Åtvarar mot misbruk av Skattefunn
LUKK

Åtvarar mot misbruk av Skattefunn

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. juni 2013 kl. 09:39

Det er vel kjent at nokre bedrifter seier dei driv med FoU berre for å få skattelette, meiner økonomiprofessorar.

-tvarar-mot-misbruk-av-skattefunn


– Eg er skeptisk til dei som meiner at Skattefunnordninga har ført til meir FoU i bedriftene, seier professor Hans K. Hvide.

Fakta
<

– Eksempel på at norske bedrifter har brukt Skattefunnordninga til å få skattelette for arbeid som tidlegare ikkje var definert som FoU, er velkjente. Spørsmålet er kor stort dette omfanget er, seier Hans K. Hvide, professor ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.

For som Forskerforum skreiv i førre nummer, kan bedrifter som driv med FoU, søkje om skattefrådrag gjennom Skattefunn. Og på nettet får bedriftene nok av informasjon: Har firmaet et ønske om å starte et nytt prosjekt, men er redd for at den økonomiske belastningen blir stor? Eller kommer dere til å satse uansett? Da bør dere søke om skattelette fra SkatteFUNN, skriv Firmanytt. Men verkar ordninga slik ho var tenkt?

– Eg er skeptisk til dei som meiner at Skattefunnordninga har ført til meir FoU i bedriftene, seier Hvide.

– Meiner du det er bevist at ordninga ikkje verkar?

– Etter mitt syn er det den som set i gang ei slik ordning, som sit med bevisbøra for om ho verkar. Vi treng ei grundig evaluering av Skattefunn, fordi vi ikkje veit kva for effekt ordninga har for forskinga. Det har blitt utført ei evaluering tidlegare, men ordninga er laga på ein slik måte at ho er vanskeleg å evaluere.

– Finst teikn på misbruk

Hvide får delvis støtte frå professor Jarle Møen ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Han var med på å evaluere Skattefunnordninga i 2007.

– Det ville vere oppsiktsvekkande om ein ved ei slik ordning ikkje kunne finne døme på misbruk. Dette er ei ordning som er meint skal vere ubyråkratisk og enkel å administrere, og som når ganske breitt, seier Møen.

Han fortel at det er indikasjonar på misbruk blant nokre av dei små selskapa.

– Dette er ikkje eit hovudproblem, men det var nokre tilfelle blant dei aller minste selskapa, der storleiken på støtta vart forholdsvis stor. Skal ein klare å unngå misbruk heilt, må det leggast meir ressursar ned i kontroll og søknadsbehandling, så dette er ei avveging, meiner han.

– Men bedriftene spekulerer vel litt i å kalle ting FoU som ikkje er det?

– Det er inga enkel grensedraging, men eg trur ikkje det er eit stort problem.

– Men blir det meir forsking?

– Alt tyder på at FoU-aktiviteten aukar, men det er vanskeleg å være heilt trygg på at det berre er årssakssamanhengar som er avdekte, seier Møen.

– Eg vil likevel seie at få ordningar er så grundig evaluerte som Skattefunn. Ein har også støtte i den internasjonale litteraturen for at slike ordningar har positiv effekt.

– Kan ikkje spekulere

Sander Tufte, direktør i avdeling for Skattefunn i Forskingsrådet, seier alle bedrifter som driv med FoU, har rett til skattefrådrag.

– Forskingsrådet vurderer søknadene etter visse kriterium som er nedfelte i lova. Det går ikkje an å drive med taktikk eller å spekulere i å kalle aktiviteten noko anna enn det han er. Forskingsrådet stiller krav til søknadene med omsyn til FoU-innhald. Vi tenkjer på denne ordninga som ei breiddeidrettsordning, som skal vere tilgjengeleg og lett å bruke. Gjennom Skattefunn kan alle bedrifter få prøve seg på FoU og også få høve til å opprette samarbeid med forskingssystemet. Problemet i Noreg er jo at næringslivet ikkje utfører nok FoU. Skattefunn og skattefrådraget skal vere eit stimuli for å få fleire små og mellomstore bedrifter til å forske, seier Tufte.

Vil styrke ordninga

Han får støtte av Daniel Ras-Vidal som er innovasjonspolitisk seniorrådgjevar i Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter.

– Inntrykket mitt er at det ikkje skjer triksing i stort omfang. Ifølgje evalueringa finst det svake indikasjonar på skattetilpassing i nokre svært få bedrifter, det vil seie om lag fem–ti prosent. Ein må ta dette på alvor, men ulempene må vegast opp mot fordelane med ordninga, seier Ras-Vidal.

– Ordninga fungerer godt nettopp fordi ho gjev skatteinsentiv. Og ho er godt eigna for hovudformålet – nemleg å få små og mellomstore bedrifter til å drive med utviklingarbeid. For Abelia er ikkje forsking alltid målet, men verdiskaping og innovasjon. Det viktigaste er at bedriftene utviklar nye produkt og tenester, og dette er eit svært godt argument for å styrke ordninga, seier Ras-Vidal.