Noko å strekke seg etter
LUKK

300 år med insentivprisar:

Noko å strekke seg etter

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. september 2014 kl. 10:20

Alle var interesserte i å finne lengdegraden til sjøs, men løysinga kom ikkje før det vart lagt ein pengepris på bordet. No er insentivprisar på veg inn att i forskinga.

noko---strekke-seg-etter


John Harrison brukte heile livet på å konkurrere om prisen for å finne lengdegraden til sjøs. I år er det 300 år sidan den første insentivprisen vart utlyst.

noko---strekke-seg-etter


Morgenbladets vitskapskonkurranse er eit moderne norsk eksempel på ein insentivpris. – Det tener sosiologimiljøet til ære at dei tok imot utfordringa frå Eia og Elster med ope sinn, seier Lena Lindgren i Morgenbladet.

noko---strekke-seg-etter


Ei løysing på lengdegradsproblemet var å bruke universet som klokke. Men det føresette detaljert kjennskap til månens rørsler, og teknologi for å gjere nøyaktige observasjonar frå eit gyngande skipsdekk. Tyskaren Tobias Mayer, som også laga dette månekartet, fekk posthumt utbetalt 3000 pund frå lengdegradskomiteen for månetabellane sine.

Fakta
<

I fjor sommar annonserte den britiske statsministeren David Cameron at regjeringa hans ville utlove ti millionar pund til den som kunne finne den beste løysinga på ei av dei største utfordringane i vår tid. Akkurat kva for ei utfordring som skulle løysast, overlét regjeringa til det britiske folket å avgjere. Seks problemstillingar vart lagde ut for offentleg røysting over internett (sjå faktaboks). Røystinga vart avslutta i slutten av juni i år, og britane bestemte at pengane skulle brukast i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar.

Les om prisane som medverka til å endre verda

Nytt EU-verktøy

Insentivprisar er på full fart inn som eit verktøy for å stimulere til hardt tiltrengt innovasjon. Sidan 1990 er det blitt utlova prisar for løysing av problem innanfor så ulike felt som jordbruk, romfart, energiteknologi, medisin og offentleg styring. Først dominerte dei private interessene, men seinare har styresmakter meldt seg på, som no den britiske regjeringa. I USA vart det vedteke ei lov i 2010 som gjev alle føderale einingar høve til å love ut insentivprisar. Sist ut er EU-kommisjonen: Det nye rammeprogrammet for forsking, Horisont 2020, kjem til å innehalde insentivprisar innanfor utvalde område. Dei første fem blir lyste ut mot slutten av 2014 og byrjinga av 2015. Fleire vil kanskje kome til, avhengig av røynslene frå dei første.

– Vi introduserer desse prisane som eit tilleggsverkemiddel, og vi vil først og fremst rette dei mot teknologisk innovasjon på tvers av sektorar, frå IKT til luftforureining til antibiotikaresistens, utan at vi skal kopiere den britiske prisen, fortel Barbara Kowatsch ved Generaldirektoratet for forsking og innovasjon i EU-kommisjonen til Forskerforum.

– Tradisjonen for å nytte prisar til å styre innovasjon er lang, men vi har sett spesielt på røynslene frå USA etter lovendringa i 2010. Der har prisar som verkemiddel vore brukt i stor skala etterpå, og dei har oppnådd gode resultat. Vi vil sjå om våre prisar også kan opne opp eit liknande uutnytta potensial.

På leit etter lengdegraden

Den lange historia til insentivprisane blir fortalt i namnet på den britiske antibiotikaprisen: Longitude Prize 2014. Namnet viser til den første Longitude Prize som vart utlyst for 300 år sidan, til den som kunne finne ein konkret og praktisk metode for å finne lengdegradsposisjonen på sjøreiser. Dette var eit alvorleg problem ved navigasjon på ope hav, og problemet vart berre større med oppdagingsreisene til Amerika og Det fjerne austen, og med den enorme ekspanderinga av handelsrutene til sjøs. For å kome dit ein ville måtte ein vite kvar ein var. Det er lett å finne ut kor langt nord eller sør ein er, fordi ein har naturlege referansepunkt, polane og ekvator, å samanlikne med. Men slike referansepunkt finst ikkje for lengdegraden.

For å løyse problemet utlova det britiske parlamentet ein pris på 20 000 pund, og sette ned ein komité som skulle vurdere løysingsframlegg og gje økonomisk støtte til utvikling og testing. The Board of Longitude, som komiteen vart kalla, vart dermed det første statlege forskingsrådet.

Det er eit problem dersom private interesser systematisk skal styre forskingsmidlar gjennom slike konkurransar

Det var særs viktig at prisen skulle gå til ein «praktisk» metode, for i teorien var problemet alt løyst: Sidan lengdegradar kan målast i tid – 15 gradar lengde tilsvarer ein tidsskilnad på éin time – kunne ein finne lengdegraden ved å samanlikne tidspunktet om bord på skipet med tidspunktet ein annan stad, til dømes i hamna ein reiste frå. Men teknologien som var nødvendig for å ha tilgang til to nøyaktige tidsmålingar på eit skip på ope hav, var lenge uoppnåeleg. Styresmaktene i både Spania og Nederland hadde allereie utlova pengepremiar for ei løysing på problemet, men det var i Storbritannia at ein lukkast med å få til det samspelet mellom teoretisk vitskap og kommersielt driven teknologiutvikling som måtte til. Og det er i dette kryssingspunktet at dei fleste insentivprisar sidan har prøvd å leggje seg.

Vil senke terskelen

– Slike prisar bør ikkje utgjere meir enn ein liten del av verktøykassa, men dei kan fylle eit gap der marknaden ikkje har nok å tilby, eller løyse eit problem som ikkje får tilstrekkeleg merksemd. Prisar appellerer gjerne til risikotakarar og innovatørar på tidlege stadium, altså andre typar deltakarar enn tradisjonell forskingsfinansiering gjer, seier Tris Dyson i Nesta, stiftinga som utviklar og administrerer både Longitude Prize 2014 og dei komande Horisont 2020-prisane.

– Når vi utviklar insentivprisar, foreslår vi vanlegvis – men ikkje alltid – ein stegvis framgangsmåte. Altså ikkje éin kjempepris som blir utbetalt til slutt, men heller fleire vinnarar som får litt undervegs, som hjelp til å omarbeide og utvikle idear. Det er viktig for å oppmode mindre miljø til å satse, miljø som ikkje har ressursar til å utvikle ei fiks ferdig løysing på eiga hand.

Barbara Kowatsch fortel at det er viktig for EU-kommisjonen å lage prisar som ikkje ekskluderer nokon frå å delta i konkurransen.

– Prisar kan vise seg å ha ein lågare inngangsterskel enn anna forskingsfinansiering. Vi set opp eit mål, men vi seier ikkje noko om korleis ein skal gå fram for å nå det. På den måten vil vi stimulere til danning av nye typar samarbeid, og til å identifisere og inkludere nye typar kompetanse, seier ho.

Prisane sin renessanse

Etter utlovinga av den første lengdegradsprisen i 1714 var lengdegradskomiteen verksam i meir enn hundre år. Han vurderte ei rekkje framlegg og støtta testar av ulike metodar. Komiteen vart i praksis arbeidsgjevaren til klokkemakaren John Harrison, som først høyrde om konkurransen som 33-åring i 1726, og som deretter brukte resten av livet på å utvikle klokker – først store pendelklokker, seinare mindre klokker som den han held i handa i det berømte biletet på framsida – med støtte frå komiteen. Usemje om konkurransereglane gjorde at han aldri fekk utbetalt den fulle prispotten, men klokkene hans representerte enorme tekniske framsteg og vart etter kvart tekne i bruk om bord på skip. Den første klokka hans vart testa om bord på krigsskipet Centurion. Testen var vellukka, men reisa var for kort til å tilfredsstille konkurransekriteria. Ironien ville at Centurion nokre år seinare hamna i storm ved Kapp Horn utan klokke om bord. Då stormen løya, oppdaga ein at skipet var nær 500 km lenger vest enn navigatørane hadde rekna ut.

Mange spør meg kvifor vi ikkje lyser ut ein pris for betre batteriteknologi.

I tida etter utlysinga av lengdegradsprisen vart prisar eit populært tiltak for styresmakter som ville ha løyst eit problem på ein billeg og risikofri måte. I 1850-åra vart det jamvel teke til orde for å leggje ned det amerikanske patentsystemet og erstatte det med insentivprisar.

Men utover 1900-talet forsvann prisane i takt med at teknologisk utvikling vart flytta ut av kjellarverkstadene og inn på universiteta og i industrielle laboratorium. Når prisar no er inne i ein renessanse, skjer det parallelt med at det blir forska meir på kva prisar kan oppnå, og på kva som er ein god pris.

– Mange spør meg kvifor vi ikkje lyser ut ein pris for betre batteriteknologi. Det trengst jo. Men det skjer allereie mykje forsking på det i mange ulike miljø, og ein pris vil ikkje tilføre noko ekstra insentiv, seier Tris Dyson i Nesta.

– Poenget med ein pris er å nå miljø som ikkje allereie arbeider med problemet, eller miljø som treng litt ekstra hjelp, til dømes med å finne dei rette samarbeidspartnarane. Som i tilfellet med Wendy Schmidt Oil Cleanup X Challenge. Det meiner eg er eit døme på ein god pris.

Wendy Schmidt-prisen vart lyst ut i 2010 gjennom X Prize Foundation, ein av fleire organisasjonar som spesialiserer seg på priskonkurransar, og som no er del av ein veksande insentivprisindustri. Målet var å finne meir effektiv teknologi for å samle opp oljesøl i havet. Av ti finalistar vart to vinnarar kåra (andreplassen gjekk til tromsøbedrifta NOFI). Ein av finalistane var eit lag sett saman av ein tatoverar og ein ingeniør som byrja samarbeide etter eit tilfeldig møte i tatoveringssjappa. Dei har sidan starta ei bedrift som produserer utstyr for å rydde opp i oljesøl og anna havforureining.

Noreg neste?

Prislandskapet har altså endra seg sidan 1714. Frå å dreie seg om å finne billege og lett tilgjengelege erstatningar for dyre råvarer (1700-talet) eller meir effektive transportmiddel (1800- og 1900-talet) handlar dei no om såkalla globale utfordringar, som reint vatn, luftforureining og sjukdomsdiagnosar. Og frå å appellere til det einslege geniet i kjellaren handlar dei no om samarbeid og vekselverknad. Kan vi forvente ein norsk insentivpris?

– Insentivordningar får gjerne større verknader enn den økonomiske verdien av insentivet skulle tilseie. Til dømes har vi fått eit heilt nytt publiseringsmønster i norsk akademia etter at teljekantsystemet vart innført, sjølv om den økonomiske utteljinga ikkje eigentleg er så stor, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén.

– Det skal altså ikkje nødvendigvis så sterke insentiv til for å skape endring, og eg trur det er noko slikt Kommisjonen no prøver å få til på område der ein meiner det trengst innovasjon.

Hallén trur prisar kan vere eit nyttig verkemiddel, men han har førebels ingen planar om ein norsk insentivpris av den typen EU arbeider med.

– Eg høyrde nettopp ein debatt der kunnskapsminister Røe Isaksen hevda at samarbeidskulturen mellom akademia og næringslivet har endra seg sterkt til det betre. Eg trur han har mykje rett i det, men framleis er avstanden stor, og slike prisar kan nok vere med på å bygge bru mellom dei. Eg seier ikkje at Forskingsrådet vil følgje i fotspora til EU og lansere slike insentivprisar, men vi vil følgje dei med interesse og sjå kva som kjem ut av dei.

Ein norsk vitskapskonkurranse

Eit anna spørsmål er om norske akademikarar er førebudde på å konkurrere om insentivprisar. Det er ikkje godt å seie, men kanskje kan avisa Morgenbladet gje ein peikepinn. I 2013 lyste dei ut ein vitskapskonkurranse der Harald Eia utlova 100 000 kroner til den som best kunne svare på Jon Elsters faglege kritikk av den franske sosiologen Pierre Bourdieu.

Samfunnsredaktør Lena Lindgren var klar over at ein konkurranse i akademia kunne vekke forarging.

– Men til slutt avgjorde vi å gå inn i det. Kom det nokre gode svar, ville det vere utruleg mykje verd, og kom det ingen, var ikkje mykje tapt.

Det er sterke grunnar til å tru at konkurransar vil appellere mest til menn.

Og svar kom det. Frå alle delar av samfunnslivet, inkludert folk som var sinte og ville krangle, og ein som baserte heile svaret sitt på læra om reinkarnasjon. Og mellom alt det andre kom det nærare 40 solide vitskaplege svar. Ein jury som besto av fem etablerte fagpersonar kåra vinnaren, og det vart arrangert debatt for full sal på Litteraturhuset. Men Lindgren er likevel uroa over kva insentivprisar kan gjere med den akademiske fridomen.

– Alt som kan støtte god tenking, er bra, men eg tykkjer det er eit problem dersom private interesser systematisk skal styre forskingsmidlar gjennom slike konkurransar. Denne konkurransen var eit journalistisk stunt frå vår side, og ikkje noko uttrykk for at vi meiner det er for lite private pengar i forskinga.

Kva med kjønnsbalansen?

Tesen om at insentivprisar oppmodar til diversitet, i det minste når det gjeld kjønnsfordeling, får seg i alle fall eit skot for baugen med konkurransen til Morgenbladet.

– Vi oppmoda kvinner til å delta, vi hadde kvinner i juryen, og dette var ikkje noko spesielt mannsdominert fagområde. Men knapt éi einaste kvinne deltok. Eg tykte det var miserabelt, seier Lindgren.

– Ein kan jo tenkje seg at vi støytte frå oss ein del kvinner berre ved å gjere det til ein konkurranse. Det finst mange døme på at kvinner ikkje prioriterer tida si på noko som gjev eit så uvisst utbyte. Så det er sterke grunnar til å tru at konkurransar vil appellere mest til menn.

Barbara Kowatsch i EU-kommisjonen fortel at dei prøver å finne metodar for å oppnå den diversiteten dei er ute etter, inkludert å leggje til rette for nettverksbygging mellom moglege deltakarar.

– Røynsler frå USA viser at dei har greidd å oppnå diversitet, men at det avheng av kva prisen dreier seg om. Deltakarane spenner frå ein einsleg person med verkstad i garasjen, til grupper av skuleelevar og til industribedrifter. Dessutan er meininga også at prisane skal skape merksemd om eit felt og dermed skal få nye aktørar til å fatte interesse for feltet, seier ho.

Medan vi ventar på EU-prisane, kan norske forskarar byrje å tenkje på korleis vi kan demme opp for aukande antibiotikaresistens. Longitude Prize 2014 er open for deltakarar frå heile verda.