– Ein kan ikkje snikinnføre heimekontor som varig løysing
LUKK

– Ein kan ikkje snikinnføre heimekontor som varig løysing

Av Johanne Landsverk

Publisert 27. august 2020 kl. 12:27

Leiaren i Forskerforbundet går hardt ut mot statssekretær Paal Pedersen som meiner Covid-19 truleg vil påverke behovet for areal i statlege bygg.

– Eg er djupt bekymra over at statssekretæren i Kommunal- og moderniseringsdepartementet  (KMD) meiner at bruken av heimekontor dei siste månadene skal legge tunge føringar på den langsiktige politikken for nye statlege bygg. Dette seier leiar i Forskerforbundet Guro Elisabeth Lind.

I sommar skreiv Lind eit innlegg i Forskerforum.no der ho argumenterer for at den rigide arealnorma for statlege bygg må endrast. Ho viste blant anna til ny forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt som konkluderer med at dei som sit i opne kontorlandskap har nesten dobbelt så høg risiko for å bli uføretrygda, samanlikna med tilsette som sit på eige kontor.

I eit svarinnlegg skriv statssekretær Paal Pedersen i KMD at forskinga ikkje gjev eintydige svar på kva type arbeidsplass som fungerer best, og at stadig fleire ønsker å jobbe fleksibelt og uavhengig av stad. Han trekker også fram nye erfaringar som følgje av Covid-19, og skriv:

«Vi vil fortsette med digitale møter og hjemmekontor fremover i et betydelig omfang, noe som trolig vil redusere behovet for fysisk oppmøte på arbeidsplassen. Det vil også påvirke behovet for arealer til statlige bygg».

– Oppsiktsvekkande av ein statssekretær

Dette får Lind til å reagere.

– I innlegget argumenterer han for at vi då sannsynlegvis treng mindre areal. Det er rett og slett oppsiktsvekkande at ein statssekretær går ut på denne måten, meiner Lind.

Lind reagerer også på at departementet på dette viset prøver å ta seg til rette.

– Det er arbeidsgjevaren som har ansvaret for å stille lokale tilgjengeleg for at arbeidstakarane kan få gjort jobben sin. Dette ansvaret skal ikkje skyvast på, og i alle fall ikkje utan at det har vore ei forhandlingssak mellom partane i arbeidslivet. Ein kan ikkje snikinnføre heimekontorordninga som ei varig løysing.

I eit nytt svar til KMD skriv ho blant anna:

«Hvis redusert behov for fysisk oppmøte på jobb nå blir et premiss i planleggingen av nye statlige bygg, betyr det i praksis en snikinnføring av en ny statlig arbeidsgiverpolitikk, over hodene på både institusjonene og de ansatte. Det er ikke greit.»

Les innlegget her: Vil KMD at færre ansatte skal møte på jobb?

– Vi har ikkje konkludert

Statssekretær Paal Pedersen trur Lind har reagert mest på tittelen i innlegget hans: «Covid-19 vil påvirke behovet for arealer i statlige bygg.»

– Det skulle ha stått «vil trolig påvirke behovet for arealer», men ordet «trolig» forsvann dessverre på desken i Forskerforum. Dette er ein vesentleg forskjell, seier han.

– Lind har ingen grunn til bekymring, seier Paal Pedersen. Foto: Torbjørn Tandberg/KMD

Pedersen meiner Lind ikkje har nokon grunn til å bekymre seg.

– Poenget mitt er at regjeringa heile tida jobbar med kunnskapsgrunnlaget for framtidige arbeidsplassar. Samtidig er det fleire omsyn å ta, og forskinga på området er heller ikkje eintydig. Det finst andre studiar enn dei Lind trekker fram, som viser eit anna bilete, og der sjukefråværet i aktivitetsbaserte arbeidsplassar er lågare enn hos dei som har cellekontor.

– Men du meiner at Covid-19 truleg vil påverke behovet for areal?

– Ja, det vil vere veldig overraskande om det vi har opplevd dei siste månadene ikkje vil medføre at vi får nokre endringar i måten vi arbeider og samarbeider på, både digitalt og fysisk. Men vi har absolutt ikkje konkludert i denne saka, for vi treng betre forsking og kunnskapsgrunnlag.

–Mange ønsker fleksibilitet

– Lind meiner dette må vere ei forhandlingssak mellom partane, og at departementet ikkje kan drive med snikinnføring av ei varig heimekontorordning?

– Nei, snikinnføring har vi absolutt ikkje noko ønske om. Regjeringa er opptatt av at staten skal vere ein god arbeidsgjevar, som lyttar til ønske og behov til dei tilsette. Og dei siste månadene har vist at digitale møte fungerer godt. Dei tilsette har fått auka kompetanse og mange av dei ønsker ein meir fleksibel arbeidskvardag med meir bruk av heimekontor. Men vi har ikkje konkludert med kva konsekvensar dette vil få for behovet for areal i statlege bygg. Arealnorma på 23 kvadratmeter per tilsett ligg fast, seier han.

Les også: