Du veit det er ille når nerdane demonstrerer.

«You know it’s bad when the nerds start marching». Denne plakaten var å sjå i Oslo-utgåva av vitskapsmarsjen 22. april, som samla demonstrerande akademikarar landet og verda rundt. Forskerforum har vore med på å teikne eit bilete av ein ny forskargenerasjon i Noreg med lite engasjement. No vert vi heldigvis korrigerte. Vitskapsmarsjen mobiliserte mange, unge og gamle. Ved NTNU starta ei gruppe ph.d.-studentar lokale filialar av dei internasjonale protestrørslene New University og ProtestPub (debattmøte på puben). Utgangspunktet var storfusjonen og omorganiseringar han førte med seg, men initiativa lever vidare. Oppsummeringa av behovet er grei, og eg lånar han frå tittelen på eit innlegg frå ph.d.-studentane sjølve i Forskerforum: «Universiteta treng bråk!» For å parafrasere Åge Aleksandersen: Det spirer og gror, og lat det halde fram slik.

Les også: Forskerne tok til gatene. Se bildene her. 

For forskarar går ikkje så ofte i tog. Ser vi bort frå streikemarkeringar, var fakkeltoget i 2005 iallfall det siste, ordentlege forskartoget før vitskapsmarsjen eg hugsar i Oslo. I 2005 var det regjeringas framlegg til ny universitetslov som utløyste protestane, og det er lett å trekkje trådane frå parolane den gongen fram til i dag. Hovudparolen var «Fritt akademia», og den mest tilspissa striden handla om val eller tilsetting av rektor. Protestane mot tilsett rektor og tilhøyrande endring i styringsstruktur vann fram, og lovframlegget vart endra før det gjekk gjennom Stortinget. Men lat oss sjå korleis det har gått med enkeltparolane sidan:

– Vern om gratisprinsippet. Høgre ynskjer framleis studieavgifter for internasjonale studentar, men eit nei frå Senterpartiet stoppa stortingsfleirtal for saka i vinter.

Demokratisk valde leiarar, rektor som styreleiar. Universitetslova vart endra i 2016, slik at hovudmodelen no er tilsett rektor. Stadig fleire universitet (som universiteta i Stavanger og på Ås) går over til dette.

– Forsvar individuell forskingsrett og forskingsfridom. Forskingsretten er under stadig press, ikkje minst målt i prosentdel av kombinerte stillingar. Hovudtendensen er at fleire grupper vitskapleg tilsette må gjere seg fortente til forskingstid i form av publiseringar. Forskingsfridomen har vore eit stort tema for debatt det siste året, for å gje dei rette assosiasjonane kan eg nemne Per Sandberg og laks.

– Kunnskap er inga handelsvare, nei til kommersialisering av norsk utdanning. Dette prinsippet er i beste fall uthola. Forskerforum.no skreiv i mars om at universitet og statlege høgskular kan prise enkelte studium til fleire hundre tusen. NHH tilbyr ein MBA i økonomisk styring og leiing til 390 000 kroner, medan NTNU sel eit leiarskapsprogram på 30 studiepoeng for 195 000.

Les også: – Vi er ikke forskere fordi det er så glamorøst og vi tjener så mye penger

Går vi frå enkeltsakene til hovudstrøymingane, er det mykje å gå laus på for engasjerte forskingsrekruttar. Hilde Refstie, ein av personane bak New University-rørsla i Trondheim, oppsummerer stoda slik i eit intervju med Forskerforum: «Det er mye større press på at universitetene skal levere til næringslivet, og det fører til mindre og mindre rom for en kritisk, langsiktig forskning.»

Les også: – Vil overstyre forskere

Zoomar vi ut til verda att, eller til framsida av Forskerforum, finn vi Donald Trump. Det skal Trump ha, nokon vitskapsmarsj utan han er vanskeleg å sjå føre seg. Stikkorda er liten respekt for kunnskap og vitskap samt store kutt i forskingsløyvingane. Fienden er så sterk og vulgær at opposisjonen, i Noreg òg, kan femne svært breitt.

Les saken her: Trumps politikk rammer forskningen hardt. Nå reiser vitenskapsfolket seg i protest. 

På Forskerforum.no hadde vi ei sak om kvifor folk skulle delta i vitskapsmarsjen, og der figurerte både NTNU-rektor Gunnar Bovim og sosiologiprofessor Aksel Tjora, som nyleg vart vald inn i NTNU-styret. Bovim grunngav deltakinga mellom anna med at uavhengig forsking er viktigare enn nokon gong, ikkje minst som grunnlag for gode politiske avgjerder. Tjora såg det som viktig å jobbe for ei vitskapleg haldning, ei søking etter forståing og sanning, som er økonomisk og politisk uavhengig. Grunnen til at eg trekkjer fram desse to, er at dei i universitetsdebatten har vore kraftige motpolar i saker om mellom anna universitetsdemokrati og toppstyring.

Dermed har eg henta oss tilbake til Noreg att. I ei von om at New University-rørsla spreier seg til fleire byar og landsdelar, vil eg stemme i: Universiteta treng bråk. Alltid.

Les også:

– Derfor skal vi marsjere for vitenskap og kunnskap