Den britiske regjeringa seier at parlamentsmedlemmen som sende brev til universiteta, handla på eige initiativ.

Britiske akademikarar reagerte sterkt etter at den konservative parlamentsmedlemmen og Brexit-tilhengaren Chris Heaton-Harris sendte brev til ei rekkje universitet der han ba om å få utlevert namn på personar som underviser i europaspørsmål, men spesiell vekt på Brexit. Han ba også om å få kopi av pensumlister og undervisingsmateriell som dekkjer temaet.

Til avisa The Guardian seier rektor ved Worcester University, David Green, at det gjekk kaldt nedover ryggen hans då han las brevet.

– Dette brevet, som berre ber om informasjon, ser så uskuldig ut, men i røynda er det veldig farleg, seier han.

– Dette er første steg mot tankepolitiet, politisk sensur og «nytale», rettferdiggjort som «det britiske folkets vilje».

I brevet sa ikkje Heaton-Harris noko om kva han tenkte å bruke informasjonen til.

Den britiske statsministerens kontor gjekk seinare ut i media og sa at Heaton-Harris hadde sendt brevet på eige initiativ som parlamentsmedlem, og ikkje på noko vis representerte regjeringa. Heaton-Harris uttala etterpå via Twitter at han støttar ytringsfridom ved universiteta og ein open debatt om Brexit.

«Burde ikkje vore sendt»

Universitets- og forskingsminister Jo Johnsen har seinare sagt at brevet «nok ikkje burde ha vore sendt». Andrea Leadsom, leiar av Underhuset og partikollega av Heaton-Harris, meiner derimot at universiteta ikkje har noko å frykte.

– Universiteta er bastionar for ytringsfridom, så eg tykkjer det er rart at dei blir så opprørde over at nokon stiller dei eit enkelt spørsmål, seier ho til The Guardian.

Spørsmålet om Brexit har ført til betente debattar mellom britiske akademiske institusjonar og konservative politikarar og andre som støttar Storbritannias utmelding av EU. Mange akademikarar røysta mot utmeldinga, og er blitt kritiserte for det i ettertid.

Den britiske University and Colleges Union (UCU) har skrive til forskingsminister Jo Johnson og bede han ta kraftig avstand frå brevet til partikollegaen.

– Dette forsøket frå Chris Heaton-Harris på å setje i hop ei liste over professorar som skal «takast», har eit gufs av McCarthyisme over seg, og Jo Johnson må ta avstand frå det i dei klaraste ordelag, sa generalsekretær i UCU, Sally Hunt.

Professor i politikk og internasjonale relasjonar ved University of Kent, Matthew Goodwin, spør retorisk i The Guardian kva som vil bli det neste.

– Kjem regjeringa til å gå igjennom forskingsprosjektsøknadar for å sjå om dei stemmer overeins med regjeringa sin Brexit-politikk?