Kunnskapsmonopol kan pervertere fagkunnskapen. Det kan tusen sprikande forskingsrapportar frå ulike miljø òg gjere.

 

Forskarar og den frie forskinga er under press frå politikk og næringsinteresser. Dette er ein gjennomgangsmelodi i ei rekkje stridsspørsmål i Forskings-Noreg den siste tida. Eit slags startskot for desse sakene stod fiskeriminister Per Sandberg for då han kravde at forskarane ved Havforskingsinstituttet (HI) skulle vere næringsvennlege, nærare bestemt positivt stilte til vekst i oppdrettsnæringa. Seinare tok han ein meir eller mindre truverdig retrett.

Forsking og forskingsresultat er éi av kjeldene til utforming av politikk, ei kjelde som står stadig høgare i kurs. Politikarar har det meir i ryggmargen å kunne grunngje standpunkt og avgjerder med forsking, og dei er nok meir vane med at eit slikt fundament vert etterspurd. Ein annan Frp-minister, Anders Anundsen, var ikkje eit døme på dette då han i NRK-programmet Folkeopplysningen viste til forsking om at cannabis er farlegare enn alkohol. «Forskinga» viste seg blant anna å vere ein avisartikkel.

Aktørane på feltet er iallfall prinsipielt samde når dei får tenkt seg om: For at forskinga skal vere sanningsstrevande, tillitvekkjande og brukbar, må ho vere fri. Ein annan Frp-politikar skriv i eit innlegg i dette bladet: «Styring eller forsøk på styring fra statens eller andre oppdragsgiveres side overfor forskerne, i form av press og manipulering, er i denne sammenhengen svært alvorlig.»

Like fullt: Det er mange kostnader ved å knyte politikkutvikling tett til forsking. Forskarane som arbeider fram kunnskapsgrunnlaget, har ein nøkkelposisjon og kan kome under press frå næringsliv, politikk, ålmenta eller enkeltpersonar. Spør Israel-Palestina-forskarar om dei har opplevd anonym sjikane, kjønnsforskarar om dei har vorte latterleggjorde, klimaforskarar om dei har vorte hetsa.

Forskerforum – både papir- og nettutgåva – har den siste tida skrive fleire saker om forsking under press (sjå «– Etablert forskning holder ikke mål» og «Strid om ulveforskning»). Ein fellesnemnar er politiske konfliktar om ressursforvalting: sild, laks, ulv. Kor mykje sild er det i Norskehavet, og kor mykje kan ein dermed beskatte? Kva rolle spelar oppdrettsindustrien i spreiing av lakselus, som trugar den ville laksen? Kva genetisk opphav har ulven i Noreg – er det ein framand art, som bør fjernast, eller ein naturleg, utryddingstrua art, som bør vernast?

«Elementet av fagleg, heiderleg usemje er klårt til stades.»

Havforskingsinstituttet står for forsking i dei to fyrstnemnde sakene. Geir Lasse Taranger, forskingsdirektør for akvakultur, marint miljø og teknologi ved HI, oppsummerer kva som står på spel: «Forskningen til HI kan få store økonomiske og samfunnsmessige konsekvenser. Det er derfor ikke unaturlig at det blir diskusjoner rundt forskningen, dens kvalitet og rådene som bygger på den.» Det er audmjuke og kloke tonar, for dette er ikkje eindimensjonale saker der forskarane har «rett», medan politikarar og næringsliv er uhyrlege. Jo meir vi grev i desse sakene, jo meir kompliserte er dei. Økonomiske og politiske interesser spelar ei stor rolle, men elementet av fagleg, heiderleg usemje er klårt til stades. Forskingsmiljø stridast med forskingsmiljø, og eit tiltakande fenomen ser ut til å vere oppbygging av nye forskingsmiljø utanfor dei etablerte institusjonane.

Lat meg peike på eit par farar når det er kamp om kunnskapshegemoniet: monopolisering og fragmentering. Dersom eitt einaste autorisert forskingsmiljø på eit felt ikkje vert utfordra, eller ikkje toler utfordring, kan det faglege verte truga. Det er òg tilfellet ved det andre ytterpunktet, at ein eller annan lausriven forskar alltid kan levere det ynskte resultatet. Vitskapshistorikarane Naomi Oreskes og Erik M. Conway bruker i boka Merchants of Doubt tobakksindustrien på 1950-talet som eitt av døma på korleis ein ved å så berre ein ørliten tvil, kan nå fram med sitt syn (røyking fører ikkje til kreft) eller trenering.

«Det er freistande å plukke kirsebera som passar, og late dei andre henge att på treet.»

Til slutt: Fagleg usemje eller uklåre resultat krev òg sin politikar. Ingrid Bay Larsen, medlem i Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi, lufta nyleg i Dagbladet: «Kanskje er det på tide å vurdere om politikerne bør ha egne retningslinjer for bruk av forskningsrapporter. Det ser ut til å være en økende utfordring at politikerne trekker resultater og rapporter for langt.»

Det er freistande å plukke kirsebera som passar, og late dei andre henge att på treet. For ikkje å tale om alle epla og plommene.