Språk: Har universitetet vorte «skulen» og førelesaren «lærar»?
LUKK

Språk: Har universitetet vorte «skulen» og førelesaren «lærar»?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 30. august 2021 kl. 15:22

Heiter det «lærar», «undervisar» eller «førelesar» på universitetet?

Forskerforum trykte for eit par år sidan innlegget «Derfor kaller jeg meg ikkje for ‘lærer’». Der skeiv Jörn Klein, som då var fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg, at studentane ofte kalla han lærar. Mange kollegaer kunne òg bruke ordet om seg sjølve. Klein meinte at ordet lærar har eit sett av konnotasjonar som ikkje passar ved universiteta. For studentane er vaksne, og no må dei ta ansvar sjølve.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

– Har lærar-ordet vorte vanleg i høgare utdanning?

Kristiansen: Eg har ikkje opplevd dette i same grad, så eg vart noko overraska. Men eg har høyrt mykje bruk av «elevar» i staden for «studentar», gjerne frå studentane sjølve, og slik sett går det saman. Eg har aldri tenkt at eg skulle kalle meg lærar, i den samanhengen er eg førelesar. Lærar er definert som noko heilt anna. Eg har ikkje gått i djupna på pedagogikk og didaktikk som lærarar har.

– Medan ein førelesar kan det faglege betre?

Kristiansen: Det spørst kva ein meiner med fagleg. Lærarar har kanskje ikkje same djupn i faget ein underviser i. Førelesarar har studert lengre og djupare enn lærarar i grunnskulen.

Våge: Lærar er for meg eit framandt ord ved universitet og høgskular. Eg stussa over at medstudentar på 2000-talet kalla universitetet skule. Skulen og universitetet er åtskilde språkbruksarenaer, men ordet smitta vel over ettersom elevar har vorte studentar. Elles kan den nye bruken henge saman med at pedagogikken i høgare utdanning er endra. At studenten skal vere i fokus, minner noko om korleis ein ser på elevar i vidaregåande skule.

Kristiansen: Då eg studerte ved Universitetet i Bergen, kunne «lærar» verte brukt – ikkje om fyrsteamanuensane og professorane, men om til dømes gruppe- eller timelærarar. Dette var gjerne studentar som hadde kome lengre i løpet enn oss sjølve eller lærarar i vidaregåande skule som òg hadde timar ved UiB.

Våge: Dersom vi tenkjer på «undervisar» som overbegrepet, kan alle desse funksjonane – førelesar, gruppelærar, timelærar osb. vere underbegrep.

Kristiansen: Ein førelesar heldt opphavleg førelesingar, foredrag over vitskapleg tema. No har ein endeleg prøvd å få til andre former for læring i høgare utdanning og arbeider meir som pedagogiske lærarar gjer. Dermed har ordet «førelesar» kome under press, og endå meir ettersom ein måtte tilpasse seg til fjernundervising under korona.

Våge: Ah, det studentorienterte har sine fordelar! Eg hugsar korleis nokre førelesarar kunne lese opp det same frå ein bunke gulna ark.

Les også: «Korleis kunne ein ende opp med det hjelpelause namnet Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet?»

– De peikar på at studentane, som altså har vore elevar, har teke med seg ordet «lærar» vidare i løpet. Men studentar har vore tidlegare elevar før òg. Kan ikkje det at høgare utdanning har vorte ei masseutdanning best forklåre bruken av ordet?

Våge: Eg er ikkje heilt med på det. På 1980-talet var det òg masse studentar utan at denne endringa kom.

– At lærar-ordet har kome inn sidan undervisinga har endra seg, slik at det dermed passar betre – det smakar for meg av etterrasjonalisering?

Våge: Eg meiner ikkje at nemninga lærar i høgare utdanning har kome intensjonelt, men tettare kontakt med studentane kan nok dels forklåre den nye utbreiinga av ordet.

Kristiansen: Eg reagerer på bruk av «lærar» i høgare utdanning sidan det kan bere med seg ei misforståing av kva ein skal levere. Og det eg liker minst er at studentane skal tenkje på seg som elevar som spør om kva som er «leksa», for det spørsmålet har eg fått. Dersom undervisinga skal verte vellykka, er det viktig at dei kjem med ein eigeninnsats.

– Å ikkje ville verte omtalt som lærar, kan det òg henge saman med at ein er redd for statustap?

Våge: Motstanden kjem ikkje nødvendigvis av at ein vert nedvurdert, men heller at pakten med studenten vert utydeleg. Dette vokabularet frå vidaregåande skule kan skape misforståingar om kven som har ansvaret for læringa.

– Den amerikanske professoren Keith M. Parsons skreiv i Huffington post: «First, I am your professor, not your teacher. There is a difference. (…) It is no part of my job to make you learn. At university, learning is your job — and yours alone. My job is to lead you to the fountain of knowledge. Whether you drink deeply or only gargle is entirely up to you. » Er det dette du meiner?

Våge: Det er sterkt sagt, men det er dette eg tenkjer på.

– Skal vi oppsummere med at de føretrekkjer førelesar framfor lærar?

Våge: «Undervisar» er for meg eigna som eit meir allment overbegrep, men det er likevel framandt å snakke om «undervisaren min». Som underbegrep vil eg slå eit slag for «førelesar». Begrepet bør vere fleksibelt nok til å tole at det tek opp i seg andre former for undervising enn den tradisjonelle førelesinga.

Kristiansen: Eg òg lever godt med «førelesar» og tykkjer det berre er flott at ordet kan romme meir enn nokon som held foredrag. Det er mogeleg at han tulla altså, men kan eg fortelje noko? Ein gong for lenge sidan var eg på kino og fekk auga på ein av studentane, ein høg kar, i vestibylen. Gjett kva han sa?

«Å, der er frøken.»