Forskingas breiddeidrett
LUKK

Folkeforsking:

Forskingas breiddeidrett

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. desember 2023 kl. 12:15

Folkeforsking er meir utbreidd i Noreg enn venta, ifølgje ei ny undersøking. Forskingsrådet vil utvikle vanlege folks forsking vidare.

– Det som nok har overraska mest, er at det går føre seg fleire folkeforskingsaktivitetar, i fleire sektorar, enn vi trudde. Og fleire driv med meir enn berre datainnsamling, seier spesialrådgjevar Thomas Evensen i Forskingsrådet.

Internasjonal forskingspolitikk går i retning av meir open forsking, der kunnskap skal delast på tvers av fagmiljø og samfunnssektorar. Folkeforsking («citizen science»), altså involvering av folk utanfor forskingsmiljøa i forskingsaktivitetar, er eit element i denne utviklinga. Folkeforsking er ikkje nytt, til dømes har folk flest lenge kunna rapportere inn observasjonar av plantar og dyr til Artsdatabanken, men det er blitt meir sentralt i forskingspolitikken med tida. Sidan 2021 har Forskingsrådet koordinert eit nasjonalt nettverk for folkeforsking, der interesserte aktørar har kunna utveksle erfaringar. Men mange har sakna praktisk informasjon og gode døme. Kartlegginga er eit første steg mot å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag.

Vanlege folks tur
Les også:
Vanlege folks tur

Ikkje berre ved universiteta

Ein del av kartlegginga var ei spørjeundersøking som vart send ut til alle ein kunne kome på, med oppmoding om å dele invitasjonen vidare. 40 prosent av dei nesten 300 respondentane oppgav at dei sjølve var involverte i folkeforsking. Overraskande nok var dei færraste av desse tilknytte universitet og høgskular. 56 prosent arbeidde i forvalting, interesseorganisasjonar og stiftingar.

Evensen meiner ei mogleg tolking kan vere at folkeforsking er mindre toppstyrt enn mange har tenkt.

– Det finst ei førestilling om at folkeforsking er eit påfunn frå EU for å engasjere folk og løyse alle legitimitetsproblem i forskinga. Kartlegginga tyder på at fleire aktørar har starta opp på eigen kjøl og prøver det ut, kanskje utan at dei nødvendigvis kallar det folkeforsking, seier han.

Meir enn datainnsamling

I undersøkinga skil ein mellom ulike nivå av folkeforsking. Det mest grunnleggjande nivået er datainnsamling, der forskarar engasjerer frivillige til å hjelpe seg med til dømes å telje fuglar i hagen eller måle luftforureining i nabolaget. Det mest avanserte nivået er «ekstrem folkeforsking», der publikum deltek i heile prosessen frå å utvikle forskingsspørsmål og metode, via datainnsamling, til analyse og formidling av resultata. På førehand venta ein at dei fleste prosjekta gjekk ut på å be frivillige om hjelp til datainnsamling.

– Men overraskande mange svarte at dei dreiv «deltakande forsking»; frivillige deltek altså både i datainnsamling og i å utvikle forskingsspørsmål, seier Evensen.

Sidan det ikkje finst noka oversikt over aktørar som driv folkeforsking i Noreg, er det vanskeleg å vite om dei som har svart på undersøkinga, utgjer eit representativt utval.

– Så ein skal vere forsiktig med å overtolke resultata. At eit fleirtal svarar at dei driv med meir enn berre datainnsamling, er likevel overraskande, seier Evensen.

Kommunalt verktøy

I rapporten skriv Forskingsrådet at folkeforsking bør utviklast vidare for at ein skal få utnytta potensialet. Til dømes kan kommunar få mykje ut av folkeforsking som éin av fleire måtar å involvere innbyggjarane i kommunale prosessar på, særleg fordi kommunane har mykje av ansvaret for å følgje opp FNs berekraftsmål. I Kristiansand har kommunen brukt folkeforsking til å kartleggje luftkvalitet gjennom forskingsprosjektet NordicPATH, som nett er avslutta (sjå faktaboks). Forskings- og innovasjonsrådgjevar Solvor B. Stølevik i Kristiansand vonar å kunne bruke folkeforsking på fleire område framover.

– Kommunen var allereie i gang med å teste ut sensorar for å måle luftforureining då vi fekk spørsmål om vi ville delta i prosjektet. Utgangspunktet vårt var at dette kunne vere eit fint høve til å få utplassert mange fleire sensorar og sjå korleis vi som kommune kunne dra nytte av den informasjonen, seier ho.

Gjennom prosjektet vart innbyggjarar i kommunen inviterte til å montere sensorar på bustadene sine for å kartleggje korleis vedfyring påverkar luftkvaliteten.

– Men ei anna viktig side ved prosjektet var å finne ut korleis vi kan bruke folkeforsking til å engasjere og bevisstgjere innbyggjarane og diskutere gode løysingar for å redusere luftforureining. Så vi har prøvd å kople deltakarar frå prosjektet på ulike prosessar vi har gåande i kommunen, seier Stølevik.

Folkeforsking i praksis

I tillegg til meir kunnskap om luftkvalitet har kommunen lært noko om å rekruttere og engasjere innbyggjarar i forsking.

– Ein del av prosjektet har vore å diskutere korleis vi kan nå ut med informasjon til alle. Vi har hatt fysiske og digitale arrangement, spørjeundersøkingar, nyhendesaker på nettsidene til kommunen, nyhendebrev, og innlegg på sosiale medium, seier ho.

Erfaringa er at det er lett å få folk til å delta i nettbaserte spørjeundersøkingar, og mange har vore interesserte i å ha ein sensor heime hos seg.

– Men å få folk til å møte opp fysisk er meir krevjande. Kanskje bør vi bli flinkare til å bruke skular og barnehagar som arena for å setje fokus på tema vi meiner er viktige for utviklinga i kommunen. Og vi bør nok også prøve å vere meir ute i bydelane for å møte folk, seier Stølevik.

Thomas Evensen i Forskingsrådet fortel at ein ønskjer å stimulere utviklinga av folkeforsking i Noreg ved å spreie resultata frå kartlegginga og skape fleire møteplassar. Tidlegare i år utlyste Forskingsrådet midlar til nettverks- og kompetansebygging for folkeforsking.

– Mange aktørar er svært medvitne om metodeutvikling og kva for utfordringar og problemstillingar ein må tenkje på. Kan vi få til meir deling av den kunnskapen, særleg no når folkeforsking blir meir brukt i forvalting og i frivillige organisasjonar, er det bra, seier han.

  • Les også: