– Treng tradisjonell eksamen
LUKK
Annonse
Annonse

– Treng tradisjonell eksamen

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. februar 2020 kl. 10:03

– Det er uetisk å gje vitnemål til studentar om vi ikkje har kontrollert at dei har kompetanse, seier Bjørn Smestad, dosent ved Oslomet.

I eit intervju med Forskerforum er professor Arild Raaheim kritisk til haldninga om at vi treng eksamen for å kontrollere at studentane har tileigna seg nødvendig kunnskap.

– I Noreg er vi besett av behovet for å kontrollere, seier Raaheim, som er professor i universitetspedagogikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

– Må gå god for at studentane har kompetanse

Dette får dosent Bjørn Smestad ved Oslomet til å reagere:

– Det vil ofte vere nødvendig med eksamensformer der det er grenser for kor mykje hjelp studenten kan få, seier Bjørn Smestad. Foto: Sonja Balci/Oslomet

– Vi har ikkje lov til å dele ut studiepoeng utan at vi kan gå god for at studentane faktisk har oppnådd kompetansen dei skal. Dette er av omsyn til elevar, pasientar og andre som vil bli «brukarar» av dei kandidatane vi gjev studiepoenga til, seier Smestad, som tidlegare har vore studieleiar ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning ved Oslomet.

Raaheim har kalla tradisjonelle eksamensformer for ein uhaldbar, uetisk og uforsvarleg praksis. Også dette vekkjer reaksjonar:

– Det som er uetisk, er å gje vitnemål til studentar om ein ikkje veit at det er studentane sjølve som står bak eksamensprestasjonen. Difor vil det ofte vere nødvendig med eksamensformer der det er grenser for kor mykje hjelp studenten kan få, seier Smestad.

– Oppgåver utforma som lurespørsmål

Raaheim seier det særleg er eksamen med fleirvalsverktøy (multiple choice) han har i tankane når han meiner eksamen kan vere uetisk.

– Det er ikkje bruken av multiple choice i seg sjølv som er problematisk, men eg har sett fleire eksempel på at oppgåvene er utforma som «lurespørsmål», og eg meiner det er uetisk å nærmast lure studentane. Det er også uhaldbart og uforsvarleg om ein etterspør svært detaljert informasjon og ikkje har kvalitetssikra svaralternativa, og kanskje opererer med svaralternativ der ingen er korrekte.

Raaheim tek til orde for å innføre alternativ til eksamen. Då vil ein få betre samsvar mellom beskriving av læringsutbytte (det studentane skal kunne) og vurderinga, meiner han.

– Viktige problemstillingar for sektoren

Helge K. Dahle er dekan ved Det matematisk-naturvitskapleg fakultet ved UiB, der Raaheim underviser i universitetspedagogikk.

– Eg meiner Raaheim tek opp viktige problemstillingar som vi bør diskutere vidare i sektoren, seier Dahle. Han seier det framleis er svært mange vitskapleg tilsette ved UiB som meiner ordinær eksamen er best.

– Det er vanskeleg å få gjennomslag for formative vurderingsformer som alternativ. Med formativ vurdering skal eksamen ikkje vere ein kontroll til slutt slik det tradisjonelt har vore praktisert, men vurderinga skal bestå av testar og innleveringar undervegs, seier han.

– Det finst gode og dårlege skuleksamenar

Førsteamanuensis Line Torbjørnsen Hilt, som er leiar for undervisningsutvalet ved Institutt for pedagogikk ved UiB, seier at eksamen og vurderingsformer ofte blir diskutert i utval og andre forum ved instituttet.  

– Vi må ikkje gløyme at eksamen tener ulike formål, seier Line Torbjørnsen Hilt. Foto: Anniken Mohr

– Ved Institutt for pedagogikk gjer vi bruk av ei brei vifte av vurderingsformer til eksamen. Men det kan hende at andre fagmiljø bruker tradisjonell skuleeksamen for mykje, det har eg ikkje oversikt over, seier Hilt.

– Raaheim meiner tradisjonell eksamen fort blir bare oppgulp?

– Ja, det er nok ein viss fare for det. Samtidig kjem det an på oppgåva som er gitt. Det finst nok både gode og dårlege skuleeksamenar.

Ho seier ein heller ikkje må gløyme at eksamen tener ulike formål.

– Eitt av formåla er å vurdere kunnskapen til studentane, slik at ein skal kunne sortere dei frå kvarandre. Vitnemålet til studentane gjev informasjon til samfunnet om kvar dei står. Samtidig har Raaheim rett i at det bør vere samsvar mellom det ein ønskjer å vurdere og vurderingsform, meiner Hilt. 

Opptekne av varierte vurderingsformer

Smestad ved Oslomet er på si side kritisk til påstanden om at det ofte ikkje er samsvar mellom læringsmål og vurderingsform. 

– Vi har eit studieutval som skal godkjenne planane, og som er veldig opptekne av om det er samsvar mellom det du skal teste og eksamensformene. Vi har store diskusjonar rundt dette, og kvar gong vi lagar eit emne, blir også vurderingsformer diskutert, fortel han.

– Ved lærarutdanninga er vi opptekne av varierte eksamensformer, også fordi vi meiner lærarar må få erfaring frå eit mangfald av vurderingsmåtar, seier Smestad.  

Les også: