Bokkapittelet hang i ein tynn tråd. Men så fann dei ein ny skriverutine

Bokkapittelet hang i ein tynn tråd. Men så fann dei ein ny skriverutine

Av Helga Eggebø, seniorforskar ved Nordlandsforskning

Publisert 12. juni 2020

Før sommaren hadde me forplikta oss til å skriva eit bokkapittel. Men det vart ein nådelaus overgang frå optimistisk lovnad i mai til harde realitetar i august.

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar å organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» – ein felles skriverutine mellom 0800 og 1000 og påfølgjande felles kaffipause. Denne utgåva handlar også om kollektiv skriving, nærare bestemt ein metode for å få framdrift i arbeidet med ein felles tekst.

Før sommaren hadde min gode kollega og skrivepartnar Elisabeth Stubberud og eg forplikta oss til å skriva eit bokkapittel. Me hadde relevante data, som førebels berre var formidla i form av ein forskingsrapport, og tenkte det skulle vera ei smal sak å skriva det om til eit bokkapittel.

Det vart ein nådelaus overgang frå optimistisk lovnad i mai til harde realitetar i august: I mellomtida var eg blitt gravid og i elendig form. Mesteparten av hausten gjekk med til heil eller delvis sjukmelding, og den arbeidstida eg hadde tilgjengeleg, kjendest som ein eviglang motbakke. Bokkapittelet hang i ein tynn tråd.

Eg veit ikkje heilt korleis me først kom på det, men ein seig haustdag på kontoret var me i gang med ein skriverutine som sakte, men sikkert førte til framdrift: Me sette av to–tre timar felles skrivetid i kalenderen, logga oss på Skype og tok det derifrå. Først ein liten prat om kor meir eller mindre elendig dagen var, og så opna me begge tekstutkastet, som låg lagra i ei skyløysing slik at begge kunne skriva samstundes. Me brukte første del av møtet på å diskutera teksten. Deretter bestemte me kven som skulle byrja på kva for avsnitt, logga oss av Skype og skreiv i 45 minutt før me logga oss på igjen.

På ein god dag kan 45 minutt gå fort. Men på ein dårleg dag – og dei var det mange av den hausten – er det lenge. Samstundes er det ikkje lenger enn at det gjekk på eit vis. Då me logga oss på igjen, fortalde me kva me hadde fått gjort, kva problem me eventuelt hadde støytt på, og diskuterte løysingar i lag. Deretter gjekk me laus på nye 45 minutt med skriving. Éi til tre slike økter er passe for eit seminar.

Denne metoden viste seg å ha mange fordelar: For det første var det ingen av oss som trong å gå laus på den seige jobben med å motivera seg sjølv til å produsera tekst åleine. For det andre er det motiverande når det blir skrive dobbelt så mykje på 45 minutt som det ein har gjort sjølv. For det tredje fekk eg trøyst dei gongene eg ikkje hadde fått gjort noko særleg i det heile: «Det går bra. Det er godt nok. Du har tenkt, og det er også ein jobb. Det går ikkje like mykje framover i kvar økt», sa Elisabeth.

Me heldt fram med skriveseminar utover hausten, og skreiv knappast nokon ting mellom seminara. Ingen lekser, og det trur eg var eit viktig grep. Det kunne blitt mykje dårleg samvit og unnskyldningar, og sånt driv ikkje arbeidet framover. Enden på visa var at det vart bokkapittel. Kven skulle ha trudd!

Seinare har me også nytta denne metoden i lag med fleire forfattarar og under betre omstende. Som ein medforfattar peika på: Det er utruleg motiverande å jobba når arbeidet går framover med tredobbel fart!

Forskingspolitikken legg i aukande grad opp til store samarbeidsprosjekt på tvers av land, disiplinar og institusjonar, og dette krev gode metodar for samarbeid i alle delar av forskingsprosessen. Det at ein eller fleire forskarar samarbeider, er dessutan ikkje noko nytt. Likevel blir forskingsprosessen ofte framstilt som ein individuell prosess. Eg trur me har mykje å tena på å utvikla gode metodar for kollektivt akademisk arbeid, og samskrivingsseminar er ein slik metode.

Les også: