– Det hastar om sektoren vil få Arbeiderpartiet til å snu, meiner SV
LUKK

– Det hastar om sektoren vil få Arbeiderpartiet til å snu, meiner SV

Av Johanne Landsverk

Publisert 26. mai 2020 kl. 12:33

Frp, Ap og Sp vil krevje «relevant arbeid» inn i finansieringa for universitet og høgskular.

Den siste veka har det kokt rundt eit forslag frå Frp, Ap og Sp som i samband med den nye kompetansemeldinga ber regjeringa om å legge fram eit nytt finansieringssystem ved universitet og høgskular.

Fakta
Dette punktet har vekt strid:
«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler, om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være: Relevant arbeid etter endt studie, ulike opplegg for videreutdanning, og opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb»

Det som har rysta sektoren, ikkje minst rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo, er forslaget om at eitt av insentiva i eit nytt finansieringssystem skal vere «relevant arbeid etter endt studie». Det vil seie at institusjonane skal bli finansiert ut frå om utdanninga vil føre til relevant jobb i etterkant.

«Direkte rystende», twitra rektor Stølen då saka vart kjend.

– Driv med tåkelegging

Sterkare politisk styring over studieplassar har i alle år vore ei viktig sak for Frp, og no har dei altså fått Ap med på laget.

– Arbeiderpartiet har dei siste dagane prøvd å tåkelegge kva dei har vore med på, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

– For det første kortsluttar forslaget dei prosessane vi allereie er i gang med. Vi jobbar med ein gjennomgang av styringssystemet i norsk UH-sektor, der det også er naturleg å sjå på finansiering. Høgre meiner det er rett å endre finansieringssystemet, men vi synest det er ein dårleg ide at politikarane bestemmer dette på eit bakrom på Stortinget før saka er greidd ut. Alle er einige om at arbeidsrelevans er viktig, men vi er ueinige i forslaget om at det i eit nytt finansieringssystem skal vere tre faktorar eller insentiv, seier Tybring-Gjedde.

– Ap prøver å tåkelegge kva dei har vore med på, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H). Foto: Hans Christian Thorbjørnsen

– Det hadde vore null problem å kome fram til eit forslag der sektoren blir høyrd. Eg håpar difor at Ap kan endre formuleringa på forslaget. Eg opplever at det er stor støtte rundt regjeringas kompetansereform, men på dette eine punktet er vi ueinige.

– Det handlar om tillit til sektoren

Mona Fagerås (SV) i utdannings- og forskingskomiteen er også sjokkert over Ap.

– Eg er svært overraska, særleg over at Arbeiderpartiet er blitt med på dette, seier Fagerås.

– Dette handlar om tillit til sektoren, og det er difor eg vart så overraska over Ap i denne saka. Jonas Gahr Støre snakkar om tillit i annankvar setning, og så har dei blitt med Frp på dette forslaget. Det er heilt umogleg å måle kva som er relevant arbeid. Vi veit at dette kjem til å innebere kutt særleg for humaniorafag som allereie er hardt ramma på grunn av krav om fullførte gradar. Først og fremst er det institusjonane og sektoren som sit på den beste kunnskapen om kva arbeidsmarknaden i framtida treng, seier ho.

Men Torstein Tvedt Solberg (Ap) forsvarer vedtaket.

– Då Frp kom med ein førespurnad om eit felles forslag til kompetansemeldinga, sa vi ja til dette. Vi ønskjer å legge betre til rette for etter- og vidareutdanning og at dei ulike utdanningane skal ha relevans for arbeidslivet, seier Solberg (Ap), som sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Han seier Ap har arbeidd lenge for å få gjennomslag for ei kompetansereform i Stortinget.

– Men vi har blitt motarbeidd av høgreregjeringa. No har regjeringa lagt fram eit innhaldslaus og tafatt framlegg til kompetansemelding. Difor har vi kome med seks konkrete forslag som bør inn i meldinga, og som vil gje ei tydeleg retning og konkret innhald. 

– Partia har ulike ideologiske tilnærmingar, men Ap har heile tida meint at ein må få ein sterkare arbeidslivsrelevans i utdanningane, seier Torstein Tvedt Solberg (Ap). Foto: Mina Haugli

Svein Stølen er framleis overraska over det som har skjedd. 

– Eg veit ikkje kor lenge ein kan gå rundt å vere rysta, men det er soleklart at dette forslaget kom på heilt feil tidspunkt, før sektoren har levert sine innspel. Så dette var uheldig, seier han.

– SV seier det hastar om sektoren skal få Ap til å snu?

– Ja, vi jobbar med politikarane, og så får vi tru at argumenta våre blir høyrd. Vi har hatt gode diskusjonar både med Ap og Frp om dette. Vi er einige om behovet for kompetanse, men dette var ei misforstått forslag, slik vi ser det. Å putte inn relevant arbeid etter utdanning som parameter i ein finansieringsmodell, har vi inga tru på. Vi har eit ganske godt finansieringssystem slik det er i dag, seier Stølen.

– Feil at vi har kortslutta

Solberg meiner fleire i UH-sektoren har misforstått forslaget.

– Det er feil at vi har kortslutta ein prosess. Vi har ikkje vedteke ein modell, men vi kjem med ei tydeleg bestilling til regjeringa om kva dei skal greie ut. Det må leggast fram ein modell i samband med den komande  styringsmeldinga, der også sektoren må takast med i arbeidet. I forslaget vårt er vi veldig tydeleg på at det skal bli ei endring i finansieringssystemet, noko Høgre i fleire år har stemt imot.

– Ifølgje rektor Svein Stølen ved UiO er dette heilt feil tidspunkt?

– Det er eg heilt ueinig i. Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kompetansepolitikk, og då er det Stortingets jobb å handsame dette, seier han.

Solberg er overraska over reaksjonane i sektoren.

– Dei som har teke til motmæle, er først og fremst dei to rektorane ved UiO og UiB. Fleire andre i sektoren har meldt tilbake at dei ønskjer debatten velkomen, seier han.

Ein av desse er rektor Kathrine Skretting ved Høgskolen i Innlandet. Ho er ikkje heilt einig i den krasse kritikken frå UiO-rektor Stølen.

– Eg meiner Stølen har gått for langt i å seie at ingen veit kva arbeidslivet har bruk for. Dei siste åra er det tildelt studieplassar med bakgrunn i kva arbeidslivet treng av arbeidskraft, og det gjeld også dei 4000 nye studieplassane vi fekk i samband med koronakrisa. Så det er ikkje noko rart med forslaget frå opposisjonen, seier Skretting.

– Du meiner forslaget frå Frp, AP og Sp er på sin plass?

– Eg meiner at relevans for arbeidslivet er ein viktig faktor i utdanningspolitikken, men forslaget frå dei tre partia må utgreiast meir. Om ein vil resultatfinansiere arbeidsrelevans, gjeld det å finne gode indikatorar, slik at ikkje institusjonane må bruke endå meir pengar på å rapportere, seier Skretting.

– Ap har sove litt i timen

Mona Fagerås i SV vonar på si side at Ap vil snu i saka, men då er tida knapp. 

– Eg lurer på om Ap har sove i timen her. Eg trudde faktisk at Frp stod heilt aleine i denne saka, seier Fagerås.

Men ho får svar av Torstein Tvedt Solberg:

– Eg vil heller seie at SV har sove i timen når dei ikkje har registrert at Ap har jobba for meir arbeidsrelevans, og sjølv om Ap og Frp har ulike utgangspunkt, er det faktisk mogleg å bli einige om eit forslag, seier Solberg.

  • Les meir: