Skal du gjere karriere som forskar? Då kan ein mentor kome godt med
LUKK

Skal du gjere karriere som forskar? Då kan ein mentor kome godt med

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. oktober 2018

Dei hjelper talenta fram, les artikkelutkasta og tipsar om kva for konferansar det er lurt å dra på. Få gjer karriere som forskar utan ein mentor i kulissane.

– Eg liker ikkje ordet mentor. Då får eg kjensla av at nokon står over meg. Forsking er ein kollegial prosess. Det er gruppearbeid på høgt nivå, seier professor Vigdis Vandvik ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Like fullt dukkar ordet mentor stadig oftare opp i akademiske krinsar. I Store norske leksikon er ordet forklart med «eldre venn og rådgjevar, rettleiar». Og driv du med mentoring, er du etter same kjelda ein meir erfaren kollega som fungerer som rettleiar for ein med mindre erfaring.

Silje Bringsrud Fekjær

I ein kronikk i Forskerforum skriv Silje Bringsrud Fekjær ved Oslomet om kva det kan bety for ein stipendiat å vere «noen sin», det vil seie å ha ein mentor eller senior som kan «ta deg under vingene og hjelpe deg fram».

– Veldig ofte er det rettleiaren som har rolla som mentor, men det er ikkje gjeve at alle rettleiarar vil ta denne rolla. Også andre kan ha ein funksjon som mentor, for eksempel ein personalleiar eller ein forskingsgruppeleiar, seier Fekjær til Forskerforum.

Ho peikar på det problematiske ved at ikkje alle får oppleve å vere «noen sin». Det er eit sjansespel kven stipendiaten får på sitt «lag», og kven ein får som rettleiar.

– For det første er goda ulikt fordelte, og for det andre treng det ikkje berre vere eit gode å bli plassert på eit lag. Det kan følgje ein viss ufridom med dette, og det kan bli styrande for kva du som stipendiat kan skrive og meine.

Les kronikken her: «Vi er på forskjellige lag, du og jeg. Du er jo Eva sin.»

Vandvik, som sjølv er rettleiar for stipendiatar ved UiB, kjenner seg ikkje heilt igjen i dette.

– Det er bra at det finst seniorar som kan hjelpe folk fram. Men det viktigaste er å kome inn i eit godt forskarmiljø der studentar på same nivået kan gje tilbakemeldingar til kvarandre. Då eg var student i 1990-åra, kom eg inn i eit fagmiljø ved Institutt for biologi der professorar og studentar kunne diskutere og ete lunsj saman. Det å få vere ein del av ei gruppe, er viktig. Eg kjenner ingen som har blitt gåande aleine, seier Vandvik.

– Viktig å bli kjend

For mange vil det å knyte seg sterkt til ein rettleiar først og fremst vere positivt. Jorunn Thingnes er stipendiat ved MultiLing – Senter for fleirspråklegheit. Det er eit senter for framifrå forsking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Eg har tre rettleiarar, og dei er flinke til å opne dører for meg. Eg har allereie hatt fleire presentasjonar på ulike konferansar, fortel Thingnes, som forskar på språkpolitikk i akademia.

– Folk er forskjellige, men for meg har det vore viktig å bli godt kjend med rettleiarane mine. Ein av dei var også rettleiar då eg tok mastergrad, og ho har vore som ein mentor for meg. Det var gjennom henne eg fekk jobb som vitskapleg assistent, og det var ho som sa at eg burde søkje doktorgradsstipend her ved MultiLing.

Professor Pia Lane (t.v.) og stipendiat Jorunn Thingnes
– Rettleiarane mine har vore flinke til å opne dører for meg, seier Thingnes. Foto: Erik Norrud

Ved senteret er det fleire postdoktorar, som også fungerer som uformelle mentorar.

– Eg spør stadig eit par av postdoktorane om råd, dei jobbar på det same forskingsprosjektet som eg. Det kan vere utkast til tekst, eller andre ting eg ønskjer tilbakemelding på.

Pia Lane er professor ved senteret. Ho har ansvar for tre stipendiatar, og Thingnes er éin av dei. Lane er svært medviten om at ho også har ei rolle som mentor.

– Ja, eg er begge delar. Det viktigaste er avhandlinga, så eg tenker mest på kva stipendiaten treng av tilbakemelding på prosjektet. Men ifølgje retningslinjene her ved fakultetet skal rettleiaren hjelpe stipendiaten inn i vitskaplege miljø. Nettverksbygging er viktig, og ein rettleiar bør oppmuntre stipendiatane sine til å presentere funn på internasjonale konferansar, seier Lane.

Oppmuntrar til konferansar

Sjølv hadde ho same rettleiar på hovudfag og doktorgrad.

– Den første presentasjonen min på ein internasjonal konferanse hadde eg som hovudfagstudent, sterkt oppmuntra av rettleiaren min, seier Lane. Ho meiner dette er ein naturleg del av rettleiarrolla.

Stipendiatane ved MultiLing har alltid minst to rettleiarar.

– Vi diskuterer mykje saman. Som heilt ny stipendiat treng ein ofte litt hjelp til å finne ut kva konferanse ein kan sende eit samandrag til, og eg oppmodar stipendiatane mine til å sende eit utkast til meg først. Men det er ingen heksekunst å kome inn i internasjonale nettverk, meiner ho.

Lane seier senteret er litt spesielt, fordi dei har ressursar til å ta seg av stipendiatane og til å invitere kjende forskarar dit.

– Mange får ikkje så god oppfølging. Det kan også vere stor forskjell på humaniora og dei naturvitskaplege fagmiljøa, på godt og vondt. Innanfor naturvitskap er det gjerne fleire stipendiatar per rettleiar. Til gjengjeld er stipendiatane oftare med på sampublikasjonar, og om du som stipendiat skriv artiklar saman med ein rettleiar mange kjenner, blir namnet ditt synleg.

– Skulle ha stayerevne

Ein professor som har gjort karriere utan tett oppfølging, er Fredrik Thue. Han har doktorgrad i historie og er professor ved Senter for profesjonsstudium ved Oslomet.

– Eg har alltid likt å jobbe aleine. Eg kjem frå ein tradisjon der doktoranden skulle utvikle sitt eige prosjekt, og rettleiaren kom berre inn som ein hjelpar. Generasjonen min hamna på eit vis mellom to regime. Eg tok hovudfag i tid der det var ein kvalitet å ha stayerevne. Det å kunne jobbe seg fram til ei problemstilling på eiga hand vart sett på som ein dyd. Men så kom eit regime der ein i større grad har etterspurt folk som er effektive, produktive og samarbeidsorienterte, og som kan gjennomføre ei doktoravhandling på ei viss tid, seier Thue.

Han fortel at det tidlegare ikkje var rettleiarar på doktorgradsutdanninga.

– Dette kom først med innføringa av eit meir strukturert doktorgradsløp i 1980-åra. Tidlegare var doktoranden sett på som ein vaksen person som skulle klare seg sjølv her i verda, seier Thue.

Han trur det er svært ulike forventningar til om ein rettleiar på doktorgradsnivå også skal vere ein mentor.

– Både personar og fagmiljø er forskjellige. Eg jobbar saman med mange samfunnsvitarar, og der er det mykje sterkare forventningar om at rettleiaren skal vere ein som hjelper deg fram og tek deg med på konferansar.

– Men finst det dei som klarer seg utan ein mentor?

– Innanfor naturfag og medisin er det stor grad av samforfattarskap og forskingsgrupper der stipendiatar også blir del av ein kollektiv prosess. Her ved senteret er det ulike tradisjonar, og det finst framleis doktorgradsstipendiatar som jobbar mest på eiga hand. Men tendensen er at samfunnsvitskap følgjer etter naturvitskapen, både når det gjeld samarbeid og samforfattarskap.

– Bygger opp mentoren

Stig Ove Hjelmevoll, som tidlegare sat i styret for Forskerforbundet, tok doktorgrad i medisin i 2012. Han trur ikkje at alle er skodde for å klare seg utan ein mentor.

– Mange vil vere avhengige av ein senior, sjølv om dei er flinke til å jobbe sjølvstendig. Sjølv var eg godt vaksen då eg tok doktorgraden. Eg var veldig sjølvgåande, og det trur eg rettleiaren min var godt fornøgd med. Men eg hadde i tillegg andre mentorar som har hjelpt meg fram.

Hjelmevoll trur det er svært ulikt i kva grad stipendiatar i medisin blir innlemma i ei forskargruppe.

– Det er veldig ulike miljø også innan medisinske fag. Det finst store doktorgradsfabrikkar der stipendiatane ikkje jobbar med eigne sjølvstendige prosjekt, men forskar for å bygge opp mentoren sin karriere.

I kronikken sin peikar Fekjær på det problematiske ved at yngre stipendiatar ikkje alltid vågar å seie ifrå når ein senior vil ha namnet sitt på ein artikkel.

Hjelmevoll trur ikkje det er rettleiarane som er problemet.

– Ein rettleiar har ofte gode grunnar til å vere medforfattar. Men når leiaren på forskingsgruppa di vil presse seg inn på forfattarlista, då kan det bli problematisk, seier han.

Rettleiaren får æra

Anders Kvellestad er i dag forskar innanfor partikkelfysikk, og som stipendiat fekk han god mentorhjelp.

– Rettleiaren min frå doktorgradsstudiet spelar framleis rolla som mentor, seier Anders Kvellestad. Foto: Erik Norrud

– Rettleiaren min på doktorgradsstudiet var i høgste grad også ein mentor. Utover det reint faglege fekk eg lære om fagtradisjonane og fagkulturen, og eg fekk tips om kva for konferansar det var lurt å reise på, seier Kvellestad. I dag er han postdoktor ved UiO og Imperial College i London. Han har også drive ein del med fysikkformidling, blant anna på NRK-TV.

– Eg hadde lyst til å halde fram med partikkelfysikk, og det må rettleiaren min ha ein stor del av æra for, seier Kvellestad.

Han kjenner likevel fleire som ikkje har fått slik hjelp.

– Eg veit om stipendiatar som nesten aldri såg rettleiaren sin, og som har måtta klare seg mykje meir på eiga hand.

Thingnes ved MultiLing trur det framleis er mange som sit mest aleine med doktorgraden.

– Kanskje jobbar dei aleine fordi dei ikkje er knytte til eit spesielt prosjekt, eller fordi dei forskar på noko som fell litt utanfor i fagmiljøet. Eg har snakka med mange som ikkje er nøgde med rettleiaren, og slett ikkje alle er like flinke til å hjelpe stipendiatane fram, seier ho.

Mentor for alle?

I dag er det snakk om at alle studentar i høgare utdanning skal ha mentor, og regjeringa har sett i gang arbeidet med å få kartlagt korleis ulike mentorordningar fungerer i Noreg og i andre land. Ved UiB er det allereie vedteke at alle studentar frå 2019 skal delta i ei form for fagleg mentorordning.

Ideen om ei mentorordning på lågare nivå er langt frå ny.

– Då Universitetet i Christiania vart etablert i 1811, skulle alle studentar få ein såkalla privatpreceptor, fortel Thue.

– Studentane skulle få råd og hjelp av ein professor som dei hadde eit personleg forhold til, slik det var i det klassiske britiske collegesystemet. Men ordninga med privatpreceptor forsvann ut av seg sjølv. Det tyske og skandinaviske universitetssystemet har vore svært individualistisk, der studenten har skulla klare seg sjølv, forklarer han.

Thue viser til at collegesystemet ved Oxford og Cambridge har hatt eit forholdstal mellom student og lærar som er svært gunstig, og ei slik mentorordning er dermed kostbar.

– I Noreg er det dei billigaste faga, med få lærararar per student, som har vakse mest. Men det har vore eit tilbakevendande problem at mange studentar ved norske universitet kjenner seg einsame.

Hjelp til karriere

Ved MultiLing, der Pia Lane held til, deltek alle postdoktorane i eit mentorprogram.

– Postdoktorperioden er prega av fridom til å bygge opp ein karriere, og mange kan trenge hjelp til å ta dei rette vala. Eg er meir usikker på om vi treng formaliserte mentorprogram for stipendiatar. For dei er målet å få ferdig avhandlinga, seier Lane.

Ho har sjølv delteke i mentorprogram for kvinnelege postdoktorar ved UiO. Liknande program finst blant anna ved UiB, NTNU og UiT– Noregs arktiske universitet. Målet er å få opp talet på kvinner i professorstillingar.

– Har mentorprogrammet hjelpt deg i karrieren?

– På den tida var eg midlertidig tilsett, og eg var i tvil om eg skulle bli i akademia. Mentorprogrammet hjelpte meg til å innsjå at det største ønsket mitt var bli professor.

– Kan ein gjere karriere i dag utan mentor?

– Ja, det trur eg, seier Lane. Men eg trur ein vil få eit betre liv om ein får jobbe i ein mentorkultur, slik vi gjer her ved senteret vårt. Vi hjelper kvarandre til å ta gode val.

– Resultat av feminiseringa

Stadig fleire institusjonar har sett i gang formaliserte mentorprogram. Oslomet har tre ulike program, blant anna for vitskapleg tilsette som ønskjer opprykk til toppstilling. Thue meiner forventningane om at systemet skal legge til rette for karrierebygging, stadig har blitt større.

– Eg synest ikkje at førsteamanuensar som skal bli professorar, burde trenge støttekontakt, seier han. – Ein skal heller ikkje sjå bort ifrå at ei slik utvikling er eit resultat av feminiseringa av akademia. Den tradisjonelle akademiske mentaliteten var jo veldig mannleg.

Postdoktor Kvellestad har på si side aldri sakna formaliserte mentorprogram.

– Eg har hatt kollegaer rundt meg som heilt naturleg har teke ei mentorrolle. Både den tidlegare rettleiaren min og eit par forskarar som eg har jobba saman med i utlandet, har involvert seg i karrieren min.

Men hadde ikkje Kvellestad også klart seg bra aleine?

– Eg kunne hatt lyst til å seie at eg hadde klart meg godt utan mentor, men skal eg vere heilt ærleg, hadde eg ikkje klart meg godt.

– Kva er det viktigaste ein rettleiar må tenke på?

Katrine Nyvoll Aadland 

Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

– At ein er lyttande, og gjev stipendiaten tid til å utvikle seg i sitt eige tempo. Det er viktig at rettleiaren er tilgjengeleg, og at terskelen for å ta kontakt er låg. Rettleiaren må også gje tilbakemeldingar som driv prosjektet framover.

Hilde Refstie

Universitetslektor, Institutt for arkitektur og planlegging, NTNU

– Rettleiaren må ha i bakhovudet at å rettleie doktorgradsprosjektet berre er éin del av å utdanne unge forskarar til å bli reflekterte og kritiske. Nokre rettleiarar er kyniske og ser berre avhandlinga, men då trur eg ikkje stipendiaten klarar å halde motivasjonen oppe.

Eirik Myrvoll-Nielsen

Leiar i Stipendiatorganisasjonane i Noreg 

– Det er viktig å ha ein open dialog. Rettleiaren må vere medviten om at det kan vere vanskeleg for nokre stipendiatar å motsetje seg rettleiaren dersom det oppstår usemje om forskinga, og dersom det kjem spørsmål om å ta på seg ekstra oppgåver utover det som er kontraktfesta.