«Marsj for vitskap» let forskarar lukke augo for dei mange sidene ved forskingssystemet som ikkje fungerer, fryktar vitskapsfilosof.
– Utan forskarutdanning er det lett å misforstå uvisse og tru at ingenting er sikkert, seier Anne Husebekk. Foto: Torbein Kvil Gamst/UiT

Fakta

March for science

  • protestmarsj til støtte for vitskap, på initiativ frå forskarar i USA
  • går av stabelen laurdag 22. april i kring 400 byar verda over, inkludert Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim
  • er «ei feiring av vitskap» og støttar «robust finansiert og offentleg formidla forsking som grunnlag for menneskeleg fridom og velstand»
  • er første steg mot å bygge ei folkerørsle for forskingsformidling og vitskapleg fundert politisk aktivisme

 

Nest siste laurdag i april tek forskarar til gatene. Ideen om ein demonstrasjon i Washington spreidde seg raskt, og i skrivande stund er det registrert 393 demonstrasjonar over heile verda, også i Noreg, der einskildforskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Universitetet i Oslo har teke initiativ til å hekte seg på den internasjonale organisasjonen.

Arrangørane skriv på nettsidene at demonstrasjonen er eit «forsvar for kunnskap, uavhengig forskning og uredd forskningsformidling».

– Farleg mistillit

– Vi ser at resultat produserte av vitskapleg metode og systematisk undersøking, blir utfordra av anekdotar og udokumenterte påstandar på sosiale medium. Det gjev politikarane høve til å sjå bort frå forskinga når dei tek avgjerdene sine, seier rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø på spørsmål om kvifor ho støttar demonstrasjonen.

Husebekk uttrykte nyleg uro over framveksten av «alternative fakta» i eit innlegg i Nordlys. Sjølv er ho vekkreist og får ikkje delteke i demonstrasjonen i Tromsø, men ho fortel at rektoratet vil vere godt representert.

– Dersom ein til dømes vel å ikkje ha tillit til forsking som viser at klimaendringane for ein stor del er menneskeskapte, meiner eg det er direkte farleg. Då vil ein ta politiske avgjerder som går ut over oss alle, seier ho.

Intern mobilisering

Også professor og kommande rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, støttar marsjen og kjem til å delta. Stølen ser på demonstrasjonen som meir enn ei støtteerklæring til amerikanske forskarar som no opplever sterkt reduserte offentlege løyvingar.

– Eg ser også på dette som ei intern mobilisering. Vi vil jo danne grunnlag for samfunnsutviklinga vidare. Då må vi involvere oss i samfunnsdebattar, og ikkje minst syte for vår viktigaste oppgåve: Å utdanne framtidas kunnskapsarbeidarar. Vi må gje dei verktøya til å reflektere over kva for ansvar dei har, seier han.

Men ikkje alle er samde i at demonstrasjonen er ein god idé. Ein av dei er Andrea Saltelli, forskar ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved Universitetet i Bergen.

– Den viktigaste grunnen min er at marsjen blir oppfatta som ein demonstrasjon mot president Trump, seier Saltelli.

– Ikkje at eg er glad for Trump. Men eg ser konflikten som eit symptom på fornekting. Når forskarar kan stå saman mot ein felles fiende, slepp vi å tenkje på våre eigne problem.

– Gjev feil bilete

Problema han siktar til, er mange og komplekse, og Forskerforum set jamleg søkelys på fleire av dei: Mange forskingsresultat kan av ymse årsaker ikkje reproduserast. Insentiva i internasjonal forsking, som premiering av høgt publiseringsvolum i dei rette tidsskrifta, blir skulda for å favorisere kvantitet og «trygge prosjekt» framfor kvalitet, og såleis føre til einsretting. For å nemne noko.

– Dersom vi også hadde demonstrert mot det som er gale med dagens forskingssystem, hadde det vore ei anna sak. Eg er ikkje mot å demonstrere, men eg er motstandar av å promotere ein idealisert versjon av vitskap, seier Saltelli.

Saltelli medverkar i ei fersk bok frå SVT med tittelen Science on the Verge («vitskapen på brestepunktet»), som tek opp dei sosiale og politiske implikasjonane av eit tilsynelatande stadig aukande omfang av feilslått etterprøving, tilbaketrekking av artiklar, fusk med fagfellevurdering og publisering, og politikkutforming på sviktande vitskapleg grunnlag.

Har tru på signaleffekten

Dersom ein gjerne vil demonstrere til støtte for vitskapen, korleis skal ein handtere at vitskaplege fakta ikkje alltid er så pålitelege som dei burde vere?

Det trengst haldningsskapande arbeid som universiteta må bidra til, meiner UiT-rektor Anne Husebekk.

– Her i Tromsø arrangerer vi årleg Munin-konferansen om publisering og open tilgang til forsking. Vi har hatt besøk av internasjonalt framifrå akademikarar som sterkt framheva at vi må finne vurderingsmåtar som ser på forskingskvaliteten og ikkje på tidsskriftet. Vi har også laga eit register der forskarar kan registrere sine vitskaplege data. Dermed kan andre lettare etterprøve resultata, og data kan brukast på nytt i andre samanhengar.

– Er det fare for at ein slik demonstrasjon kan verke mot formålet sitt dersom det blir oppfatta som at forskarar sluttar rekkene mot legitim kritikk?

– Forskarar er generelt ikkje veldig politiske. Når dei no for ein gongs skuld marsjerer, meiner eg det er eit viktig signal om at det ikkje finst lettvinte løysingar på komplekse problem, seier Husebekk.

– Må fortene tilliten

Tilliten til forsking er gjennomgåande høg i dei fleste land, og særleg i Noreg. Ei eurobarometerundersøking frå 2010 viste at kring 70 prosent av nordmenn var samde i at vitskap og teknologi gjer livet enklare og sunnare. Men samstundes meinte om lag 50 prosent at vitskapen endrar samfunnet for raskt.

Ein leiarartikkel i tidsskriftet Nature i februar tok opp denne tråden og hevda at spørsmålet ikkje bør vere korleis forskarar kan forsvare seg mot Trump, men heller: Kva kan forsking tilby dei som stemte på han? Leiarskribenten peikar på at den store forteljinga det internasjonale forskarsamfunnet likar å framføre – at offentlege investeringar i forsking betalar seg i form av uventa gjennombrot som skapar arbeid og velstand for samfunnet som heilskap – berre delvis er sann. Sjølv om forsking skapar velstand, kjem ikkje velstanden alle til gode.

– Det kjem mange forslag til korleis vi kan rydde opp i alt frå ureproduserbare resultat til misbruk av kvantitative mål, og eg applauderer desse tiltaka. Men samstundes må vi ikkje gløyme at forskingssamfunnet er medansvarleg for ein sterk asymmetri i måten vitskap blir brukt på. Dei som har mest makt og pengar, har også best tilgang til vitskap. Dersom vi meiner alvor med at vi ønskjer oss kunnskapsbasert politikk, bør vi undersøke systematisk korleis denne kunnskapen blir produsert, og kven som kan bruke han, seier Andrea Saltelli.

– Snakk sant om uvisse

På spørsmål om korleis forskarar bør stille seg til kritikk om at dei medverkar til aukande ulikskap, blir Svein Stølen stille i telefonen.

– Det veit eg ikkje heilt kva eg skal svare på, seier han til slutt, men meiner at kritikken blir vel generell.

– Eg er oppteken av at vi må verne om kjerneverdiane. Og det er viktig at forsking blir tilgjengeleg for alle. Det er jo hovudpoenget med open tilgang, som vi prøver å kjempe fram. Forskingsresultat og datagrunnlag må vere tilgjengelege også for land og personar med lite ressursar.

– Vel. Vaksinasjon er eitt av dei aller største framstega for den globale folkehelsa, svarar Anne Husebekk på same spørsmål.

– Store helseframsteg er nesten utelukkande baserte på systematisk innsamling av data og dei resultata ein kan trekke ut av dei. Men ein må vere nøye med konklusjonane som blir trekte, og kor sikre dei er. Vi må ha system som tek høgde for uvisse, og vi er kanskje ikkje flinke nok til å kommunisere kva uvisse faktisk tyder.

Individuelle forskarar kan gjere mykje gjennom å kjempe mot intern ukultur, meiner Andrea Saltelli.

– Forskarar kan kjempe mot mange faktorar som gjer forskinga dysfunksjonell. Men det kostar, fordi ein då alltid vil kjempe mot mektige aktørar. Eg trur vi treng ein ny kontrakt mellom forsking og samfunn: Forsking med samfunnet.

 

LES OGSÅ:

– Derfor skal vi marsjere for vitenskap og kunnskap