kan halde fram med valt rektor.

Forslaget til endringar i leiingsmodell for universitet og høgskular avventar no andre gangs handsaming i Stortinget, og departementet har signalisert at ein ønskjer at lova skal tre i kraft i god tid før sommarferien. Det vil gje ei tiltrengt avklaring for dei universiteta som skal byte rektor i 2017.