Open tilgang blir eit krav
LUKK

Open tilgang blir eit krav

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 3. februar 2014 kl. 08:00

Tidsskrift som mottek publiseringsstøtte frå Forskingsrådet, må no gje open tilgang til innhaldet.

open-tilgang-blir-eit-krav


– Vi vonar at redaksjonane startar omlegginga allereie no, seier Johannes Løvhaug.

Fakta
<

Forskingsrådet har varsla endringar i publiseringsstøtten for nasjonale vitskaplege tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Endringane trer i kraft frå 2017.

– Dei fleste av tidsskrifta som kjem inn under Forskingsrådet si støttetordning for publisering, baserer seg i tillegg på abonnementsinntekter. Ein overgang til open tilgang vil seie at dei må finne løysingar for å kompensere for bortfall av abonnementsinntektene, og vi ser at mange av dei treng tid på seg til å finne berekraftige modellar. Difor har vi valt ei overgangsperiode på tre år, seier seniorrådgjevar Johannes Waage Løvhaug i Forskingsrådet.

Får støtte til omlegging

Støtteordninga for publisering av humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking – som i stor grad skjer på norsk – har vore revidert fleire gonger. Også i dag kan tidsskrift søke om støtte til å publisere med open tilgang, men i framtida vil dette altså bli eit krav.

– Vi tilbyr eingongsstøtte for tidsskrift som vil jobbe med å legge om til elektronisk publisering med open tilgang, og vi vonar at redaksjonane tek til seg signala og startar arbeidet med omlegging allereie no, seier Løvhaug.

For å ha rett til støtte, må tidsskriftet vere registrert på nivå 1 eller 2 i Universitets- og høgskulerådet si liste over godkjente vitskaplege publiseringskanalar. I overgangsperioden vil Forskingsrådet ha ein dialog med institusjonar og utgjevarar om å finne eigna finansieringsmodellar.

– Artikkelavgift er eit openbert alternativ, og alle universiteta har i dag eigne publiseringsfond for å dekke slike avgifter. Men vi vil også sjå om der er moglegheit for andre ordningar, fortel Løvhaug.

Kjøper tilgang

Samstundes arbeider Forskingsrådet med å revidere dei overordna retningslinene for open tilgang, ikkje berre innanfor humaniora og samfunnsvitskap, men for alle prosjekt som får finanisering frå Forskingsrådet.  I dag er kravet at forskinga i den grad det er mogleg skal gjerast ope tilgjengeleg gjennom den «grøne vegen», altså eigenarkivering i institusjonsarkiv. Ei rekkje tidsskriftforlag tillet slik eigenarkivering, men det er store variasjonar i kor lenge ein må vente før artikkelen kan gjerast tilgjengeleg, og kva for versjon av artikkelen som kan arkiverast. 

Artikkelavgift er eit openbert alternativ.

I somme tilfelle må retten til å gjere artikkelen ope tilgjengeleg kjøpast frå forlaget, såkalla hybridpublisering. Universitetet i Bergen er einaste institusjon som støttar hybridpublisering gjennom sitt publiseringsfond. I den siste forskingsmeldinga er open tilgang til forskingsresultat eit overordna mål, og Forskingsrådet er no midt i ein prosess med å finne ordningar som skal stimulere til publisering med open tilgang.

Bøker på vent

Førebels gjeld kravet om open tilgang til humaniora og samfunnsvitskap berre for tidsskrift. Forskingsrådet støttar også publisering av bøker, men krev enno ikkje open tilgang til slike.

– Det vil vere naturleg å sjå på open tilgang til monografiar og antologiar etter kvart, men utviklinga ligg litt etter utviklinga hos tidsskrifta. Difor prioriterer vi tidsskrift og arbeidet med ein overordna politikk for open tilgang no, seier Løvhaug.