Tettpakka forsvar for det moderne demokratiet
LUKK

Tettpakka forsvar for det moderne demokratiet

Av Kjetil Vikene

Publisert 1. desember 2021 kl. 10:45

Boka «Religion i moderne samfunn» set dialogen mellom opplyste borgarar i sentrum, men innbyr ikkje så lett til dialog sjølv.

Eg vågar meg på ei kort samanfatting av boka: Med omgrepet «religion» som motvekt, drøftar Skirbekk vitskap (vitskapssamfunnet), ytringsfridom (i rettsstaten) og samfunnsinstitusjonar (i velferdsstaten). Religion, skriv Skirbekk i bokas siste avsnitt, «høyrer menneskelivet til, slik det er, forunderleg og sårbart», og religion blir òg eksempelet par excellence på kva utfordringar som finst «i det moderne samfunn». Som vitskapsfilosofiske ideal legg Skirbekk vekt på kritikk, i kantiansk tapping: ikkje som ei «negativ avvising, men som ei konstruktiv lutring, ei forbetring.»

Dei som har lese Skirbekk veit at det krev høg konsentrasjonsevne å følgje dei tettpakka resonnementa hans. Lesaren veit òg at skrivemåten er stringent og oppdragande i den forstand at argumenta hans særleg har omgrepsavklåring som eit vesentleg endemål. Boka er eit godt forsøk på å gjere oss klare over nøyaktig kva me diskuterer når me snakkar om til dømes ytring, krenking, multikulturalisme eller demokrati.

Den fyrste delen av boka handlar om vitskap, og er ei god grunnlagstenking om kva alle typar vitskap har til felles, i korte trekk «informert og sjølvkritisk argumentasjon og gjensidige læringsprosessar». Desse trekka må òg smitte over på religionane sjølve, særleg dei tre store: Dei må visa seg viljuge til å gå i dialog om og i seg sjølve. I bokas andre del handlar det om rettsstaten, og grensene som er nødvendige å trekkje mot tenking som baserer seg i stort mon på tru og følelsar. Det same gjeld tredje del, som ser religion i lys av andre samfunnsinstitusjonar.

Gjennomgåande i boka ligg ei grunnleggande haldning til kor viktig og kor suverent demokratiet er. Det vert følgt av eit normativt krav: Det er vår fordømde plikt å vere opplyste. Forfattaren legg ikkje skjul på at den nordiske modellen av velferdsstaten er ein vellukka versjon av dette idealet, men òg at me står framfor ei varsla krise. Det ligg mange åtvaringar i teksten, til dømes faren for å miste av syne den avgjerande rolla kulturelle og historiske særeigenheiter – òg dei religiøse – har hatt for modellen.

Boka er opplysande, stringent og prinsipiell og eignar seg best for lesaren som vil vere betre skodd med riktig omgrep til rett tid. Men boka er òg tunglesen. Eit døme på begge delar: «grunngivinga for ytringsfridomen som allmenngyldig prinsipp [er] ikkje empirisk, ikkje deduktiv, ikkje rasjonalistisk [men] framstår som ei ufråkommeleg prosedural norm for seriøs diskusjon.» For eit ålment publikum trur eg dermed vinsten er noko avgrensa, skjønt eg er open for å ta feil her. Frå ein fagleg synsstad vil det største utbytet for fleire av samfunnsfaga kanskje ligge i bokas siste del, der Skirbekk kort går gjennom, og gjev kritikkar av, to bøker frå 2019. Den første er Jürgen Habermas’ siste bok – der grunnsteinen er at religion (kristendomen) enno har potensial til å by på «solidarisk motivasjon» i ei (vestleg) verd i krise. Den andre er boka til Ahmet T. Kuru, med barndom som tyrkisk muslim og vaksenliv som professor i politisk vitskap i USA. Hans bok om islam i eit klasseperspektiv er ikkje like optimistisk som Habermas’, og åtvarar kraftig mot konstellasjonar der politiske og religiøse klassar finn saman. Ein treng ikkje vere pessimist for å sjå at nett dét er eit mogeleg utviklingstrekk – òg i det moderne samfunn.

Hver måned anmelder Forskerforum bøker skrevet av forskere. Her finner du alle våre anmeldelser.