Fusjonspress samtidig som ein skal utvide lærarutdanninga til fem år. Det krev sitt, det.

 

Kva går det i? Eg har sansen for dette innleiande spørsmålet til bergenserane. I staden for å svare på korleis det går («bra»), kan ein nemne kva som opptek ein: Jo, det er mykje på jobben for tida, eller snart skal vi flytte, og så har eg vorte hekta på baking. Men i universitets- og høgskulesektoren? No går det i fusjon og lærarutdanning.

«Har ikkje styresmaktene høyrt alarmen før, så bør dei gjere det no.»

Fusjonsbylgja har nådd dei fleste universitet og høgskular. Ein må vere både sta og modig for å stå imot den rådande politikken frå Kunnskapsdepartementet. Prosessen er altomfattande for det norske UH-landskapet, men like fullt er mange av dei same institusjonane samtidig råka av ein annan prosess: overgangen til femårig master i lærarutdanninga, med oppstart hausten 2017. Dei to prosessane er kopla saman på fleire måtar. Det er krevjande å byggje ut lærarutdanninga samtidig som ein skal bruke krefter på prosaiske samanslåingar med tilhøyrande omorganiseringar. Ei lengre og styrkt lærarutdanning har vore eit argument og pressmiddel for større og sterkare institusjonar. Omkvedet har vore at ikkje kven som helst kan leve opp til dei nye, skjerpa kriteria.

Før påske arrangerte Forskerforbundet konferansen «Foran en bedre lærerutdanning?». Der presenterte forbundet medlemsundersøkinga «Hva mener lærernes lærere», altså fagleg personale ved lærarutdanningane. Eg har lese rapporten i ettertid, og lenge vart eg positivt overraska. På side etter side er hovudbiletet oppløftande. Svaret «helt uenig», som stort sett feller ein negativ dom over lærarutdanninga og tilværet som lærarutdannar, er framstilt med brune søyler, og desse søylene er stutte. Den mest positive søylefargen, blå, er det ikkje så mykje av, men grønfargen, som representerer «enig» fyller lange søyler.

Jamt over ynskjer respondentane seg meir FoU-tid for eigen stillingskategori enn dei reelt har sjølve, men langt over halvparten melder om gode vilkår for eiga fagleg utvikling ved institusjonen dei tilhøyrer. Seinare vert dei spurde om dei har tilstrekkeleg tid og ressursar til eiga fagleg utvikling, og her er svara noko meir negative.

Eit fleirtal av svara er òg positive på spørsmål om ein har nok tid til å førebu undervising og rettleie studentar. Dei fleste er nøgde med lokala, infrastrukturen og tilrettelegginga for fagleg samarbeid, samt organiseringa av studiet.

«Både nyfusjonerte institusjonar og høgskular som stadig meir panisk prøver å finne saman, må samtidig takle innføring av ei utvida lærarutdanning.»

Men så var det dei brune søylene. Den fyrste ordentleg langstrekte brunfargen dukkar opp på spørsmålet om det har vore rett å prioritere ned praktisk-estetiske fag: Det tykkjer ikkje lærarutdannarane i Forskerforbundet! I denne samanhengen er eg meir interessert i den neste lange brune søyla, som svarar på om fusjonsprosessane har styrkt det faglege kvalitetsarbeidet: Vel 40 prosent er heilt usamde i dette, og tillegg kjem 28 prosent som berre er usamde. Nærare 70 prosent meiner altså at fusjonsprosessane har svekt det faglege kvalitetsarbeidet i lærarutdanninga. At dei to prosessane er belastande på institusjonsnivå, har vore ein del debattert og omskrive. At utøvarane av fag og oppretthaldarane – så godt dei kan – av kvalitet, sjølve seier så klart ifrå, er alvorleg. Har ikkje styresmaktene høyrt alarmen før, så bør dei gjere det no. Er det eit forbigåande problem, eller svekkjer fusjonane lærarutdanninga på fast basis?

For det er kvalitet dei vil ha. Kvalitet er rasjonalet og mantraet bak presset om samanslåingar. Både nyfusjonerte institusjonar og høgskular som stadig meir panisk prøver å finne saman, må samtidig takle innføring av ei utvida lærarutdanning. Dekan Wiggo Hustad ved Avdeling for lærerutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane oppsummerte stoda slik i Khrono i vinter: — Det er litt som å skyte på løpende villsvin. Vi vet ikke utfallet av fusjonssaken, og vi vet ikke hvilke krav Kunnskapsdepartementet og NOKUT kommer til å lande på når det gjelder masteren.

Sidan den tid har krava til den nye lærarutdanninga vorte klare, til dømes skal 50 prosent av fagmiljøet ha fyrstestillingskompetanse. Dermed kan institusjonane gå over frå å uroe seg over korleis krava vert, til å uroe seg over om dei klarar å leve opp til dei.