Innan nyttår må instituttet bli større, elles mistar dei pengestøtta
LUKK

Innan nyttår må instituttet bli større, elles mistar dei pengestøtta

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. februar 2019 kl. 22:45

Trøndelag Forskning og Utvikling har kniven på strupen.

For Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU) er presset større enn nokon gong. Innan utgangen av 2019 må instituttet ha fusjonert med ein annan institusjon, elles mistar dei basisløyvinga frå staten. Instituttet har i dag om lag 17 forskarårsverk. Det er under minstekravet på 20.

Allereie i 2017 skreiv Forskingsrådet ei tilråding til Kunnskapsdepartementet (KD) om å ta ut instituttet frå basisfinansieringsordninga, fordi det ikkje var stort nok og leverte for lite forsking. I fjor haust kom kravet frå KD om å fusjonere.

– Vi er pålagde å slå oss saman med ein annan forskingsinstitusjon, elles mistar vi grunnløyvinga på tre millionar, seier styreleiar Kirsten Indgjerd Værdal i TFoU.

Styreleiaren seier instituttet no søker samarbeid med eit større forskingsmiljø.

– Dette er ei utfordring, fordi vi har kniven på strupen på ein heilt annan måte enn andre moglege partnarar. Vi er i ein sonderingsfase, der vi har hatt dialog med leiinga ved Nord universitet, som eig over 50 prosent av instituttet. Vi har også vore i dialog med Nordlandsforskning, og det vil bli eit felles styremøte mellom dei to institutta i februar.

– I tillegg har vi samtalar med institutt i Trondheimsområdet, seier Værdal.

– Har ikkje innfridd krava

Som Forskerforum tidlegare har skrive, ønskte administrasjonen i Forskingsrådet ei minimumsgrense på 40 forskarårsverk for institutt som får basisfinansiering. Men dei lempa litt på krava ved å foreslå at institutta skulle bli underlagde ei «skjønnsmessig vurdering». Dei fleste institutta har over 20 årsverk. Men statsråd Iselin Nybø satsråd satte foten ned. Ho har avvist forslaget om at talet på forskarårsverk ved institutta skal auke frå 20 til 40. 

Fakta
<

Statssekretær Rebekka Borsch skriv i ein kommentar til Forskerforum at utspelet frå statsråd Nybø der ho avviste kravet om 40 forskarårsverk ved institutta, ikkje vil påverke vedtaket KD har gjort i denne saka.

– TFoU har over fleire år ikkje oppfylt krava for å få statleg basisløyving. Instituttet har korkje innfridd gjeldande krav til publiseringspoeng per forskarårsverk eller til storleik på instituttet, som er minimum 20 forskarårsverk. Kunnskapsdepartementet har difor streka under at føresetnaden for tildeling av basisløyving for 2019 er at TFoU innan utgangen av 2019 gjennomfører ein fusjon med ein annan FoU-institusjon.

Ønskjer sterke faggrupper

Sjølv om Nord universitet eig over halvparten av TFoU, har instituttet forankringa i Trøndelag, med hovudkontoret i Steinkjer og eit mindre kontor i Trondheim.

Direktør Øyvind Skogvold seier at dei som regionalt forskingsinstitutt har lagt vekt på å tene den regionale marknaden.

– I seinare tid har vi hatt ein strategi om å gå inn i ei større forskingseining. Vi hadde truleg jobba i akkurat same retning uavhengig av vedtaket i departementet, seier Skogvold.

– For oss har det difor mindre å seie om minimumskravet for institutta vil vere 20 eller 40 årsverk. Vi ønskjer at forskarane våre skal ha sterke faggrupper rundt seg.

– Kva konsekvensar kan det få for dei tilsette om de ikkje finn ein partnar før året er omme?

– Det bruker vi ikkje energi på, for vi ønskjer å finne ei løysing, seier Skogvold.

Lokallaget til Forskerforbundet har enno ikkje diskutert saka.

– Så lenge det berre er snakk om sonderingar, har det ikkje vore noko konkret å ta stilling til enno, uttaler tillitsvald Berit Therese Nilsen.

Kven vil fusjonere?

Administrerande direktør Iselin Marstrander ved Nordlandsforskning seier at også dei er på utkikk i marknaden for å sjå på moglege løysingar for samarbeid.

– Vi ser på ulike alternativ: vidareføring som eige institutt, finne partnarar vi kan fusjonere med, eller verksemdsoverdraging med Nord universitet, seier Marstrander.

– Trøndelag Forsking og Utvikling er eitt av institutta vi har prata med. Men det viktigaste for oss er å finne nokon som kan vere med på å styrke oss, anten det gjeld forsking eller andre ting. Det er snakk om å overleve i mange år framover, seier ho.

Hanne Solheim Hansen, som er konstituert rektor ved Nord universitet, seier til Forskerforum at ho enno ikkje har fått oversikt over denne saka, og har ingen kommentar.

  • Les også: