Universiteta forsømmer norsk

Av Johanne Landsverk

Publisert 28. november 2018

Lærestadene må ta større ansvar for norsk fagspråk, meiner forskingsminister Iselin Nybø. – Politikarane møter seg sjølve i døra, seier førstelektor ved USN.

– Eg vil bruke tildelingsbreva i 2019 til å be institusjonane om å følgje utviklinga for norsk fagspråk særleg tett.

Det sa forskingsminister Iselin Nybø då ho saman med kulturminister Trine Skei Grande arrangerte konferanse om norsk fagspråk i akademia i Oslo 13. november.

Tildelingsbreva frå departementet inneheld føringar og forventningar til lærestadene, blant anna resultatmål og rapporteringskrav.

Norsk fagspråk er under press, og nye tal viser at over 90 prosent av norske vitskaplege publiseringar er på engelsk. Dei to ministrane uttrykte uro over utviklinga, og meinte at institusjonane må ta ansvar for å ta vare på og utvikle det norske fagspråket. Dette ansvaret er også nedfelt i universitets- og høgskulelova frå 2010.

– Forskarane må sjølvsagt bruke engelsk i internasjonal publisering, men det er også viktig å ha tidsskrift og publisering på norsk, uttrykte Trine Skei Grande.

Stimulerer til engelsk

Førstelektor i språk Kristian Ihle Hanto ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), meiner politikarane har seg sjølve å takke:

– Når dei som har den politiske styringa, kritiserer sektoren for at det blir for mykje engelsk og for lite norsk i akademia, kan dei vel berre sjå på finansieringsmodellen som dei sjølve har snikra i saman. Her møter politikarane seg sjølve i døra, seier Hanto.

– Dei økonomiske stimulansane pressar sektoren mot ei utvikling der ein større del av publiseringa er på engelsk, og ein stadig mindre del på norsk, seier han.

 Vil ha insentiv og måling

Terje Lohndal er professor ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, og nestleiar i eit utval utnemnd av Språkrådet, det såkalla framtidsutvalet. Utvalet har sett på korleis språkpolitikken kan sikre at norsk språk kan vere i bruk på alle samfunnsområde i framtida.

– Det som ikkje kan målast, blir ikkje gjort. Og slik er det også ved universitet og høgskular, uttalte Lohndal då han la fram fleire tilrådingar frå utvalet, som nyleg kom med ein ny rapport:

– Institusjonane må målast på i kva grad dei oppfyller det lovfesta ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Og det må utviklast overordna, effektive insentiv og ressursar for å støtte opp under bruken av norsk fagspråk i UH-sektoren, sa Lohndal.

Ekspertutvalet tilrår også at institusjonane må definere kva for språkkompetanse studentane treng på norsk og engelsk, både ut frå behovet i studiane, men også ut frå behova i samfunnet.

Sovande strategiar

Kunnskapsdepartementet har slått fast at norske universitet og høgskular må utforme eigne lokale språkstrategiar.

– 14 av 20 institusjonar har ein slik språkstrategi i dag. Men det er få teikn på at institusjonane gjer noko som helst for å røkte det norske fagspråket. Det er sovande strategiar, og i nokre tilfelle er det snakk om at strategiane skal takast bort, ifølgje Lohndal.

– Svært få institusjonar legg til rette for at dei tilsette skal skrive lærebøker, og det er få som bruker ressursar på å legge til rette for formidling til allmenta. Det er også få strategiar som handlar om forholdet mellom norsk og engelsk på institusjonane.

– Som å lappe på det gamle

Hanto ved USN reagerer på forslaget om å innføre insentiv.

– Det er greitt å lage nye insentiv til å bruke norsk, men det blir litt komisk når mange av insentiva som er lagde inn i finansieringsmodellen dei seinare åra, har styrking av engelsk som konsekvens. Det blir som å lappe på eit operativsystem, der ein berre legg nye ting oppå det gamle, i staden for å sjå på hovudinsentiva som ligg i finansieringsmodellen, meiner han.

Også Åse Gornitzka, som er viserektor for forsking og internasjonalisering ved UiO, har innvendingar:

– Eg trur det er vanskeleg å trykke altfor mange insentiv inn i eit finansieringssystem. Teljekantsystemet utgjer ein relativt liten del av finansieringsmodellen i høgre utdanning, og det er god grunn til å sjå på kvifor nokre insentiv får meir effekt enn det andelen av finansieringssystemet skulle tilseie, uttalte ho på konferansen.

Ho var også negativ til førestellinga om at ingenting blir gjort om det ikkje ligg eit insentiv bak.

– Å innføre språkkrav som ein type insentiv med indikatorar ein får pengar etter, trur eg er heilt feil veg å gå.

  • Les også: