– Fusjonar er problematiske, og kjem sjeldan dei tilsette «på golvet» til gode
LUKK

– Fusjonar er problematiske, og kjem sjeldan dei tilsette «på golvet» til gode

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. desember 2020 kl. 23:30

– Fusjonane skjer fordi institutta må framstå som sterke på papiret, seier tidlegare tilsett ved Norce Mai Camilla Munkejord.

Stadig fleire institutt har dei siste åra fusjonert til større einingar, og fusjonsiveren i sektoren ser ikkje ut til å vere over. Forskingsselskapet Norce vart oppretta etter at fleire institutt frå ulike kantar av landet vart fusjonerte inn i eitt kjempestort konsern (sjå faktaboks).

– Fusjonane skjer fordi institutta må framstå som sterke på papiret i samband med EU-søknader og i konkurranse om dei store midlane, seier Mai Camilla Munkejord, som tidlegare var tilsett som forskar 1 ved Norce.

Ho meiner dette blir ei form for «papirorganisasjonar», som ikkje finst i røyndomen.

– I det verkelege livet er det framleis mange små institutt som sit på kvar si tuve rundt i landet og gjer så godt dei kan medan den administrative støtta svinn bort, seier Munkejord. Ho var tidlegare lokal tillitsvald for Forskerforbundet ved Norce, men jobbar no ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Må tene masse pengar til hærstaben

Munkejord seier forskingskonsernet har svært store krav til inntening.

– Eit konsern kostar masse pengar, med toppleiing, ei lang rekke konserndirektørar og ein sentraladministrasjon som alle skal ha høge inntekter. Denne ekstra lønnskostnaden må dei fagtilsette tene inn. Dermed aukar innteningspresset, noko som for eksempel blir «løyst» ved å skru timeprisane opp slik at forskarane må jobbe endå fortare. Du kjenner deg som ein fotsoldat som skal vere lydig, kjempe i frontlinja og tene masse pengar til hærstaben. Og gjer du ikkje det, kan stillinga di vere truga, meiner ho.

Fakta
FAKTA OM NORCE

Forskningsinstituttet Norce vart stifta i 2017.

Blant institusjonane som er innlemma i Norce, er Uni Research AS , Norut, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Agderforskning AS og Teknova AS.

Norce har verksemd i Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø, Haugesund, Kristiansand, Grimstad, Bodø, Bardu, Alta og Svalbard.

Mykje frykt og uro

Munkejord valde å slutte, blant anna som ein konsekvens av fusjonsprosessen.

– Eg sette ikkje pris på å vere i en organisasjon med så mykje frykt og uro som gjerne kjenneteiknar ein organisasjon i omvelting. Fleire eg kjenner vart kalla inn til samtalar om mogleg oppseiing primært på grunn av dårleg inntening. Sjølv hadde eg god inntening og publiseringstal, men til liks med mange andre slutta eg frivillig.

Ho seier det verste med fusjonsprosessen i Norce for hennar del var det å ikkje lenger kjenne seg heime på arbeidsplassen.

– Fusjonen skapte mykje uro om kven vi skulle vere. Styringssignala var ambivalente. Skulle vi tenke kollektivt der alle støttar kvarandre, eller skulle vi kjempe mot kvarandre og berre passe på vår eiga inntening? Vi opplevde også at administrasjonen vart sentralisert, og i mindre grad enn før greidde å vere ei støttande part overfor forskarane.

Vil stå best mogleg rusta

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i Norce skriv dette ei ein kommentar til Forskerforum:

– Det alltid synd når flinke folk vel å forlate oss. Vi har krav til inntening som alle andre forskingsinstitutt, og som ein stor organisasjon er det nødvendig med ei dyktig leiing og god støtte frå administrasjonen.

No skal Norce omorganiserast, og talet på direktørar vil omtrent bli halvert. Instituttet har slite med underskott, men ifølgje Støle er ikkje omorganiseringa gjort for å redusere kostnadene.

– Vi endrar organisasjonen for å stå best mogleg rusta til å vere ein forskingsinstitusjon som kan hevde seg blant dei beste både nasjonalt og internasjonalt, seier Støle.

  • Les også: