Gjennombrott for museumsforskinga

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. mars 2018

Endeleg kan forskinga ved arkiv, bibliotek og museum bli registrert i Cristin.

– Dette er ein siger for museumsforskinga, seier Birgitte Sauge, seniorkurator ved Nasjonalmuseet for kunst, design og arkitektur. Ho er ein av dei som har gått i bresjen for at musea skal kunne registrere forskinga i forskingsinformasjonssystemet Cristin.

Fram til no har det stort sett vore institusjonar som høyrer inn under den resultatbaserte omfordelingsordninga (RBO) til Kunnskapsdepartementet (KD) og Helse og omsorgsdepartementet, som har rapportert inn forsking til Cristin-systemet. Men i fjor kom stortingsmeldinga om humaniora, og der heiter det at regjeringa vil legge til rette for at forsking og andre relevante aktivitetar i arkiv, bibliotek og museum (ABM) kan bli registrerte i Cristin.

Og no er det løyvd pengar til dette over statsbudsjettet. 

– På høg tid  

Sauge har tidlegare vore aktiv i forskingsseksjonen i Museumsforbundet, og er svært glad for at saka endeleg ser ut til å ha vunne fram.

Nasjonalmuseet er det einaste museet i ABM-sektoren som i nokre år har fått registrere forskinga si i Cristin-systemet.

– Dette vil gjere forskinga meir synleg, seier Birgitte Sauge. Foto: Anne H. Jarre/Nasjonalmuseet

– Det er på høg tid at også andre museum no får høve til å gjere det same. Ved å registrere forskinga i Cristin får musea synleggjort forskingsaktiviteten og forskingsresultata, og forskarane kan bli del av eit forskingsfellesskap. Det er viktig å kunne delta på den same arenaen som forskarar ved andre institusjonar. Eg trur dette også kan føre til at musea kan bli meir bevisste på eigen forskingsaktivitet, seier Sauge.

Vil bli meir synleg

Også generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet har i mange år kjempa for at museumsforskinga skal bli registrert i Cristin-systemet.

– Men kvifor er denne saka så viktig?

– Fordi registreringa vil gjere forskinga i sektoren meir synleg, både for andre forskarar og for styresmaktene. Her vil forskarar utanfor musea også kunne finne aktuelle samarbeidspartnarar, seier Ramskjær.

Ho meiner det no blir viktig at så mange museum som mogleg vil prioritere forsking.

– Musea må også bli flinkare til å registrere ulike forskings- og utviklingsarbeid, som populærvitskaplege artiklar, foredrag og museumsutstillingar – i tillegg til vitskapelege artiklar, seier ho.

– Bør musea bli ein del av teljekantsystemet?

– Det viktigaste er å få forskinga registrert, men om publisering kan føre til at institusjonane får tilbake midlar, vil det kunne styrke forskingsarbeidet ved musea. Eit teljekantsystem kan vere eit insentiv til å prioritere forsking, seier ho.

Fakta

Cristin

Current Research Information System In Norway

– er eit nasjonalt system for forskingsinformasjon og registrering av forskingsaktivitet i helsesektoren, instituttsektoren og universitets- og høgskulesektoren

– er frå 1. januar 2018 ein del av Kunnskapsdepartementets tenesteorgan

Ingen teljekantar enno

Men førebels er det ikkje planen at musea skal bli del av RBO.

– Det er berre snakk om å registrere forskinga i systemet, seier Katrine Weisteen Bjerde i Cristin.

Ho fortel at dei enno ikkje er heilt klare til å innlemme musea.

– Det vil ta tid å planlegge dette, og vi må bli betre kjende med musea. Vi skal bruke dette året til å snakke med musea, Kulturdepartementet og Kulturrådet om korleis vi skal gjere det.

Bjerde fortel at ein heilt ny versjon av Cristin er under arbeid, og at dei difor vil vente med å ta inn ABM-institusjonane inntil den nye versjonen for registrering av forskingsresultat er klar.

– Planen er at musea skal begynne å registrere forskinga frå mai 2019. Spørsmålet er også kor mange av musea som har så mange vitskapleg tilsette at det er verdt jobben. Det er ein del arbeid med å registrere i Cristin.

– På kva måte?

­– Det tek litt tid å registrere forskinga, og institusjonane må ha ein kontaktperson som kan gje rettleiing til vitskapleg tilsette, seier ho.

– Ein stor fordel    

Forskarar ved Arkivverket og Nasjonalbiblioteket vil også kunne registrere forskinga si i Cristin. Espen Karlsen er forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Han er svært aktiv som forskar og publiserer mykje.

– Tidlegare har eg jobba ein del i universitetssystemet, og då hadde eg oversikt over all produksjonen min. Eg har i grunnen sakna dette, seier Karlsen.

Han synest det er bra at det no blir mogleg å få ei oversikt over all ABM-forskinga.

– Cristin er jo svært synleg i det norske forskingssystemet, og dette er ein stor fordel for oss forskarar, seier Karlsen.

  • Les mer: