– Det er på høg tid at forskinga i ABM-sektoren blir registert, meiner leiaren i Forskerforbundet. Men i Cristin-systemet er døra foreløpig stengd.

– Eg er glad for at fleire av innspela til Forskerforbundet kom med i humaniorameldinga. Ikkje minst gjeld det forslaget om at forskinga i ABM-sektoren bør bli registrert i Cristin, seier førstearkivar Tor Weidling i Riksarkivet.

Han viser til den nye stortingsmeldinga om humaniora, der det heiter at regjeringa vil stimulere til meir forskingssamarbeid mellom universitet og høgskular og forskarar ved arkiv, bibliotek og museum (ABM). Regjeringa vil også legge til rette for at forsking og andre relevante aktivitetar utførte i ABM-sektoren, kan bli registrerte i forskingsinformasjonssystemet Cristin, ei sak mange i sektoren har kjempa for i lang tid. I dag er det stort sett institusjonar i UH-sektoren og helse- og instituttsektoren som registrerer forskingsaktiviteten i systemet.

Weidling ønskjer at forskinga skal bli meir synleg, blant anna for andre forskarar i UH-sektoren.

– Det er også viktig å dokumentere forskingsverksemda internt overfor leiinga ved ABM-institusjonane.

– Er det ønskjeleg med eit teljekantsystem for sektoren?

– Vi veit ikkje enno korleis dette vil bli. Men om forskinga kan utløyse midlar til institusjonen, er jo det bra.

Les også: Treng du hjelp til å finne fram i arkiva? Snart må du kanskje betale.

– Må sjå ansvaret 

Leiar Petter Aaslestad leiar i Forskerforbundet er også glad for at AMB-sektoren blir løfta fram i meldinga. Han meiner det er på høg tid at forskingsaktiviteten i sektoren blir registert.

– Dette er eit lite steg framover. Det er viktig å synleggjere den humanistiske forskinga som faktisk går føre seg i Noreg, og at forsking ikkje er avgrensa til universitet og høgskular. Politikarane i kulturkomiteen og kulturdepartementet har ikkje vore opptekne av at dei faktisk har ansvar for forskinga i sektoren. Men humaniorameldinga er forpliktande for alle departementa, og eg går ut frå at kulturministeren no ser ansvaret sitt, seier han.

Også generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet meiner det vil vere positivt for musea å kunne bli del av Cristin.

– Kulturdepartementet vil få betre oversikt over kva musea faktisk bidreg med på forskingsfeltet. Det som er litt synd, er at det ikkje ligg lovnader om pengar i meldinga. Men vi håpar at dette no blir ein realitet, og at det vil kome pengar i neste statsbudsjett, seier Ramskjær.

– Er dette første steget mot eit teljekantsystem for ABM?

– Det kan det jo vere. I alle fall vil det kunne stimulere til meir forsking ved musea.

Les også: Humaniorameldinga: Ingen nye midler til humaniora

Cristin tek ikkje imot

Men i Cristin-sekretariatet er dei slett ikkje klare til å innlemme forsking frå ABM-sektoren.

– Vi ønskjer å ta inn alle som vil ta i bruk Cristin, men systemet i dag er lagt til rette for dei som er med i den resultatbaserte omfordelingsordninga (RBO) til Kunnskapsdepartementet (KD) og Helse- og omsorgsdepartementet. Det er for risikabelt å ta inn institusjonar som ikkje er del av denne ordninga, seier Katrine Weisteen Bjerde, som er dagleg leiar i Cristin.

Alle institusjonar må nemleg gå gjennom dei same omfattande kontrollrutinane, og dei som ikkje er del av RBO, vil bli påførte mykje unødvendig arbeid.

Bjerde seier dei no utviklar ein heilt ny versjon av Cristin, der det blant anna bli mogleg å skilje mellom institusjonar som er del av RBO-systemet, og dei som står utanfor. Men heile prosjektet er sterkt forseinka.

– Teknisk sett kunne vi ta inn fleire også i dag. Men det vil bli ein del ekstra arbeid for oss å handtere dette, og då treng vi større ressursar. Truleg blir det ikkje fleire institusjonar med i Cristin før det nye systemet er klart om to år.

Vil samarbeide med KD

Statssekretær Bård Folke Fredriksen i Kulturdepartementet skriv til Forskerforum at departementet legg til rette for forskingsaktivitet, inkludert i ABM-sektoren.

– Innspela til humaniorameldinga har vist at fleire institusjonar på ABM-feltet finn det utfordrande å konkurrere om forskingsmidlar. Når vi skal utforme framtidige forskingspolitiske verkemiddel på området vårt, vil vi vurdere nærare korleis vi kan svare på denne problemstillinga, seier Fredriksen.

Han seier òg at Kulturdepartementet vil samarbeide nært med Kunnskapsdepartementet om oppfølging av humaniorameldinga.

– Departementet jobbar no med ein FoU-strategi for område vi har ansvaret for, og der vi vil seie meir om korleis Kulturdepartementet vil ta hand om sektoransvaret for FoU.

Les også:

Slik stemmer norske forskere