Klorar seg fast
LUKK

Leiar:

Klorar seg fast

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 14. mai 2025 kl. 10:10

Det er kraft i dei aldrande hjernar.

Med ujamne mellomrom har Forskerforum skrive saker om eldre forskarar som ikkje gjev seg.

Klorer seg fast var tittelen på ei sak i 2010. Eg trur Johanne Landsverk, journalisten bak saka, i alle åra etterpå har vore i tvil om dette var eit aktverdig ordval om dei eldre i akademia. «Det er aldersdiskriminering om vi må gå av berre fordi vi er 70 år», sa 69-årige Anders Gustavsson, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo (UiO). Han meinte det var sløsing med ressursar om ikkje universitetet tok vare på kompetansen til eldre forskarar.

Lærums medisin var overskrifta på eit intervju i 2014 med no avdøde Ole Didrik Lærum, medisinprofessor og tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen. Han meinte at vi har ein formidabel ressurs i form av arbeidsføre menneske som vil jobbe, men som ikkje får lov.

Stivbeinte pensjonsreglar tvingar eldre til å trekkje seg ved fylte 70 år. Sjølv hadde han som 74-åring passert den norske aldersgrensa med god margin og arbeidde derfor ved Rigshospitalet i København.

Eit evig forskarliv, ei sak frå 2016, slo i ingressen fast: «Når dei går av med pensjon, kan forskinga starte for alvor.» Eit miljø av emeritus-økonomar ved UiO, stort sett i 70-åra, fortalde om korleis det faglege livet heldt fram, og no med fleire publiserte artiklar enn før. Enkelte av dei underviste enno, på pensjonsvilkår, og identiteten som forskar stakk djupt. Det var viktig å delta på forskarkonferansar for å halde denne ved like.

Forskarar og andre høgtutdanna er dei som står lengst i jobb.

Eg dristar meg til å oppsummere gjennomgangsmelodien i desse sakene: Dei eldre forskararne er ivrige og har mykje å gje. Dei vil halde fram lengst mogeleg, men ikkje stå i vegen for dei unge. Dei har låg pensjonistløn, men er meir opptekne av å heve aldersgrensa enn løna.

Forskarar og andre høgtutdanna er dei som står lengst i jobb. Dei har ikkje vore kjernen i ein mangeårig politisk diskusjon om korleis vi kan få fleire til å jobbe lengre. Mantraet har vore «arbeidslina», det skal løne seg å jobbe. Noko av bakgrunnen er at levealderen aukar, og likeeins den arbeidsdyktige alderen. I tillegg kjem den demografiske forskuvinga: Eit aldrande folk aukar behovet for at fleire betalar skatt når fleire treng stønader eller helsehjelp. Og neste år skjer det noko: Den generelle aldersgrensa for tilsette i staten aukar frå 70 til 72 år. Regjeringa føreslår òg at kommunar og bedrifter ikkje lenger skal kunne ha eigne aldersgrenser under 72 år.

Mange i kunnskapssektoren vil setje pris på høvet til å halde fram i jobben, jamfør tendensen i dei nemnde sakene. Eg vil derfor smette inn det opplagde korrektivet: Også blant desse stillingsgruppene er det folk som ser fram til å gje seg, og denne bodskapen er nok vanskelegare å fremme i eit akademisk miljø dominert av lutheranske friskusar.

Eg spør på ny: Klorar dei gamle seg fast? Vil fleire eldre tilsette i akademia gå på kostnad av dei unge, spesielt når det gjeld faste stillingar? Skjematisk kan ein setje generasjonar mot kvarandre, men dette må vi nyansere på fleire måtar. Vi har ingen «éin ut-ein inn-mekanisme» i akademia. I ei av sakene nemnt over, fortalde no avdøde Karin Gundersen, franskprofessor ved UiO, om korleis ho dei siste åra hadde mista tre kollegaer gjennom aldersavgang. Ingen av dei hadde vorte erstatta.

I ei tid med generell knappheit og nedbemanning er kampen for det totale stillingstalet viktig. Samtidig er rekruttane, som treng føreseielege arbeidsliv, dei mest sårbare. Samfunnet treng å overføre gamal kunnskap og å utvikle ny. Vi treng fleire, ikkje færre, forskarar, og eg vil stille spørsmålet slik: Korleis fordeler vi oppgåvene best mellom forskargenerasjonane slik at vi får både gode resultat og gode forskarliv?

I hovudsaka i dette bladet møter vi dei to aktive forskarane Arild Njå (79) og Terje Lømo (90). Dei driv med hjerneforsking og har eigen lab med forsøksrotter. Saka er ei mangfaldig framstilling om korleis forskarlivet kan halde fram på overtid. Og ved kva alder er eigentleg forskarar på sitt beste? Ha god lesnad, og god vår!

  • Les også: