Leiar: Gje oss ein pandemi, så skal vi vise kva forskinga er god for
Annonse
Annonse

Leiar: Gje oss ein pandemi, så skal vi vise kva forskinga er god for

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 14. april 2021

Det er berre forskinga som kan avdekkje svakheiter ved vaksinane. Men pandemisk kunnskap stoppar ikkje ved medisin, den finst, den trengst, og den kan tenkast fram over heile spekteret av fag.

I Forskerforum er forskaren og forskinga alltid i sentrum. Under pandemien har forskinga vorte sentral fleire stader og på nye måtar. Folkehelseinstituttet er ein mastodont for statistikk og forsking, sjølv etter at dei har vorte iherdig nedbemanna av styresmaktene dei siste åra. Eg vil ikkje forveksle det å vere synleg med det å vere viktig, men Folkehelseinstituttet er no båe delar samtidig: ein av dei viktigaste og mest synlege offentlege institusjonane. «Våre folk» har vorte tydelege aktørar og røyster i samfunnsdebatten om pandemien.

«Dette lille lyset mitt, det skal skinne klart.» Oppveksten min hadde nokre kristne innslag, nok til at eg kom på denne tekstlina. Eg har tidlegare på denne spalteplassen åtvara mot å bruke pandemien til å «sjå sitt snitt» til innsparingar som går ut over tilsette. Eg skal vakte meg mot å gjere det same med motsett forteikn og skal ikkje tenne eit autoritært propagandaljos for forsking. Ein del blafring må likevel vere tillate, og fyrst vil eg hoppe nokre år tilbake.

Annonse

«Den som ventar på ein pandemi ventar ikkje forgjeves.» Slik lydde den lagnadstunge ingressen då Forskerforum intervjua Rebecca Cox i 2012. Ho var, og er framleis, leiar ved Influensasenteret ved Universitetet i Bergen. Den gongen var dei naturlege referansane fugleinfluensa og svineinfluensa. I 2005 døydde folk av fugleinfluensa, og frykten var stor for at sjukdomen òg skulle smitte mellom menneske. I 2009 var det mange tiltak og mykje vaksinering mot svineinfluensa. WHO fekk kritikk for å ha overdramatisert om svineinfluensaen, men i Noreg døydde om lag 30 yngre menneske av sjukdomen. Rebekka Cox uttalte: «Det er veldig lett å vere etterpåklok. WHO følgde planane sine for ein alvorleg influensapandemi. Eg synest dei gjorde ein god jobb under omstenda, for dei kunne ikkje vite kor alvorleg det skulle bli. Det vi har lært, er at vi treng fleire ulike nivå i pandemiplanane. Svineinfluensaen viste seg å vere ganske mild, men tiltaka var planlagde for å møte noko mykje verre.»

Rebecca Cox ved Influesensasenteret da Forskerforum intervjuet henne i 2012. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Det mangla ikkje på realitetsorienterande alvor i intervjuet, men Cox kunne òg trø trøystande til: «Vi har mykje å forsvare oss med. Vi har antiviralmiddel, vi veit at god hygiene hjelper, men det absolutt viktigaste er at vi kan lage vaksinar. Vi er mykje betre rusta i dag enn vi var for berre ti år sidan, og eg trur at vi kan få bukt med også ein alvorleg pandemi.»

Det er berre forskinga som kan gje oss nye vaksinar. Det er berre forskinga som kan avdekkje svakheiter ved vaksinane. Men pandemisk kunnskap stoppar ikkje ved medisin, den finst, den trengst, og den kan tenkast fram over heile spekteret av fag. Forskinga har fått så mykje nytt materiale at mulegheitene er uendelege. For å gje berre eit lite inntrykk av breidda kan eg nemne eit par prosjekt Forskerforum tidlegare har skrive om: Korleis er ulike personlegdomstypar tilpassa dei nye krava vi har opplevd under koronaperioden? Dei uredde og dei spontane er eigna til mangt, men ikkje dei beste til å etterleve godt smittevern. Eller: Korleis kan styresmaktene kommunisere for å oppnå tillit – eller det motsette – under ein pandemi?

På grunn av utgivingsrytmen til Forskerforum markerer vi eittårsdagen for koronastenginga av landet noko på etterskot. Forskarar og andre kunnskapsarbeidarar er ikkje berre aktørar i denne samanhengen. Dei har arbeid og liv som på ulikt vis har vorte endra etter 12. mars 2020. Seks av desse fortel raust og ope om den nye kvardagen i hovudsaka denne månaden.

Sjølv vil eg hoppe endå eit par veker tilbake, til månadsskiftet februar/mars 2020. Koronaen banka på døra, og landet dirra. Tre skulekorps, ikkje minst korpset til dottera mi, skulle halde ein stor konsert i Oslo. Kunne han verkeleg verte gjennomførd?

Jo, 5. mars vart det konsert. «Det vert vel som ein vanleg influensa», var det nokon der som sa. Det verste, og det beste, er: Neste gong kan dei få rett. Men lat meg seie det slik: Neste gong kan det verte vanskelegare å kutte årsverk i Folkehelseinstituttet.

Les også: