Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Debatt

«Råkøyret er eit tap av kontroll over eigen arbeidssituasjon»

I vinter peika redaksjonen i Forskeforum ut råkøyret i akademia som eit hovudtema for oss i tida framover.

Ordvalet er henta frå ei stor sak vi publiserte i mars, «Nok av råkjøret». Saka handlar om vitskapleg tilsette som over tid har hatt så stort press at dei har slutta. Den lange lista over konkurrerande oppgåver kan i lengda gå ut over både helse og trivsel, og for nokre verte uhåndterleg.

Råkøyret er eit tap av kontroll over eigen arbeidssituasjon. Tapet har fleire dimensjonar, som kjem til uttrykk i andre saker og innlegg i Forskerforum. Ein av fellesnemnarane vi finn i kritikken av utviklinga i akademia, er at forskarane mistar definisjonsmakt over kva som er viktig forsking og kunnskap. Ein annan er nyliberalismens klamme hand over både økonomi og språk. Cecilia S. Salinas, tidlegare personalleiar ved eit universitet, formulerte det slik i eit innlegg: «På tross av mine overbevisninger har jeg hørt meg selv si den nå forslitte, nesten komiske setningen: ‘Strammere budsjett betyr ikke tapt kvalitet! Vi må bare jobbe smartere!’».

Vi i Forskerforum vil gjerne skrive smartare og stadig meir opplyst. Send oss gjerne framlegg til korleis vi kan utvikle dekninga vidare! Vi set òg stor pris på debattinnlegg – send gjerne til kjetil.brottveit@forskerforum.no

Ein pandemi er altfor lite til å utrydde temaet.

Les meir om råkøyret i akademia her:

Hvem sikrer Norges kunnskapsberedskap når satsingene tar slutt?

Å vise hva KI kan, er ikke å oppfordre til juks

Problematisk håndbok i kunstig intelligens

Slik jobber Forskerforbundet med KI

Norsk forskning og akademia trenger mer enn engelsk

Planøkonomi i høgare utdanning

Det som ga deg lederjobben, blir trolig det som feller deg

Det kan høres paradoksalt ut når jeg argumenterer for mer politisk styring. Men kanskje er det nettopp det vi trenger.

Lukk meny