Forskarar som publiserer for lite, kan få ti prosent forskingstid
LUKK

Forskarar som publiserer for lite, kan få ti prosent forskingstid

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. mai 2019 kl. 23:02

Nord universitet må spare pengar, og professorar som ikkje leverer, kan få ti prosent forskingstid. – Eit ekstremt vedtak, meiner professor Idar Kjølsvik. 

– Dette er eit farleg vedtak, for eg trur det vil skremme folk frå å kome til Nord universitet. Det sender eit dårleg signal frå ein institusjon som strevar med å gå frå høgskule til universitet, seier professor Idar Kjølsvik, som er religionsforskar ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet. Det han siktar til, er at leiinga ved fakultetet like før påske vart einig med fagforeiningane om nye retningsliner for tid til forsking og utvikling (FoU).

– Vi har hatt for stor aktivitet og må spare pengar. Og som eit ledd i innsparingane har styret bede oss om å differensiere forskingstida, seier dekan Egil Solli.

Må levere nok forsking

Ved Nord universitet har førstelektorar hatt inntil 30 prosent tid til FoU, førsteamanuensar har hatt 40 prosent, og dosentar og professorar har hatt 50 prosent.

– Vi har dei siste åra satsa hardt på forskingsproduksjon, og har tildelt 30, 40 eller 50 prosent FoU-tid. Dermed har vi også auka forskingsaktiviteten ved fakultetet, seier Solli.

Men med innføring av differensiert forskingstid blir det andre krav.

– Dei som leverer nok forsking og utviklingarbeid, vil få tildelt FoU-tid på same nivå som før. Vi krev at dei leverer i snitt minst eitt publikasjonspoeng per år. Dette blir berekna over tre år frå to til fire poeng, avhengig av stillinga. I tillegg blir arbeid med å søkje eksterne forskingsmiddel tillagt vekt i samband med tildeling av forskingstid, seier han.

– Men professorar kan få så lite som ti prosent?

– Ja, om du ikkje har publisert noko som helst eller kan syne til noko som helst slags relevant FoU-produksjon dei siste tre åra, vil tida kunne bli redusert til ti prosent. Vi må ta ein diskusjon med kvar enkelt om dette.

– Må sjå til andre universitet

Forskerforum har tidlegare skrive om lærarutdanninga ved NTNU etter fusjonen: Tilsette i same stilling kan ha ulik tid til FoU. Førsteamanuensar frå tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag må søkje om å få same vilkår som tilsette ved gamle NTNU, det vil seie ei 50–50-fordeling mellom forsking og undervisning. Ved NTNU får derimot alle professorar 50 prosent tid til FoU når andre oppgåver er trekte frå.

Det gjeld altså ikkje for professorane ved Nord universitet om dei ikkje leverer. Kjølsvik reagerer på dette:

– Om ein ønskjer å vere eit universitet, må ein også sjå til dei andre universiteta. Vilkåra for folk i toppstillingar bør vere like, meiner han.

– På andre sida kan eg forstå vedtaket med tanke på den problematiske finansieringa av forsking. Nord universitet er urettferdig behandla samanlikna med dei gamle universiteta. Den dårlege økonomien har ei årsak. Stortinget har bestemt vi skal vere universitet, men følgjer ikkje opp økonomisk, seier Kjølsvik.

Nokut har kome med sterk kritikk mot Nord universitet etter fusjonen om at dei forskar for lite. Ikkje minst i det perspektivet meiner Kjølsvik det er eit umogleg vedtak å redusere forskingstida.

– Men det høyrer med til biletet at styret står under tvang frå departementet, seier han. 

Ønskjer rettferdige reglar

Charlotta Maria Langejan, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved fakultetet, seier det etter fusjonen har vore viktig å finne fram til felles reglar for arbeidsvilkår og forskingstid. Ho fortel at Forskerforbundet i utgangspunktet ikkje ønskte at nokon skulle få redusert tid til FoU.

– Men det har vore store forskjellar på forskingstida til tilsette i Nesna, Levanger og Bodø, og etter fusjonen har det vore viktig å finne fram til rettferdige og transparente reglar, slik at alle veit kva dei skal rette seg etter, seier Langejan.

Ho seier at Forskerforbundet etterlyser tydelege og føreseielege kriterium.

– Dei som har brukt tida si til forsking, må kunne vere trygge på å få fortsette og ikkje få tildelt mindre tid, seier ho.

Dekan Solli seier at arbeidsvilkåra er grundig drøfta med fagforeiningane ved universitetet og er no nedfelte i eit skriftleg dokument.

  • Les også: