Var det for tidleg å feire? Det kan sjå slik ut.
LUKK

Lønnsoppgjør 2023:

Var det for tidleg å feire? Det kan sjå slik ut.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 26. juni 2023 kl. 10:47

Dersom fasiten vert ein prisvekst på 5,4 prosent, vert det endå eit år med reallønsnedgang.

Lønsoppgjera i offentleg sektor går ofte til mekling. Difor sneik det seg inn ei «var dette alt-kjensle» då partane vart samde alt til forhandlingsfristen 1. mai. Ytringane frå arbeidstakarsida var ikkje av typen «dette var det vi kunne oppnå no» eller «vi var ansvarlege og ville unngå streik i ei krevjande tid». Ettersom ramma for oppgjeret var på 5,2 prosent, medan prisveksten for 2023 var anslått til 4,9 prosent, kunne dei feire reallønsvekst. Til og med lærarane var nøgde.

Etter eit par år med høgare prisstiging enn vanleg, og høgare enn føresett, var dette viktig. For høgt utdanna offentleg tilsette var det òg eit poeng å kunne kappe innpå, iallfall ei aning, gruppene med høgare utdanning i privat sektor, dei som i tariffspråk går under det mytiske namnet industrifunksjonærane. Eg har sett gamle funksjonærbustader i Odda og på Rjukan, og kan aldri hugse å ha møtt ein industrifunksjonær. Men i tariffsamanheng er det dei som får bonusar og tillegg som kjem for ein dag når reknskapen vert gjord opp året etter.

Forskerforbundet tilhøyrer hovudorganisasjonen Unio, som i fjor takka farvel til samarbeidspartnarane i YS og LO. Akademikerne vart den nye allierte, og i det nye regimet har vi to sett med hovudtariffavtalar i staten: ein for YS og LO, og ein annan for Unio og Akademikerne. Interessemotsetnaden er om lag slik: YS og LO ynskjer mest til dei lågtlønte, og det er ikkje så farleg med høgare utdanning. Unio og Akademikerne tykkjer det er farleg med høgare utdanning. Det skal gje utteljing. Tenk på studielåna.

Men så: I revidert nasjonalbudsjett, som regjeringa la fram i mai, var prognosen for prisveksten i år heva til 5,4 prosent. Denne prognosen kjem knapt frå ein meir autoritativ instans enn dei andre, men jo lengre ut i året det lir, jo betre grunnlag har ein for å treffe. Dersom den siste prognosen slår til, og ein held fast ved rammene for lønsoppgjeret, vert det inga auka kjøpekraft likevel. Dette laga Dagsrevyen ei sak om 18. mai. Der sa Fellesforbundet i LO at det no kan verte aktuelt å krevje meir i lokale tillegg enn den avtalte ramma på 5,2 prosent skulle tilseie. NRK viste bilete av Peggy Hessen Følsvik som på LO-leiarvis knytte neven og sa at «saman er vi sterke». Så kom denne replikkvekslinga mellom intervjuaren og Kai Johansen frå Fellesforbundet: «Var det for tidleg å feire?» «Det kan sjå slik ut.»

Dersom fasiten vert 5,4 prosent, vert det endå eit år med reallønsnedgang. Derfor krev Fellesforbundet eit ekstra løft der det er mogeleg, i praksis i verksemder som har råd til det. Smittar dette til offentleg sektor? At Forskerforbundet gjennom Unio no samarbeider med Akademikerne, ein garantist for krav om lokal lønsdanning, er framleis ein ny situasjon. Utforskinga av handlingsromet er ikkje ferdig. Skikk og bruk har heller ikkje sett seg. Lokallaga ved institusjonane utmeislar eigne prioriteringar, men det er eit visst spelerom for Forskerforbundet sentralt. Dei må vurdere i kva grad dei vil gje signal om kva som er ei fornuftig eller ynskeleg line dei lokale forhandlingane. Oppgjeret i fjor viste iallfall at lokale oppgjer ikkje nødvendigvis vil seie individuelle tillegg. Ein stor del av tillegga rundt om på institusjonane var generelle.

Den justerte prognosen for prisveksten kan òg få konsekvensar for dei lokale forhandlingane i offentleg sektor. Gjert-Anders Askevold, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Høgskolen på Vestlandet seier: «Med de tallene får vi ikke lønnsøkning i det hele tatt. Vi får sette vår lit til at høgskolestyret kan bevilge oss mer penger til de lokale lønnsforhandlingene.»

Kva skjer dersom alt vert som vanleg i året som kjem? Jo, det viser seg at prognosane for prisvekst vart for låge. Det kjem for ein dag at privat sektor ikkje har halde seg så lojale til frontfaget som dei vil at andre tariffområde skal vere. Ikkje minst er det ein del mytiske funksjonærar i industri som går godt som har fått rause bonusar utover hausten. Fagforeiningane i offentleg sektor seier at det ikkje går an. Dette etterslepet kjem oppå alle andre etterslep dei siste åra. Og til slutt seier dei, med ein liten vri: Sjå her, Peggy Hessen Følsvik: Vi òg har ein knyttneve.

  • Les meir: