Frustrasjonen veks blant dei historiefagleg tilsette i Arkivverket. Det toppa seg då dei ikkje fekk signere eigne fagartiklar.

– Mange tilsette i Arkivverket er frustrerte. Vi har ei toppleiing som nærmast er blotta for arkivfagleg kompetanse, og i viktige saker opplever vi å ikkje ha reell medbestemming, seier Espen Andersen, lokal tillitsvald for Forskerforbundet i Arkivverket.

Det har no gått halvtanna år sidan bråket rundt den omfattande omorganiseringa av Arkivverket starta. Arkivverket består av Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv, og særleg forslaget om å legge ned statsarkiva har sett sinna i kok.

– I avtalen organisasjonane skreiv under på, vart vi lova ei evaluering av tilstanden ved statsarkiva etter eit halvt år, og heile omstillinga i etaten skulle bli vurdert etter eitt år. Organisasjonane har måtta etterlyse evalueringane, som leiinga tydelegvis hadde gløymt, seier han.

Les også: – Omorganiseringen av Arkivverket må stoppes

– Ei hån mot tilsette

Den saka Andersen likevel er mest opprørt over, er handteringa av striden rundt dei nye nettsidene til Arkivverket. Tidlegare vart fagartiklar oftast trykte i Arkivmagasinet, som kom ut på papir. Men frå september 2017 bestemte leiinga at dei ville presentere historisk stoff frå arkiva på dei nye nettsidene arkivverket.no.

– Det har heile tida vorte presisert at vi skal legge ut alt på éi og same plattform. Men så bestemte leiinga at fagartiklane som vart publiserte, skulle vere usignerte.

Dette førte til stor motstand blant mange tilsette, og opphavsrettsutvalet til Forskerforbundet vart kontakta. Utvalet peika på at rettleiinga for artikkelskrivinga var i strid med åndsverksloven.

– Leiinga måtte etter dette innrømme at forfattarane fekk signere artiklane, men då ville dei ikkje lenger ha denne typen formidling på nettsidene. Dette er rett og slett hårreisande! Plutseleg meinte leiinga at signerte fagartiklar bør leggast til ei anna digital plattform, utanfor nettsidene til Arkivverket. Vi opplever dette som ei slags hån mot oss med klassisk arkiv- og historiefagleg bakgrunn, og vi blir gjorde usynlege som fagmedarbeidarar. Eg meiner det er uverdig at vi i Arkivverket må kjempe kampar som dette, seier Andersen.

– Gøymer bort kulturhistoria

Tor Weidling, som er førstearkivar i Riksarkivet, reagerer også på det som har skjedd.

– For min eigen del held eg ein artikkel tilbake, som eg vil krevje å få signere, seier han.

Weidling meiner også at mange av rettleiingsartiklane som no ligg ute på nettsidene, burde vore signerte.

– Mange av desse artiklane er baserte på eiga forsking eller på omfattande litteraturundersøkingar.

Han reagerer også på at leiinga ser føre seg ei bestemt brukargruppe på nettsidene.

– Dei tenker seg berre brukarar som skal ha tak i svært enkle ting. Men Arkivverket har svært ulike brukarar, og vi skal også hjelpe dei som treng informasjon om ting som er vanskeleg å finne fram til. Det gjeld blant andre forskarar og studentar.

Weidling fryktar det historiefaglege blir meir og meir usynleg i Arkivverket.

– Eg håpar at ikkje dette er ein del av ein større strategi der ein gøymer bort den tradisjonelle kulturfaglege biten.

Også Andersen meiner saka er eit symptom på at dei som jobbar med det kulturfaglege feltet i Arkivverket, blir marginaliserte.

– Vi blir færre, og fagfolk som går av med pensjon eller sluttar, blir ikkje erstatta. Ein stadig større del av ressursane blir retta inn mot utfordringar knytte til digitalt skapt arkivmateriale og til arkivdanninga i offentleg forvaltning. Viss denne utviklinga held fram, vil det om nokre år ikkje vere fagfolk igjen som kan gjere greie for innhaldet i arkiva frå sentrale periodar av noregshistoria.

Vurderer nytt nettforum

Direktør Inga Bolstad svarar at nettsidene er hovudkanalen for 30–35 000 brukarførespurnader til Arkivverket i året og ei kjelde til rettleiing for bruk av arkiva i Arkivportalen eller Digitalarkivet.

– Nettsidene skal også, som ein av fleire kommunikasjonskanalar, brukast til formidling for å bygge omdømmet til Arkivverket. Ein kan signere artiklar etter avtale med nettredaktøren.

Bolstad seier forskingseininga skal vurdere om tilsette og eksterne skal ha eit forum for tyngre fagstoff og forsking. Det er ikkje konkludert i den saka enno.

– Ein av dei tilsette meiner dette er ein slags hån mot dei som jobbar med klassisk arkiv- og historiefagleg bakgrunn. Dei blir på denne måten gjorde usynlege?

– Tilsette i Arkivverket bruker dagleg fagkompetansen i møte med brukarane våre, og det vil vi fortsetje med.

– Leiinga får også kritikk for ikkje å ha evaluert ordninga ved statsarkiva etter eit halvt år?

– Vi vurderer fortløpande kva vi kan gjere for å forbetre oss. Som avtalt med fagorganisasjonane skal vi neste år vurdere resultatoppnåinga vår, svarar Bolstad.