- Ved Høgskolen i Oslo og Akershus kunne dei bestemme alt, seier forskingsleiar ved Afi.

--dei-store-bestemmer-ved-fusjon

--dei-store-bestemmer-ved-fusjon

Fakta

– Det tøffaste i prosessen var at Afi ikkje hadde rett på reell medverknad. Høgskulen kunne bestemme alt, seier Ann Cecilie Bergene, forskingsleiar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Bergene var tillitsvald ved Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) då instituttet 1. januar 2014 vart innlemma i HiOA. Afi gjekk frå å vere eit privat forskingsinstitutt til å bli del av ein statleg institusjon. Bergene kallar det ikkje ein fusjon, men ei verksemdsoverdraging.

– Fordi institusjonen ikkje var del av høgskulesystemet, men ein ekstern institusjon med eigen tariffavtale, vart vi ikkje likeverdig partar i forhandlingane. I praksis var det berre dei tillitsvalde på høgskulen som hadde reell medverknad.

Dei små må tilpasse seg 

Retten til medverknad kan også bli sett på prøve i desse dagar. Frå 1. januar 2016 skal ei mengd institusjonar slå seg saman, og nokre skal inn i ein institusjon som er mykje større. Men får dei små vere med på å bestemme?

– Det er jo dei små institusjonane som kjem utanfrå og inn i den store verksemda som kjenner på problemstillinga, seier seniorforskar Jan Hongslo. Han er tillitsvald ved det lokale Forskerforbundet ved Folkehelseinstituttet, som frå 1. januar 2016 blir slått saman med Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus), Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta og Sekretariatet for Vitskapskomiteen for mattryggleik.

I forhandlingane er Folkehelseinstituttet den store parten, og Hongslo seier dei tillitsvalde ved dei små institusjonane er meir vare på om dei får vere med å påverke prosessen.

– Dei kjem til eit anna system, og det er alltid vanskelegare å endre på det store systemet enn på dei små som kjem utanfrå. Dermed vil det bli endringar for ein del tilsette. Dette handlar også om tap av identitet, og om at dei som kjem inn i ein større organisasjon ikkje kjenner seg forstått med sine spesielle behov, seier han.

– Viktig å snakke saman

Hongslo meiner det viktigaste i slike prosessar er å snakke saman.

– Mi erfaring er at vi ikkje greier å setje av nok tid, fordi det stadig dukkar opp nye problemstillingar. Vi har oppretta grupper, slik vi skal etter omstillingsavtalen, der ein kan ta opp alt ein lurer på. Den underlegne parten har nok lett for å fokusere på detaljar. Det er mykje lettare for den store å seie: «Pytt, dette ordnar seg!».

Ifølgje Hongslo er det største problemet at det ikkje følgjer ressursar med fusjonen.

– Når Sirus skal samlokaliserast med oss på Folkehelseinstituttet, ønskjer dei jo ha det slik dei er vane med. Omstillinga fører til store kostnader som gjer at budsjetta våre ikkje vil gå rundt.

Elin Kristin Bye, som er hovudtillitsvald ved Sirus, seier prosessen har vore utfordrande.

– Men Folkehelseinstituttet har teke imot oss på ein imøtekommande og profesjonell måte. Sjølv om vi er små, føler eg at vi har nådd fram med synspunkta våre i dei ulike sakene, seier Bye.

Vart ikkje høyrd

Bergene ved Afi trur det er lettare å fusjonere for institusjonar med det same avtaleverket.

– Som tillitsvald ved Afi kunne eg vere einig med arbeidsgjevaren min om kva løysing som ville vere best for oss, men korkje leiinga eller dei tillitsvalde ved HiOA var einige. Eg vil ikkje kalle dei tillitsvalde ved høgskulen for usolidariske, men dei var heller ikkje spesielt opptekne av å høyre på og forstå oss, seier Bergene.

Afi, som i dag ligg under Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved HiOA, driv med oppdragsforsking som før.

– Vi har framleis låg basisløyving på om lag 18 prosent og må sørgje for å få inn resterande 80 prosent i oppdragsmarknaden. Om arbeidsgjevaren skulle auke kravet til inntening, har vi no ingen kanalar der vi kan forhandle om dette. Afi har framleis ingen medråderett inn i organisasjonen, seier ho.