«Pausebudsjett» for musea
LUKK

Statsbudsjettet

«Pausebudsjett» for musea

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 6. oktober 2022

Kulturbudsjettet innheld ingen nye satsingar for musea, men det er straumutgiftene som er den store hovudverken for sektoren.

– Det som vil bli avgjerande, er korleis detaljane i straumstøtteordninga blir. Elles må vel dette kunne kallast eit pausebudsjett, seier Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges Museumsforbund.

Framlegget til statsbudsjett er ved første augnekast som forventa for museumssektoren, det vil seie at medan eksisterande satsingar i stor grad blir vidareført, er det ikkje funne rom til nye. Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen har då også gjeve tydelege signal om eit stramt kulturbudsjett i forkant.

Annonse

Ei av dei største overraskingane er at departementet foreslår å kutte ut tilskota til Astrup Fearnley-museet og museet i Kistefos. Men for museumssektoren under eitt, er det dei auka utgiftene til straum og drivstoff som er den største utfordringa.

Uvisse om straumpakke

I midten av september presenterte næringsminister Jan Christian Vestre ei straumpakke til næringslivet, der han gjorde det klart at også musea skulle falle innanfor ordninga. Det er Ramskjær nøgd med, men samtidig er det noko usikkert kor godt pakken vil slå ut for musea. Ho peikar på at mange museum har freda og verna bygg som treng spesielle og kostnadskrevjande energisparingstiltak. Museumsforbundet håpa på fleire detaljar rundt innretninga på straumstøtteordninga i samband med statsbudsjettet, men det er framleis på vent.

– Forbundet har tidlegare understreka til politisk leiing i Kulturdepartementet at det trengst akutthjelp for å handtere situasjonen og at midlar til grøn omstilling også er viktig, seier Ramskjær til Forskerforum.

Straumpakka inneheld både tilskot til straumutgifter og til enøk-tiltak, men desse fungerer som ei overgangsordning i siste kvartal av 2022, før det er meininga at nye fastprisavtalar skal ta over som viktigaste straumprisreduserande tiltak frå årsskiftet. Men ifølgje Ramskjær har mange museum allereie gjort store enøk-investeringar på område som ikkje utløyser støtte frå Enova, og dei kan truleg heller ikkje rekne med å få dette refundert gjennom straumstøtteordninga.

Ei spørjeundersøking gjennomført i september, før straumstøtteordninga vart kunngjort, viser at sjølv om besøkstala for musea er høgare enn i 2021, så ligg dei lågare enn i tida før koronapandemien for eit fleirtal av musea. Dermed kan ikkje høgare billettinntekter kompensere for dei auka straumutgiftene. Fleire museum er allereie i gang med å finne andre område å kutte i, som nedbemanning og redusert publikumstilbod, for å dekke inn dei auka kostnadane.

Ingen kompensasjon for nybygg

– Ein dramatisk konsekvens av budsjettet, er at dei musea som har opna nybygg i 2022, slik som Anno museum og Orkla industrimuseum, og som ikkje fekk kompensert dei auka driftsutgiftene på 2022-budsjettet, heller ikkje får det på 2023-budsjettet, seier Ramskjær.

Samstundes er ho glad for å sjå at det er løyvd vel fem millionar kroner til vidare planlegging av nybygg for det samiske RiddoDuottarMuseat i Karasjok.

– Dette var ein del av «Kunst i nord»-satsinga som var omtala i museumsmeldinga frå 2021, og at det blir følgt opp, er positivt, seier ho.

Løyvinga på fem millionar til stipendiatstillingar i museumsforsking, som kom i førre statsbudsjett, er også vidareført i budsjettet for 2023. Desse midlane blir forvalta av Forskingsrådet.

  • Les om statsbudsjettet for universiteter og høyskoler: