Publisert 13. november 2017 kl. 10:43
– Vi er uroa for at regjeringa satsar einsidig på verdsleiande forsking, seier Nina Sandberg, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) og medlem av Utdannings- og forskingskomiteen, til Forskerforum.
– Det er viktig at vi også sikrar gode rammevilkår for dei fagmiljøa som skal utdanne den kompetansen vi treng for å vidareutvikle det norske samfunnet.
Straks legg Arbeidarpartiet fram sitt alternative statsbudsjett. Der kjem det fram at partiet foreslår å etablere tre nye forskingsprogram under Forskingsrådet, i første omgang med løyvingar på 50 millioner kroner kvar:
– Dessutan ønskjer vi sterkare satsing på bioøkonomi, marine næringar og klima- og energifeltet, under fleire departement, seier Sandberg.
Kritisk til ostehøvelkutt
Ap er kritiske til effektiviseringskuttet som regjeringa vidareførte i sitt framlegg til statsbudsjett for 2018.
– Det inneber eit samla kutt i UH-sektoren på minst 830 millionar, som Forskarforbundet heilt rett har peika på. Det er svært urovekkande når vi ikkje har noko grunnlag for å seie at det fungerer slik det er meininga. Det medfører heilt klart mindre handlefridom, og er ein dårleg måte å styre på. I ei tid der sterkare satsing på forsking er heilt nødvendig for å møte dei utfordringane Noreg og verda står overfor, så er det synd at vi ser ein realnedgang i løyvingane til forsking og utvikling, slik ein gjennomgang frå NIFU nyleg har vist, seier Sandberg.
I sitt alternative budsjett foreslår partiet også 100 nye rekrutteringsstillingar i UH-sektoren. Stillingane skal medverke til å utvikle profesjonane, auke omfanget av, og kvaliteten på, forskings- og innovasjonsarbeidet i helse- og omsorgssektoren, medverke til ei god innføring av 5-årig lærarutdanning, og til å utvikle fleire solide fagmiljø innan IKT, teknologi og realfag.
– Vi er uroa over at færre signaliserer at dei vil bli forskarar, og meiner fleire rekrutteringsstillingar er viktig, ikkje minst på grunn av omstillinga vi må gjennom. Forskarrekruttering er ei bevisst satsing for oss, og det er naturleg å leggje vekt på problematikken kring midlertidige stillingar oppe i dette, seier Sandberg.
Krev plan for bygg
Ap sitt alternative budsjett inneheld også 800 fleire nye studentbustader enn i framlegget frå regjeringa, til saman 3000 nye bustader i 2018. Dessutan krev Ap at bygg og infrastruktur i UH-sektoren skal kome inn som ein del av den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
– Vi ser at langtidsplanen fungerer på dei områda der ein gjer konkrete prioriteringar. Vi meiner difor ein opptrappingsplan for bygg vil vere meir forpliktande enn dagens situasjon, seier Sandberg.