– Fusjon vil gje betre bibliotektenester
Annonse
Annonse

- Fusjon vil gje betre bibliotektenester

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. oktober 2015

Universitetsbibliotekarane i Gjøvik ser fram til å bli del av NTNU. Der ventar eit større fagmiljø.

--fusjon-vil-gje-betre-bibliotektenester


– Nokre tilsette vil merke endring i arbeidsoppgåvene, seier bibliotekleiar Klaus Jøran Tollan ved HiG.

--fusjon-vil-gje-betre-bibliotektenester


– Det blir fint å få eit større fagmiljø, seier universitetsbibliotekar Karen Marie Øvern ved HiG.

Fakta
  • 1260 årsverk tilknyttet forskning
  • 250-300 personer har akademiske bistillinger ved UiO
  • 250-300 av Forskerforbundets medlemmer er i forskningsrelaterte stillinger og er ikke-medisinere

(Kilde: Erlend B. Smeland/Are Hugo Pripp)

– Eg ser ikkje mørkt på situasjonen for biblioteket sin del, snarare tvert imot. Som del av eit større universitetsbibliotek vil vi kunne levere betre tenester, og vi får eit større fagleg fellesskap, seier Klaus Jøran Tollan, bibliotekleiar ved Høgskolen i Gjøvik.

Mange tilsette er spente eller gruar seg til fusjonen mellom NTNU og høgskulane i Sør-Trøndelag, Ålesund og Gjøvik, som trer i kraft 1. januar 2016. Fusjonen vil gjere NTNU til det største universitetet i Noreg, og avstandane mellom kollegaer som skal samarbeide er store. Ved universitetsbiblioteket i Gjøvik er stemninga likevel positiv.

Annonse

Uvisse, men god stemning

Tollan seier den største endringa vil gjelde tilsette som jobbar med administrering av e-bøker og e-tidsskrift.

– Dei som vil merke fusjonen aller best, er dei som jobbar med elektroniske abonnement, som lisensar, e-bøker og e-tidsskrift. Nokre av oppgåvene knytt til elektroniske abbonement blir no tekne over av NTNU, så det blir nok ein litt anna måte å jobbe på for dei som har dette ansvaret i dag.

Dei fleste skjønar at det ikkje berre blir glansfulle dagar.

Organiseringa av nye NTNU er enno ikkje bestemt, men Tollan seier det vil bli ein felles bibliotekleiar for alle avdelingane. Han fortel at bibliotekarane ved dei ulike institusjonane allereie har hatt ei samling i Trondheim.

– Inntrykket mitt er at det er ein relativ god stemning. Men slike samanslåingar er alltid prega av ei viss usikkerheit.  

– Kan nokre miste stillingane i samband med fusjonen?

–  Nei, det kan eg ikkje tru. Her ved universitetsbiblioteket i Gjøvik har vi berre seks årsverk. Studenttalet ved HiG har auka sterkt dei siste åra, og vi jobbar for at fleire skal få nyte godt av bibliotektenestene våre.  

Blir større fagmiljø

Universitetsbibliotekar Karen Marie Øvern ved HiG gruar seg ikkje til å bli del av NTNU.

– Alle omstillingar er vanskelege, men av dei alternativa vi hadde, var NTNU-fusjonen den aller beste, seier Øvern. Ho gler seg til å bli del av eit større kollegium som held på med undervisning.

– Eg har vore aleine her om å undervise studentar i akademisk skriftproduksjon, det vil seie oppgåveskriving. Så det blir fint å få eit større miljø. Eg kjem til å miste nokre av arbeidsområda mine, men no kan eg i staden fordjupe meg i oppgåvene eg held mest på med.

– Du er ikkje redd for at fusjonen blir arbeidskrevjande?

– Dei fleste skjønar at det ikkje berre blir glansfulle dagar, men vi er partnarar som liknar kvarandre og som har føresetnader for å kunne få til eit godt  samarbeid, seier ho.

Overgang for høgskulane

Bibliotekdirektør Lisbeth Tangen ved NTNU ser også positivt på fusjon med dei andre biblioteka.

– Vi får inn bibliotekarar med ein litt annan bakgrunn. Dei kjem frå høgskular med hovudvekt på bachelorutdanning, og jobbar mot studentane på ein annan måte. Vi kan lære mykje av kvarandre, seier Tangen. 

Ho trur likevel den lange avstanden kan bli ei utfordring.

– Vi må finne gode måtar å få til fagleg samarbeid på. Det blir nok meir reising for ein del tilsette, særleg i starten. Skype og Link blir også viktige arbeidsreiskapar for oss.

Tangen er ikkje i tvil om at overgangen blir størst for høgskulane.

– Vi må harmonisere reglane på ein del område. Vi får felles biblioteksystem, men på nokre område må vi inn på systemet til NTNU. Og no skal fleire leiarstillingar bli til ei leiarstilling, og det kan jo bli ei utfordring. Korleis vi elles vel å organisere bibliotektenestene, vil vere avhengig av kva for organisasjonsmodell som blir vald for nye NTNU, og korleis ein tenker seg det faglege samarbeidet.

Tangen trur fusjonen vil få størst konsekvensar for HiST.

– Ved HiST, som ligg i same byen som NTNU,  vil fusjonen i størst grad påverke kvardagen. Gjøvik og Ålesund er trass i alt ganske langt unna.